Hero image

Opplevingar

Hero image

Aasheim rorbuer

Eldbjørg og Paul Jørs ønskjer velkomen til Aasheim Rorbuer. Me tilbyr 4 rorbuer m. alle fasilitetar for at di fritid skal bli vellykket. Her finner du ro i sjela, og eit ypperleg utgangspunkt for såvel fisketurar som avslapping og naturopplevelsar, med 1000 holmar og øyer innan rekkevidde.

Taggar / Nøkkelord
Mækjebakken
Fjordtun
fiskelykke
Hero image

Aktivitetsanlegg ved Hillestveit skule

Hillestveit skule ligg på Langevåg, heilt sør i Bømlo kommune. Skulen har eit fint uteområde, med mange kjekke leikeapparat for born.

Kategoriar
leikeplass
Taggar / Nøkkelord
skule
Hero image

Alvsvågvatnet

Ved Alvsvågvatnet er det ein flott opparbeida badeplass med sandstrand, hoppetårn, stupebrett og rampe.

Kategoriar
badeplass
Taggar / Nøkkelord
vatn
stupebrett
strand
hoppetårn
Hero image

Åreiddalen

I Åreiddalen finn du kai, badestrand og grasslette, grillstader og toalett, samt fine forhold for fiske og bærplukking. Vil du til topps på Siggjo (474 moh), eit av dei fineste utsiktspunktene og mest kjente seilingsmerkene langs kysten, kan Åreiddalen være et godt utgangspunkt.

Kategoriar
badeplass
kajakk
båtfeste
Taggar / Nøkkelord
wc
kai
fiskeplass
strand
Hero image

Austnes (Austnespynten)

Turområdet ligg nordaustvendt mot Bømlafjorden, og ligg i eit variert og kupert terreng. Rundløypa går blant anna via svaberg, lyng og myr. Området har eit rikt planteliv. Ein går langs fleire strender. I nokre av dei kan du ta deg ein dukkert om du vil. Langs løypa passerar du og ein kolerakyrkjegard. På det høgaste punktet i denne rundløypa kan du nyta utsikt til Sunnhordlands-landskapet i mest 360`grader. Parker ved Gruveparken, og gå inn Breivikevegen til endes. Der vil du finne skilt vidare - god tur!

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
rundløype
utsiktsplass
strender
rasteplass
fottur
Hero image

Austre grunnavågen til Samnungsøy

Langgrunn strand inst i vågen. Der kan dei yngste fanga krabbar, reker og småfisk. På stranda er det fint å koma inn med kajakk. Litt lenger ute er det fine svaberg. Hald midt i sundet når du går inn i vågen. Det er ei grunne på kvar side. Det er sett opp fortøyningsboltar. Hald strand og svaberg reine og ta med boset heim, så er alle nøgde.

Kategoriar
badeplass
kajakk
Taggar / Nøkkelord
strand
svaberg
Hero image

Avfallshandsaming i Bømlo kommune

Det er satt ut fleire hyttekontainarar, og stasjonar for retur av glas og metall over heile kommunen. Lenka under viser informasjon om kor du finn desse kontainerane. For anna avfall, inkludert tøming av bubilar, må ein til miljøsentralen i Hollundsdalen.

Kategoriar
boss
Taggar / Nøkkelord
hytteavfall
bubiltøming
Hero image

Baadehuset

Baadehuset, eit handelshus frå 1850-talet i Espevær, reist i ei historisk viktig tid langs kysten då vårsildfisket sørgde for store inntekter til landet. Administrasjonssentrum for fiskeriet i sørvest. Huset framstår originalt og er utstyrt med tidsrette møblar og utstyr. Skulestove – fiskeloft - bustadrom – peisestove, møbler og utstyr frå Espevær. Formidling av historia via videoframvising. Fast opningstid i sommarsesongen og sal av kaffi, te, is, brus, kort m.m. Andre opningstider iht. avtale. «Baades kjøkken» kan leigast som festlokale. For å koma til Baadehuset må ein ta kabelferja frå Garvika over Norda Sundet. Ferja er sertifisert for 4 vaksne og kostar 20 kr. Alle norske myntar kan brukast.

Kategoriar
historisk
museum
Taggar / Nøkkelord
espevær
kafe
sommarkafe
handel
sild
Hero image

Badeplass ved Foldrøyvatnet

Ved Foldrøyvatnet er det ein populær badeplass med brygge, sandstrand og to stupeplattformer. Det går ein grussti frå parkeringsplassen bort til badeplassen.

Kategoriar
badeplass
Taggar / Nøkkelord
vatn
brygge
sandstrand
kano
Hero image

Ballbinge på Foldrøy

På skuleplassen til Foldrøy skule finn du ballbinge. I same område finn du også petangue-banar, klatrestativ, reiler, benker og andre leikeapparat - litt for ein kvar smak.

Kategoriar
aktivitet
Taggar / Nøkkelord
ballbinge
Hero image

Ballbinge på Nese

Nesse gardslag sin ballbinge. Fin plass for fotball. Også høve for korgball.

Kategoriar
aktivitet
Taggar / Nøkkelord
ballbinge
Hero image

Barmane

På vestsida av Goddo finner du den lille fjorden Barmane. Innerst i Barmane finner du et idyllisk friluftslivs- og turområde med flytebrygger og rasteplasser i strandsonen. Her er fint å overnatte, både i båten eller i telt på land, her er fint å gå tur i området rundt, bade, og ikkje minst fiske frå land.

Kategoriar
båtfeste
badeplass
Taggar / Nøkkelord
fiskeplass
brygge
bading
Hero image

Baståsen

Denne løypa blir også kalla John's Track. Løypa er ei ringløype som går frå parkeringsplassen i Folderøydalen, opp til Baståsen, nesten til Sætre og tilbake til Folderøy og følgjer hovudvegen tilbake til Folderøydalen. Løypa går delvis langs gamle gongstiar, men og langs nyare traktorvegar. Du kan starte frå saga i Mækjebakken, ved Ekornsætre, Sætre, Foldrøy eller Oldereid. Det vart lenge bygd robåtar i Baståsen, og desse vart dregne med hest til sjøen ved Mækjebakken. Det blei og sagt at kona på plassen gjekk frå Baståsen til Åreiddalen med mat til husbonden kvar dag då han arbeidde på saga der. Løypa er godt merka og vedlikeholdt av "Gutta på tur".

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
rundløype
rastebenk
Hero image

Benkjaneset

Den litle bautasteinen på Benkjaneset er ein kjend "selfie-stad" med utsikt til fyret på Aksteinsholmen og vidare vestover mot Måksteinen. Benkjaneset ligg nordvest for Bukkavikjo. Begge stader er del av Neseløypo. Mange likar å gå tur i denne løypa. Har du med deg hund på tur, skal han vera i band alltid. Området er innmark og det går sauer der året rundt. Hundeposer og anna bos tek turgåarane med seg heim. Parkering ved ballbingen på Nese.

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
selfie
bauta
neseløypa
Hero image

Bergesfjellet

Frå riksveg 541, Vika, fylgjer ein skilt merka "Berge". Det går bilveg fram til Bergehuset på Berge, ein strekning på ca. 0,5 km. Frå Bergehuset går merka sti opp på fjellet. Flott utsiktspunkt på toppen av Bergesfjellet. Skilt merka "Bergesfjellet" syner lettaste vegen. Tek du turen ein klar haustdag, kan du skua utover havet i vest, Sveio over Bømlafjorden i aust, kanskje sjå Steinsfjellet (Haugesund) i sør og Siggjo i nord.

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
utsiktspunkt
Hero image

Bergesfjellet - Bergeseidet - Tollevika - Andal

Turen startar på Berge, ein gard ved foten av Bergesfjellet, med tilkomst frå rv. 541 ved ein gravplass på Vika. Her står vegskiltet Berge. Sidevegen går i nordaustleg retning ca 1/2 km til ein stor p-plass. Turen tar om lag 2,5t og enkelte parti er litt krevjande. Turen går over fjell, langs traktor-/skogsveg, sti, lyng og skog. Ein får utsikt frå Bergesfjellet, og det er laga til ein rasteplass på Bergeseidet.

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
turløype
rasteplass
utkikkspunkt
Hero image

Bjørndalsfjellet

Parker ved Rolvsnes Skule. Her kan du gå rundløype på merka sti til Bjørndalsfjellet. Du kan også gå 250 meter på bilveien mot Rubbestadneset og ta av på merka sti på venstre side av veien eller du kan gå på merka sti frå austsida av Rolvsnes Skule.

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
fottur
rundløype
Hero image

Blia-monumentet

På den finaste staden det går an å plassere ein minnestein står Blia-monumentet. Omkransa av Bremnes kyrkje og Storavatnet, grøne bakkar og fine lauvtrær står monumentet der høgreist og fin med namna på 3 kvinner og 40 menn som var om bord i M/K "Blia" da den la ut frå Øklandsvågen 11. november 1941 på den skjebnesvangre turen over Nordsjøen.

Kategoriar
historisk
Taggar / Nøkkelord
2. verdskrig
minnesmerke
blia
Hero image

BMX-løype / sykkelbane

Mellom gapahuken ved den gamle skulen på Meling og Meling bedehus, finn ein ei kjekk lita sykkelløype for dei minste. Best med BMX-sykkel, men går heilt fint med sparkesykkel òg.

Kategoriar
aktivitet
Taggar / Nøkkelord
gapahuk
bmx
sparkesykkel
sykkel
Hero image

Bømlo folkebibliotek

Bømlo folkebibliotek er eit bibliotek med 3 filialar og eit hovudbibliotek. Hovudbiblioteket ligg i fantastisk nye, flotte lokaler i Bømlo kulturhus. Filialane våre finn du på Våge skule, Moster skule og Hillestveit skule. Velkomen!

Kategoriar
bibliotek
Taggar / Nøkkelord
leselyst
bøker
møterom
lesekrok
Hero image

Bømlo gamle kyrkje

Byggeår: 1621 Stad: Vorland, Søra Bømlo Sitjeplassar: 150 Verd å sjå: Altertavle måla av Johan Holme 1885, preikestol frå 1885.Den aller første kyrkja på søre Bømlo har truleg stått i Eidesmarkjo. Segna fortel at tømmeret som skulle brukast til å vøla denne kyrkja, vart flytta til Vorland av overnaturlege krefter ei natt. Difor vart det bestemt at kyrkja skulle byggjast der. Sidan mellomaldaren har Bømlo kyrkje stått på Vorland, og denne kyrkja er nemnd første gong i 1360. Kyrkja vart riven i 1620, og ei ny bygd i 1621. Kyrkja er seinare vølt og påbygd fleire gonger, seinast i 1951.

Kategoriar
kyrkje
Taggar / Nøkkelord
kyrkje
Hero image

Bømlo kino

Bømlo kino ligg i kulturhuset på Bømlo. Her kan du oppleve storfilmane frå komfortable kinoseter. Kinoen er digital og har premierar på linje med resten av landet. Kinokiosken er open ein time før fyrste framsyning, her kan du kjøpe nypoppa popkorn og populært kinosnop.

Kategoriar
aktivitet
kino
Taggar / Nøkkelord
kino
Hero image

Bømlo Kulturhus

Bømlo kulturhus ligg vakkert til like ved Storavatnet og Bliaparken i kommunesenteret på Bømlo. I kulturhuset finn du kulturscene med konsertar og teater, kino, bibliotek, kafe, utstilling, øvingslokaler og møterom. I sommarmånadane finn du turistinformasjonen her, og når du besøker kulturhuset kan du nytte internett, toalettfasilitetar, oppleve kunstutstilling samt lese aviser og låne bøker. Turistvertane kan gje deg tips om andre reisemål i distriktet. Kafeen serverer lunsj og middag i opningstidene og kinoen har faste filmvisningar gjennom sommaren.

Taggar / Nøkkelord
kino
bibliotek
kiosk
turistinfo
mat
Hero image

Bømlo kyrkje

Byggeår: 1960 Stad: Søre Bømlo Sitjeplassar: 500 Arkitekt: A. Halvorsen Verd å sjå: Glasmåleri av B. Greve laga i 1959. Bømlo nye kyrkje vart bygd, grunna plassmangel, i den gamle kyrkja. Den nye kyrkja vart ført opp i mur.

Kategoriar
kyrkje
Taggar / Nøkkelord
kyrkje
Hero image

Bomlo leirduebane

!FOR TIDA ER DET KUN OPEN FOR MEDLEMMAR I BØMLO JFL! Banen er open for alle, nybyrjarar, jegere og erfarne skyttere. Målet er at alle skal kunne treffe noko, og ha ein fin opplevelse. Du treng ikkje skytetrening eller jegerprøven før du kjem, det er skytetrening banen er laga for. I normal åpningstid har me gratis utlånsvåpen du kan låne, samt me gir gratis grunninstruksjon, og hjelper deg så godt me kan for at du skal treffe. Ellers så tilbyr me utlån av banen til firma, organisasjoner eller arrangementer. Då stiller me med instruktører, samt kan lage eit opplegg som passer for akkurat dåke. Ta kontakt for priser.

Kategoriar
aktivitet
Taggar / Nøkkelord
leirdueskyting
Hero image

Bømlo Miljøsentral - SIM

Ein miljøsentral er det same som ein gjenvinningsstasjon. På miljøsentralen kan du levera avfall som du ikkje få plass til i bosdunken, eller som du ikkje har lov til å kasta der. Du må sjølv sortera avfallet ditt på miljøsentralen, men sentralen er organisert slik at sorteringa er enkel. Alt avfall som SIM får inn på miljøsentralane og som kan brukast om att, går til gjenvinning; anten som materialgjenvinning eller energigjenvinning.

Kategoriar
boss
Taggar / Nøkkelord
kompostjord
gjenvinning
miljøsentral
Hero image

Bømlo motocrossbane

Bømlo Motorsportklubb har ein flott motocrossbane på Bømlo. Den er tilgjengeleg for medlemmar. Om du ønskjer å bli medlem, følg med på facebook-sida til Bømlo Motorsportklubb, så kan du melde deg på ein prøvetur dei dagane dei er opne for det.

Kategoriar
aktivitet
Taggar / Nøkkelord
motocross
Hero image

Bømlo Skulemuseum

Bømlo Skulemuseum vart oppretta i 1999. Katla skule på Skinnhueneset vart bygd i 1900 og var i bruk fram til 1973. Det er den einaste skulen på Bømlo, som bortsett fra nødvendig vedlikehold, er uendra. Her kan ein få omvising kvar søndag i juli.

Kategoriar
museum
historisk
Taggar / Nøkkelord
skulemuseum
Hero image

Bømlo Sportsdykkere

Bømlo Sportsdykkere er ein dykkarklubb på Bømlo. Dei gjennomfører hyppige og flotte dykketurar i vakker natur - heile året. Dei har eige klubbhus og båtar, som medlemmar får tilgang til. Meir informasjon om medlemsskap og klubben på nettsidene deira.

Kategoriar
dykking
Taggar / Nøkkelord
dykkarutstyr
klubbhus
båt
Hero image

Bømlo symjehall

Bømlo symjehall er eit topp moderne svømmeanlegg på Svortland. Anlegget rommar eit standard konkurransebasseng (25 meter) med seks banar og stupetårn på ein, tre og fem meter. I tillegg har me opplæringsbasseng, badstue, kiosk og badebutikk.

Kategoriar
aktivitet
Taggar / Nøkkelord
symjing
bading
Hero image

Bømlo turistinformasjon

I juli finn du turistinformasjonen i Bømlo kulturhus, her kan du nytte internett, toalettfasilitetar, oppleve kunstutstilling samt lese aviser og låne bøker. Turistvertane kan gje deg tips om andre reisemål i distriktet. Kafeen serverer lunsj og middag i opningstidene og kinoen har faste filmvisningar gjennom sommaren.

Kategoriar
Turistinfo
Hero image

Brandastaken

For å komma til Brandastaken parkerer du bilen på rasteplassen til høgre like før Brandasundbrua. Då er det ein ca 2-300 meters spasertur i nordaustleg retning til Sildavikjo. Brandastaken kan best sjåast om du går nord eller sør langs vestre del av Sildavikjo. Uansett er Sildavikjo med eller utan stake verdt ei vitjing. I Sildavikjo hadde dei som hadde laksanot nordom landet færingane sine om sommaren. Då vart det ein kortare rotur ut i nøtene. I nordavind kunne det verta noko verhardt med båt der, men bakom ein liten holme i nordsta vikjo er det livd.

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
trollpikk
hav
brandasund
Hero image

Brandasund Kultur&Fritid

Kan hjelpa deg til å oppleva det som høver for deg vestalands Brandasund med meir. Ribturar, spektakulære badeturar, Slotterøy fyr, og andre opplevingar i og ved havet. Driv og utleige av kajakkar med meir - ta kontakt.

Kategoriar
Utstyrsleige
aktivitet
Hero image

Brandasundssåta

Heilt nord på Bømlo finn ein Brandasund. Når ein har kjørt over siste bru, kjem ein liten rasteplass, og her kan ein parkere og gå opp til Brandasundssåta. På uvêrsdagar kan ein sjå stormen som herjar på havet, om sommaren vakre solnedganger, og på godversdagar kan ein sjå heilt til Austevoll og Os. Brandasundssåta vart brukt som oberservasjonspunkt både under 1. og 2. verdskrig. Her er sauehald på vegen, så ha hunden i band, og følg merka sti som går vekk frå huset og det private området ved såta.

Kategoriar
tur
historisk
Taggar / Nøkkelord
havutsikt
panorama
1. og 2.verdskrig
Hero image

Breidvika badeplass

Denne fine badevika ligg i Mosterhamn. Nydeleg turområde! Langs løypa i Austnes finn du fleire strender. Flott utsikt mot Sunnhordland sitt flotte landskap.

Kategoriar
badeplass
Taggar / Nøkkelord
utsikt
idyll
strand
Hero image

Bremnes kyrkje

Bremnes kyrkje vart innvigt i 1869 og er teikna av arkitekt Nordan. I middelalderen sto det ei stavkyrkje på Bremnes, men den vart riven i 1689, då ei ny tømmerkyrkje, kalla Gåsland kyrkje, vart bygd. Denne kyrkja vart seinare erstatta av den noverande kyrkja, som er oppført i lafta plank, med utvendig liggande panel. Koret er i bindingsverk. Bremnes kyrkje er treskipa, med seks par smale stolpar som deler midtskip og sideskip. På kvar side av koret i aust er det sakristi, og i vest er det tårn over eit bredt våpenhus. Vindauga er store og spissgavlete. Kyrkja vart rehabilitert i samband med 100-årsjubileet, då blant anna koret vart forlenga og sakristi og tårnfot utvida. Innvendig er kyrkjerommet lyst, med tønnekvelva tak i midtskipet og flatt tak i sideskipa. I korets vindauge er det glasmåleri av G. Rognaldsen frå 1930-talet. Under ombygginga på 1960-talet vart galleriet forlenga austover, benkene fornya og ein korboge fjerna. Preikestolen frå 1860-talet er åttekanta og vert bore av ein åttekanta midtstolpe. Altertavla, som antakelig er måla av J. L. Losting, viser Jesu dåp etter forbilde av Tidemand og Nattverden etter Leonardo da Vincis måleri. I toppstykket kan ein sjå Krossfestinga, Oppstandinga og Himmelferda. Alterbildet er flankert av tre slanke joniske søyler som ber eit massivt toppstykke. Døypefonten, som er teikna av arkitekt Ole Halvorsen, er firkanta og laga av tre, og over heng ei lita, sølvbelagt due. Kjelder: Hoff, Anne Marta og Hans-Emil Lidén: Norges Kirker, Hordaland II, Oslo 2000

Kategoriar
kyrkje
Taggar / Nøkkelord
kyrkje
Hero image

Brømsund

Brømsund er målet på ein flott rundtur på Meling som går ut i havgapet. Her er det høve til å sjå digre jettegryter, på vinteren kan ein sjå havet som stormar, og på sommaren oppleve dei mest fantastiske solnedgongar. På turen attende i rundløypa finnes fleire små strender der ein kan leite etter krabbar. Ryktes også om rumpetroll når det er sesong. Anbefalar også ein tur når lyngen fargar løypa lilla. Parkering er i Melingsvåg.

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
jettegryter
strand
rumpetroll
havgap
lyng
Hero image

BUA Bømlo

BUA Bømlo er ein utstyrssentral der ein kan låne alt mogleg slags fritidsutstyr heilt gratis. Bua er open både for fastbuende og turistar. Her kan ein f,eks låne kajakk og dra på tur ut i holmane. Utstyret kan lånast i ei veke.

Kategoriar
Utstyrsleige
Taggar / Nøkkelord
utlån
sportsutstyr
friluftsutstyr
bærekraft
Hero image

Djupedalen

Djupedalen er ein offentleg badeplass i Urangsvågen. Her er ei flott og langgrunn strand med krabbar, sjøstjerner og andre skattar for dei minste, og moglegheitar for å hoppe og stupe for dei som er kome litt lengre i badelivet. På land er det eit fint tilrettelagt område der ein kan sitje og sole seg og drikke kaffi, og bord og benker for dei som likar det. Ein kan òg fiske frå land på nordsida av stranda. Nokre parkeringsplassar nede ved stranda, og nokre ved hytteavfalls-kontainerane like ved, og i stranda er det fint å komme seg ut på kajakktur. Fint om ein tenkjer at plassane nede ved stranda kan vere tilgjengelege til dei som er rørslehemma, slik at dei og lettare kan kome seg til stranda for eit bad om dei ønskjer.

Kategoriar
kajakk
badeplass
tur
Taggar / Nøkkelord
strand
fiskeplass
Hero image

Drageidet - Bismarsundet

Bismarsundet går mellom Goddo og Goddeholmen (Goddehesten). I 1877 stod Bismarsundskanalen ferdig. Den er 215 m lang og ca 2 m djup. På sørsida av Bismarsundet ligg ein fin badeplass. Det er ikkje strand, men ein kan hoppa uti. Ein vaksen vil kunne stå på skjelsandbotn. Rykte seier at det kan vere flyndrer å sjå. På nordsida inn til høgre er også ein flott badeplass med Svaberg.

Kategoriar
kanalane
kajakk
Taggar / Nøkkelord
kanal
kajakk
båtliv
Hero image

Dykking ved Dyrøya

Når du er på Bømlo kan du møte denne gode matfisken når du dykker. Bilde er frå tur til Dyrøya.

Kategoriar
dykking
Taggar / Nøkkelord
dyreliv
fiskar
Hero image

Dykking ved Geitung og Brattholmssundet

Ved Geitung og Brattholmsundet er det fint og dykke. Fin tareskog og sandbotn, dyreliv og kamskjell. Det tek omlag 10 - 15 min med 20 knops fart å komme hit frå Kulleseidkanalen og bua til Bømlo Sportsdykkere.

Kategoriar
dykking
Taggar / Nøkkelord
blekksprut
kamskjell
tare
sandbotn
Hero image

Dykking ved Hiskholmen

Dette bilde er frå tur til Hiskholmen og er ein Frynsesnegl. Her går det an å komme til med bil og parkere ved moloen og dykke. Her er sandbotn med vegg på begge sider.

Kategoriar
dykking
Taggar / Nøkkelord
veggdykk
sandbotn
Hero image

Dykking ved Hjartnesvågen

Dette bilde av Pigghå er frå tur til Hjartnesvågen. Her er ein flott plass med veggdykk, steinur og sandbotn med rikt liv i sjøen. Du han bruke båt frå Kulleseidskanalen 10-25 min med 20 knops fart.

Kategoriar
dykking
Taggar / Nøkkelord
sandbotn
steinur
veggdykk
Hero image

Dykking ved Skotningen

Dette bilde av Blåstål / Labrus mixtus er frå tur til Skotningen. Her er det store steinar som det går an å dykke under og det er ein flott tareskog om sommaren og mykje liv i sjøen. Her må det nyttast båt, og tid er ca 25 min frå Kulleseidkanalen.

Kategoriar
dykking
Taggar / Nøkkelord
steinar
tareskog
Hero image

Dykking ved Toska

Her er bilete av ein hummar frå tur til Toska. Her er ein flott plass med sandbotn, steinur og veggdykk. Store steinar som det går an å dykke under. Båttur ca 25 min frå Kulleseidkanalen.

Kategoriar
dykking
Taggar / Nøkkelord
veggdykk
steinur
sandbotn
Hero image

Dyrøya

Ei øy i Ådnanesosen med ei fin lita vik, der ein enkelt kan gå i land med kajakk eller båt.

Kategoriar
kajakk
badeplass
Taggar / Nøkkelord
vik
badestrand
øy
Hero image

Eidesvik motormuseum

Eidesvik motormuseum er en samling av gamle båtmotorer og annet skipsutstyr fra 1920 og frem til 1970 tallet. Sjå lenke nedanfor for meir informasjon og opningstider.

Kategoriar
museum
historisk
Taggar / Nøkkelord
wichmann
eidesvik
motor
Hero image

Ekornåsen

Kjør på gamle veien mellom Ekornsætre mot Foldrøy. Parker like aust for krysset på Ekornsætre. Liten utkjørsel på sørsida av veien (eventuelt ny parkplass rett oppanfor hovudvegen). Gå på grusvei heilt opp mot nye veien (542) og fortsett på skogsvei rundt Ekornåsen og vidare på sti opp mot toppen. Du kan gjerne fortsetja frå toppen på sti vest- og nordover og attende til bilen/parkeringsplassen Flott rundtur rundt Ekornåsen.

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
turløype
tårn
Hero image

Ereviksfjellet

Ereviksfjellet er ein flott utsiktstopp på Goddo. Kortaste vegen er frå stien like over Goddebrua. Du kan også gå frå Åno. Det er også ei fin rundløype via Barmane og attende til utgongspunktet. Løypene er godt merka på Goddo.

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
utsiktspunkt
Hero image

Eriksveggen

Ved Eriksvatnet ligg det berg som er godt eigna til klatring for klatrarar på ulike nivå, og utsikta er storslegen. På Eriksfeltet kan ein klatra med praktfull utsikt til storhavet. Her er høge bratte vegger for dei som likar det, og lågare berg til dei som likar buldring. To buldreruter er lagt til rette, med passe sprekker på kryss og tvers i 6-7 meters høgd.

Kategoriar
aktivitet
klatring
Taggar / Nøkkelord
solnedgong
buldring
Hero image

Erslandsvatnet

Ved Erslandsvatnet er det ein flott opparbeida badeplass med sandstrand, benkar og badebrygge.

Kategoriar
badeplass
Taggar / Nøkkelord
badebrygge
strand
Hero image

Espevær rundt

Turen er ein fin rundtur i marka, der ein går opp til Bedehuset midt på øya, og går vestover. Stien startar i enden av vegen langs ein hekk, og det er litt ulendt og gjerne litt vått i starten. Den merka turstien gjer ein rundt i utmarka der ein går forbi UFO-ringen, kjem til fine utkikspunkt og går forbi fine badeplassar. Stien endar etter kvart ved ein gamal gravplass, før ein kjem fram til busetnad igjen.

Kategoriar
tur
badeplass
Taggar / Nøkkelord
ufo
turløype
utkikkspunkt
Hero image

Fet

Bømlo Turlag har laga Gapahuk ved Raunevatnet i nærleiken av lysløypa og ved foten av Svortland / Mæland / Gilje marka. Dette er eit svært mykje nytta turområde i sentrum. Lysløypa er universal utforma og er tilgjengeleg for dei aller fleste. Løypa er godt merka og vedlikeholdt av Gutta på tur. Inne i Fet-løypa finn du også ei refleksløype, aktivitetspark for trening og tarzan-løype.

Kategoriar
tur
aktivitet
gapahuk
Taggar / Nøkkelord
refleksløype
treningsapparat
Hero image

Fiskeplass ved «Litlabruno» på Goddo

Ved Litlabruno på Goddevegen, er ein fin fiskeplass frå land, der ein kan få torsk, lyr, pale, sjøaure og makrell. Mogleg å parkere ved Kinnestraumen bru, som er litt lengre nord. Hugs å ta godt vare på kaien, skyll vekk eventuelle fiskerestar, og rydd opp etter deg før du går.

Taggar / Nøkkelord
fiskeplass
myggspray
smikka
Hero image

Flyktningehola på Samnungsøy

Hola på Samnungsøya, der motstandsmannen Laurits Klubben gøymde 4 ettersøkte menn i mai 1943. Legg til ved steinbryggja og ta turen opp til hola. Her finn du òg ein plakett med namn på flyktningane.

Kategoriar
historisk
tur
Taggar / Nøkkelord
gøymestad
2.verdskrig
Hero image

Fotballøkke

Ved Bømlo Folkehøgskule er det ei fin fotballøkke. Fotballøkka er plassert på eit lunt og fint område, med fint opparbeida parkområde like ved der ein kan slappe av, og ei lita klatreløype for dei minste. Det er parkeringsplassar på folkehøgskulen like ved.

Kategoriar
aktivitet
Taggar / Nøkkelord
klatring
fotball
Hero image

Fridtun - Anno 1845

Er det eldste bevarte samlingshuset i Noreg. Fridtun ligg like ved gjestehamna i Langevåg. Foto: @vakrebomlo

Kategoriar
historisk
Taggar / Nøkkelord
historie
forsamlingshus
Hero image

Frisbeegolfbane på Kulleseidkanalen

Vindkast Frisbeegolfklubb har laga til ein flott offisiell 18-hols bane på Kulleseidkanalen som møter standarden til dei beste banane i Noreg. Arealet er på kring 90 mål. Banen ligg i flotte naturlege omgivelsar. Banen er open for alle.

Kategoriar
aktivitet
Hero image

Furuneset badestrand

Furuneset finn du i Innværfjorden, like sør for Rubbestadneset. Dette er primært ein lokal badeplass, men her er også ei lita flytebrygge med nokre få gjesteplasser og god dybde. Fin plass å legge på veg med kajakk eller SUP, og flotte område å oppleve rundt.

Kategoriar
tur
badeplass
kajakk
båtfeste
Taggar / Nøkkelord
kano
volleyball
strand
bading
Hero image

Galleri Kristina Wilhelmina

Kristin Høyland er keramikkkunstnaren som flytta til Espevær for å oppleve ekte skaparglede. I sin kombinerte verkstad og galleri, kan du komme og sjå alle dei spanande menneskeuttrykka ho skapar i figurane ho tryller fram frå ein leirklump. For besøk til galleriet, ta kontakt med Kristina. Kontaktinformasjon i lenka under.

Kategoriar
Kunst
Taggar / Nøkkelord
hus
menneske
keramikk
Hero image

Gapahuken på Barmen (Totlandsskogen)

Totlandskogen er å rekna som den siste urørte skog og utmark på Moster. Turstien startar og sluttar ved velteplass for tømmer ved Totlandstjørna. Turen inn til den nye Gapahuken på Barmen går på oppgradert skogsveg heilt fram til Barmen. Der finn du bålpanne, rastebenk og flotte svaberg. Du kan sjølvsagt gå vidare og for å utforska området i Totlandskogen. Området ligg i idylliske omgivnadar langs Bømlafjorden i aust og sør, Børøyfjorden i vest og garden Totland i nord. Løypa består av i alt fire delløyper. Dei fører deg langs fjord og svaberg inn til to innelukka pollar, Trøytarosen og Tjørnanespollen. Ynskjer du å nyta den finaste utsikten i løypa, kan du søkja inn i skogen og opp til løypa sitt høgaste punkt, Varhaugen.

Kategoriar
tur
badeplass
kajakk
gapahuk
Taggar / Nøkkelord
gapahuk
svaberg
bålpanne
turområder
strand
Hero image

Gapahuken på Foldrøy

I Gjerdsåsvegen på Foldrøy finn du ein leikeplass med gapahuk.

Kategoriar
gapahuk
Taggar / Nøkkelord
leikeplass
gapahuk
Hero image

Gapahuken på Nese

Nesse gardslag sin gapahuk er plassert i nærmiljøanlegget på Nese. Her er det mogleg å sitja og ta seg ein drøs. Det er også ei bålpanne utanføre. Skal ein gå i Neseløypo kan ein gjerne parkera langs vegen ved nærmiljøanlegget. Hugs at hund skal vera i band når ein går i Neseløypo. Og bos tek ein med seg heim.

Kategoriar
gapahuk
Taggar / Nøkkelord
bålpanne
sittebenk
Hero image

Gapahuken ved Vorlandsaga

Kjør sørover på riksvei 541. Kjør inn mot Andal og litt forbi Vedvikvatnet og ta til høgre og kjør mot Vorlandsaga (skilt merka Bremnes Seashore). Parker ved Hattasteinen eller kjør til endes og parker på høgre sida av vegen (ikkje kjør inn på anlegget til Bremnes Seashore). Gå attende på vegen til du får skilt med merka sti til Vorlandsaga. Her har Barnas Turlag Langevåg bygd ny flott gapahuk også. Flott stad. Gå på sti og vegen attende til parkeringsplassen. Foto: Nils Magne Helle

Kategoriar
tur
badeplass
båtfeste
gapahuk
Taggar / Nøkkelord
gapahuk
sagbruk
sjøluft
strand
flytebrygge
rastebenk
Hero image

Gåslandsmarkjo

Gåslandsmarkjo er ei fin og oversiktleg turløype like nord for kommunesenteret. Ei lett og god løype for folk i alle aldrar, og det er lagt opp litt aktivitetar for dei minste langs delar av løypa, og med ein skogsscene/gapahuk i området som heiter Storkemyr. Parkering ved Sæverudsøy. Om ein har med vogn, kan ein parkere på den kommunale kaien i Urangsvågen, og gå opp til vasstanken på Hammaren, og starte turen der.

Kategoriar
tur
gapahuk
Taggar / Nøkkelord
benkar
oppgåver
barnevennleg
reiler
bålgrue
Hero image

Gravstøtte Ole Bertin Pettersen

Gravstøtta til Ole Bertin Pettersen ved Foldrøy gamle kyrkjegard. Innskrift på plaketten: «Her hviler en sønn av Romanifolket Ole Bertin Pettersen, f, 6 januar 1917. Uskyldig skutt og drept av tyske soldater under 2 verdenskrig, 11. september 1942. Ole Bertin bodde med sin familie i naustet til Martines Haldorsen på Rubbestadneset, hvor ugjerningen fant sted. Fri som fuglen du var, vingeklippet du ble, men kjærligheten fra Romanifolket lever videre. Hvil i fred. Du vil aldri bli glemt. Plaketten er montert av Landsorganisasjonen for Romanifolket avd. Bergen/Hordaland»

Kategoriar
historisk
Taggar / Nøkkelord
minnesmerke
2.verdskrig
Hero image

Grimsfjellet

Grimsfjellet er den mest populære toppen å bestige fra Svortlands-sida, 146 moh. Det er lagt ut eigen hyttebok på toppen, og kan også ta seg over til nabotoppane, Vardafjell, Undergjota, Ljosundfjellet og Store Mælandsåto. Det er mulig å gå til Grimsfjellet frå både Mæland sida og Svortland skule. Det er verdt å merka seg at sjølve toppen av Grimsfjellet ligg litt lenger sør-aust for utsiktspunktet og skiltinga.

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
utsiktspunkt
7-fjells turen
Hero image

Grindheimsneset

Jektanesvegen og vegen til Espelandssjøen er sentrale inngangsportar til Grindheimsmarka. Vegane blei laga som skogsvegar tidleg på 1990-talet. Etter kvart har områda langs vegane blitt utbygde med naust og hytter, slik at vegane har gitt betre tilgong til områda. I dag er Grindheimsmarka eit svært populært turområde med eit utal stiar på kryss og tvers. Her er løyper for ein kvar smak, frå ein liten tur over Djupadalen til lengre turar til Grindheimsneset og Skarholmen. På utsiktspunktet over Grindheimsvågen ser ein Bømlafjorden, Børøyfjorden og Sletta, og frå Båvågshammaren mot Børøyfjorden og Siggjo. Grindheimsmarka har og ein variert flora og eit rikt fugleliv. Du finn mange fine stadar der du kan setja deg ned og nyta fuglesongen eller stilla. Kva med eit bad i ein av dei mange lune småvikane, kunne det frista?

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
kveldsbad
viker
fugleliv
turløype
Hero image

Gruveparken

Gruveparken er ein flott aktivitetspark på Dalaneset på Mosterhamn. Her er ballbinge for fotball og basketball, sandvolleyballbane, liten skatepark, rastebenkar, grilltønner og badestrand. Passar for folk i alle aldrar.

Kategoriar
badeplass
aktivitet
Taggar / Nøkkelord
strand
rastebenkar
grilltønner
fotball
basketball
volleyball
skateboardrampe
Hero image

Gullgruveområdet på Lyklinggull

På Lykling fann ein gjetargut den første gullklumpen i 1862. Frå 1882-1910 vart det drive gullgruver i stor stil langsetter kvartsårene i Lyklingeberga, med 4-500 mann tilsett på det meste og omlag 200 kilo som total gullfangst. Opplev det som er att av gruveeventyret på Lykling, og ta gjerne turen i ei av dei flotte turløypene her. Parkering v/skilt på Verkjet, eller ved snuplass.

Kategoriar
historisk
tur
Taggar / Nøkkelord
toalett
gullgruver
gull
Hero image

Gullvegen gardstun

Garden ligg i gullgruvefeltet på Lykling der Noregs største gullgruveindustri utspant seg på slutten av 1800-tallet. Gullvegen Gardstun har sidan oppstarten av utviklinga (2017) blitt ein særs populær besøksgard og reiselivsdestinasjon. Med fokus og fremming av historia på Lykling, pakka inn med gull, gullvaskeleir, fantastisk kystlandskap, tradisjon, husdyr, yrande gardsliv og aktivitetar tilpassa store og små.

Kategoriar
aktivitet
historisk
Taggar / Nøkkelord
gull
gullgraving
besøksgard
dyr
Hero image

Hatlebærvatnet

Du kan ta utgangspunkt i nye fylkesvei 542. Mellom Autoservice på Innvær og krysset til Ersland er det ein lagringsplass for ved (vestsida av vegen). Her kan du parkera. Gå på ny skogsveg til Hatlebærvatnet, denne delen av turen går på grusveg og er eigna for barnevogn. De kan gå tilbake same vegen eller fortsetja rundtur på sti via Hatlebærhaugen og Erslandsvegen. Flott rundtur. Gå undergangen over på fortausida av 542 og tilbake til utgangspunktet. Foto: Nils Magne Helle

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
vatn
turløype
rundtur
Hero image

Hildegunns keramikk

Hildegunn Innvær lagar flotte figurar i keramikk heime i keramikkverkstaden sin. Sjekk ut dei flotte produkta på facebook-sida hennar, kor du òg finn kontaktinformasjon.

Kategoriar
Kunst
Taggar / Nøkkelord
keramikk
gåvekort
Hero image

Hilleborgstova

Hilleborgstova er eit av 8 hus som Bømlo Tur- og Sogelag eig og vedlikeheld på søre delen av Bømlo. Dette vesle raudmala huset i Kåså er bygd ca. 1827-30 av Kristoffer Sørensen. Les meir ved å trykke på lenka under.

Kategoriar
historisk
Taggar / Nøkkelord
hilleborgstova
Hero image

Hjartåsen, ved rasteplass i Hollundsløypa

Kjør til Hollund Barnehage. Parker på parkeringsplassen her, ein kan også parkere ved rødekorshuset og gå inn til barnehagen derfrå. Gå på skogsvei forbi barnehagen og fortsett på merka vei/sti til Store Hjartåsen. Flott grusveg inn til Hjartåsen og her finn du rasteplass med bålpanne osv. Du kan også fortsetja på rundtur på merka rundløype attende til Hollund Barnehage. Rundtur på ca. 3,5 km Foto: Bømlo turlag

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
rastebenk
bålpanne
langrenn
rundtur
Hero image

Hjelland Galleri og Rammeverkstad

Hos Hjelland Galleri og Rammeverkstad på Sakseid, held ekteparet og kunstnarane Johanna og Johannes Hjelland hus. Her finn ein mange bileter som utgjer eit utval av deira eigenproduserte kunst. Johanna sine bilete er akryl på lerret, med motiv av til dømes blomar, byar, ugler og englar. Johannes sine bilete er ei blanding av ulike trykkteknikkar og collage, gjerne kombinert med dikt. I tillegg til galleriet driv dei rammeverkstad, der ein kan få ramma inn bileter (rammer, passepartout og glas). Her kan ein også få ein drøs og info om lokal kulturhistorie. Kontaktinformasjon og opningstider finn ein ved å gå inn på facebook-lenka under.

Kategoriar
Kunst
Taggar / Nøkkelord
galleri
rammeverkstad
Hero image

Hovda

Hovda ligg på Våge, eit stykke nord om hovudveien. Gå på merka sti mot Hovda. Her er det berre å orientera seg fram mot toppen. Parkering er best på Våge Skule.

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
Hovda
Hero image

Hummerhyttene

Hummerhyttene ligg i Nordøyane nærare bestemt på Vestre Sølvøyane. Hyttene blei oppført i forbinding med hummerfiske og fungerte som overnattingsstad for fiskarar. Dei opprinnelege hyttene blei for mange år sidan tatt i ein kraftig storm som slukte hyttene og drog dei til havs. I 2014 starta Grendautvalet på Espevær arbeidet med gjenreising av hyttene. Alt arbeid blei gjort på dugnad, og i 2015 vart hyttene plassert på Veste Sølvøyane. Hyttene vart ferdig innreia, malt og klar for bruk i 2017. Hummarhyttene er gratis å leige, og du finn meir info om dei på Visit Espevær sine sider.

Hero image

Juskevika

Juskevika er ei populær turløype på traktorveg lokalisert på Foldrøy. Siste del av løypa er på sti til inn til Tangane. Parkering og turstart ved gravplassen i Foldrøydalen. Den bortgøymte garden i Juskevika ligg ved det ytterste neset ved innløpet til Innværfjorden. Under krigen vart mange som måtte flykte frå tyskarane innlosjerte her medan dei venta på videre transport ut av landet. Bilete: Gutta på tur

Kategoriar
tur
badeplass
kajakk
Taggar / Nøkkelord
vatn
sjø
traktorveg
strand
Hero image

Kabelferja på Espevær

På Espevær kan du reise med kabelferje. Kabelferja er konstruert ved Mæhles mekaniske verkstad på Baadeholmen. I 1978 vart ferja sett i drift over det 45 meter breie sundet mellom Baadeholmen og Garvika. Kabelferja har myntautomat og kostar 20 kr pr veg, og turen tek omlag to minutt. Ferga kan nyttast heile døgnet, og det er plass til fire personar ombord.

Kategoriar
historisk
aktivitet
Taggar / Nøkkelord
espevær
kabelferje
Hero image

Kajakkutsett i Erestraumen

På Erestraumen har Sunnhordland padleklubb ei padlebu for medlemmar, og ein praktisk flåte for kajakkutsett. Herifrå kan ein starte mange ulike padleturar der ein kan svinge innom flotte vikar, holmar og skjer. Det er heller ikkje langt til havs, om ein vil oppleve solnedgangen i ein kajakk på fine dagar.

Kategoriar
kajakk
Taggar / Nøkkelord
kajakkutsett
Hero image

Kanalvaktarbustaden

I 1856 vart det bygd ein kanalvaktarbustad ved Kulleseidkanalen. Fyrste kanalvaktar var Jacob Wrede Zahl. Kanalvaktarbustaden står framleis på same staden og er i desse dagar i ferd med å verta omgjort til museum.

Kategoriar
historisk
museum
Taggar / Nøkkelord
kanalvaktarbustad
historie
museum
Hero image

Kari Berger keramikk galleri

Kari Berger har keramikkverkstad og galleri på Foldrøy. Der er du hjarteleg velkomen. For å vere sikker på at ho er heime kan du ringe 4521848.

Kategoriar
Kunst
Taggar / Nøkkelord
galleri
keramikk
Hero image

Kattholmen

Området rundt Katholmen er variert og fint til padling. Kattholmen ligg ytst i Melingsvågen og har siglingsmerke. Det er eit fint "basseng" på holmen som går an å bada i. Katt i denne samanheng er eit nautisk uttrykk som betyr trang passasje (sund).

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
båttur
naturleg basseng
Hero image

Klatring på Klovafjell

På Klovafjell er det mogleg å drive med fjellklatring for dei med eige utstyr og kompetanse. Det er fast og fint fjell og lange ruter med ulik vanskelighetsgrad. Det er mogleg å henge opp topptau, men då må ein rappellere fyrst. Det er også mogleg å gå opp til toppen på sti fra nord eller vest. Fra toppen er det fantastisk panorama mot vest. Klovafjell er toppen med den kvite kuppelen som er ein av Meterologisk Institutt sine vêrradarer. Tips: sjå solnedgongen herfrå.

Kategoriar
aktivitet
klatring
Taggar / Nøkkelord
klatring
Hero image

Kolera-gravplass på Sønstabø

Ein av dei gamle kolera-gravplassane på Bømlo ligg på Sønstabø. Den blei innrettet slik instruksen fra myndighetene tilsa - på fritt og høgtliggande mark. Rundt gravplassen er det ein fin steingard med eit rognetre som lener seg inntil muren. Treet har vokst opp i livda av steingarden, og så tett inntil den, at busken har fått stå i fred for beitedyr. Etter at treet vaks seg høgare enn steingarden så blei da jamt slutt på livda, men det forblåste treet har klart å tilpassa seg all slags vêr. No står det staute treet der mest som eit minnesmerke over dei som omkom under den store koleraepidemien i 1849.

Kategoriar
historisk
Taggar / Nøkkelord
kolera-kyrkjegard
Hero image

Kringlo badeplass

Kringlo er eit ferskvatn der ein kan bade på Rolfsnes. Her er fint å ta seg ein dukkert på varme sommardagar.

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
rolfsnes
vatn
bading
Hero image

Krokavatnet

Krokavatnet på Ådnanes er tilrettelagt med parkering, badestrand, kai og stupetårn.

Kategoriar
badeplass
Hero image

Kulleseidkanalen

Kulleseidkanalen ligg ved tettstaden Finnås, midt på Bømlo, og er eitt av dei meste kjende landemerka i kommunen. Å reisa gjennom Kulleseidkanalen med båt eller kajakk, er ei oppleving av dei sjeldne. Kanalen vart ferdigstilt i 1856 for å lette båtane si ferd mellom austsida og vestsida av Bømlo, og uutvida og gjort djupare og breiare i perioden 1927-1935. I dag er kanalen ein liten handels- og turiststad, med blant anna daglegvareforretning, bensinstasjon og ei populær gjestehamn med tilhøyrande fasilitetar og restaurant. Årleg har dei òg ein liten festival på området, nemleg Kanaldagane https://kanaldagane.no/. Kulleseidkanalen er ein av fleire kanalar som er fine å reise gjennom når ein er på rundtur på Bømlo til sjøs.

Kategoriar
kanalane
badeplass
tur
historisk
kajakk
Taggar / Nøkkelord
strand
gjestehamn
mat
drikke
toalett
telt
bubil
Hero image

Kulleseid Telegrafstasjon

Kulleseid Telegrafstasjon vart i 1997 pussa opp av Norsk Telemuseum. I dag er det ei lita utstilling her som fortel historia om telegrafstasjonen. Museet har ikkje faste opningstider, så eit besøk må avtalast på førehand. For å komma seg til Kulleseid kan ein enten bruka bil eller båt. Det raskaste er nok bil, litt avhengig av kor du bur, men båt er absolutt den finaste måten. Berre eit steinkast frå Kulleseid Telegrafstasjon ligg Kulleseidkanalen gjestehamn. Her er det mulig å leggja båten medan ein vitjar telegrafstasjonen.

Kategoriar
historisk
museum
Taggar / Nøkkelord
historie
museum
telegrafstasjon
Hero image

Kulturløypa i Mosterhamn

Denne rundturen i Mosterhamn tek deg innom dei store kulturhistoriske hendingane på Moster. Turen startar i Moster amfi og går til Kyrkjestølen og Olavshola før du når toppen av Vetahaugen. Der finn du steinkrossen som vart avduka av kong Håkon VII ved 900-årsjubileet i 1924, og her oppe kan du også skoda ut over hav og landskap, kyrkja, minnestøttene, statuen av Tora Mostrastong og kongesteinen. Kan du sjå for deg vikingskipa koma seglande inn fjorden for 1000 år sidan? Vidare går turen innom ulike element frå Steinriket Bømlo, og til slutt endar du opp i amfiet igjen.

Kategoriar
historisk
tur
Taggar / Nøkkelord
geopark sunnhordland
steinriket bømlo
olavshola
kongesteinen
vetahaugen
steinkross
tora mostrastong
Hero image

Kurebu dagsturhytte på Goddo

Dagsturhytta Kurebu som lokalt heiter "Kurebuo" ligg i fint turterreng på Goddo. Det er fleire innfallsportar for å nå hytta. Hytta har ein liten vedovn, bibliotek med nynorske barnebøker og sittebenker inne- og utanfor. Her er det fint å ete matpakken og ta ein god pust i bakken. Det er ikkje lov å overnatte på hytta. Forlat hytta slik du ønskjer å finne den, rein og fin. Turbeskriving til hytta: Start gjerne ved Goddebrua (Kinnestraumen bru) og gå på merka løype til Kurebu. Stien er god og mykje nytta. Turen er i underkant av 1,5 km. Beregn ca. 30 minutt på turen. Andre startstader er å gå via Barmane, fra Kruneneset eller Ånderå. Om du vil forlenge turen, er det fint å gå rundt Araskårvatnet som ligg like ved dagsturhytta.

Kategoriar
tur
bibliotek
dagsturhytte
Taggar / Nøkkelord
nistetur
wc
barnebibliotek
vedovn
dagsturhytte
Hero image

Kvernavatnet, Langevåg

Du kjører på riksveg 541 til søra Bømlo. Ta av mot Andal og du finn stien 50 meter forbi parkeringsplassen ved vegen opp til BVA sitt anlegg på venstre hand eit lite stykke forbi gamle kyrkja. Turen til/frå Kvernavatnet kan du enten gå på ein traktorveg som går frå BVA sitt hus eller du kan gå på den godt merka kyrkjestien via Kvernehuset i Vorlandskogen. Stien anbefalast. Foto: Nils Magne Helle

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
traktorveg
sti
benk
utsikt
vatn
Hero image

Ladestasjon Bømlo kulturhus

Bømlo kulturhus. Bruk av ladebrikke frå Grønn Kontakt eller Elbilforeningen, Grønn Kontakt App eller SMS

Kategoriar
ladestasjon
Taggar / Nøkkelord
elbil
Hero image

Ladestasjon Esso Bømlo/Autoservice AS

Esso Bømlo/Autoservice AS. Offentleg. Bruk ladekort/brikke

Kategoriar
ladestasjon
Taggar / Nøkkelord
elbil
Hero image

Ladestasjon Kuben

Offentleg. Betaling via appen Bilkraft.

Kategoriar
ladestasjon
Taggar / Nøkkelord
elbil
Hero image

Ladestasjon Moster Skule

Det er ladestasjon ved Moster Skule.

Kategoriar
ladestasjon
Taggar / Nøkkelord
elbil
Hero image

Ladestasjon Sentralidrettsanlegget

Sentralidrettsanlegget, Bømlo symjehall og Bremnes ungdomsskule. Offentleg stad, men i hovudsak tenkt til besøkjande på anlegget

Kategoriar
ladestasjon
Taggar / Nøkkelord
elbil
Hero image

Langevåg Bygdatun

Langevåg Bygdatun AS er kultur og idrettsbygget i bygda, med diverse arrangement og kinovisningar. Her er det kafe, butikk, bank, lege og helsestasjon, tannlege, fysioterapeut, bedriftshelsetjeneste. Bak Bygdatunet finner du området med store steinalderfunn i Sokkamyra. På framsida over veien ligger Langevåg Gjestehavn, der bygdatunet leverer bunkers. Det er toalett og dusjfasiliteter på Bygdatunet for gjestene i hamna, og på bubilparkeringa.

Kategoriar
kino
Taggar / Nøkkelord
mat
historisk
bubil
båthamn
steinalderfunn
dusj
toalett
bank
butikk
kino
kafe
langevåg
Hero image

Laurhammar ballbinge

På Laurhammar like ved bedehuset, er ein ballbinge. Her er òg benkar kor ein kan ta seg ein pust i bakken. Ein fin stopp på vegen rundt Storavatnet, eller etter ein tur i Gåslandsmarka.

Taggar / Nøkkelord
ballbinge
rastebenk
Hero image

Laurits-klåven

Motstandsmannen Laurits Andreas Klubben søkte tilflukt i den såkalla Laurits-klåven i Gjøsætermarka då Gestapo brende ned huset hans då dei kom for å arrestere han i april 1945. Klubben hadde mellom anna halde flyktningar skjult under krigen, i flyktningehola på Samnungsøya. Parkering ved vasstasjonen til BVA - stien byrjar 100 meter nord for parkeringa, til venstre i ei lomme i vegkanten.

Kategoriar
historisk
tur
Taggar / Nøkkelord
2. verdskrig
Hero image

Leikeplassen ved Langevåg Barnehage

Leikeplassen ved Langevåg barnehage er eit kjekt område med ulike leikeapparat.

Kategoriar
leikeplass
Taggar / Nøkkelord
leikeplass
barnehage
Hero image

Leikeplass Erevik

Leikeplass på Erevik med klatrestativ, reiler, ballbinge og anna gøy.

Kategoriar
leikeplass
Taggar / Nøkkelord
reila
klatrestativ
ballbinge
Hero image

Leikeplass ved Espira Finnås barnehage

Espira Finnås har eit stort uteområde med mange moglegheiter for leik og utforsking.

Kategoriar
leikeplass
Taggar / Nøkkelord
barnehage
Hero image

Leikeplass ved Espira Moster barnehage

Espira Moster ligger idyllisk til med sjø og skog like i nærleiken.

Kategoriar
leikeplass
Taggar / Nøkkelord
barnehage
Hero image

Leikeplass ved Espira Rubbestadneset barnehage

Området rundt Espira Rubbestadneset barnehage innbyr til kjekke leikestunder utanfor barnehagens opningstider. Leikeplassen finn du rett i nærleiken av Rubb Stadion.

Kategoriar
leikeplass
Taggar / Nøkkelord
leikeplass
barnehage
Hero image

Leikeplass ved Espira Salamonskogen barnehage

Uteområdet til Espira Salamonskogen barnehage er kjempestort og variert, og dei har sin eigen skog innafor gjerdet!

Kategoriar
leikeplass
Taggar / Nøkkelord
barnehage
Hero image

Leikeplass ved Hollund barnehage

I Hollund barnehage er det mange kjekke leikeapparat, og ein fin plass å ta med ungar å leike utanom opningstida til barnehagen. Silebanar, reiler, sandkasse, leikebåt og leikehus er nokre av attraksjonane her. Ein fin stopp på vegen er det òg om ein vil leggje ut på tur i Hollundsmarka.

Kategoriar
leikeplass
Taggar / Nøkkelord
leikestasjonar
sandkasse
silebane
barnehage
Hero image

Leikeplass ved Huset

Det flotte SFO-bygget på Foldrøy har namnet "Huset". Her finn du eit inngjerda uteområde med bla. zipline, leikeapparat, sandkasse, UFO-reile, slengtau og klatrevegg. "Huset" ligg rett ved sida av Foldrøy skule.

Kategoriar
leikeplass
Taggar / Nøkkelord
zipline
slengtau
leikeapparat
Hero image

Leikeplass ved Maurtua barnehage

Det flotte område til Maurtua barnehage er perfekt for leik, moro og utforsking. Barnehagen har Svortland barneskule, ungdomsskule, idrettsanlegg og svømmebasseng som næraste nabo. Rett ved sida finn du også inngangen til Fet-løypa.

Kategoriar
leikeplass
Taggar / Nøkkelord
barnehageområde
leikeplass
Hero image

Lykling kyrkje

Byggeår: 1912 Stad: Lykling Sitjeplassar: 200 Arkitekt: Viktor Nordan Verd å sjå: Døypefont i tre 1912, glasmåleri av Per Remfeldt. Lykling kyrkje vart bygd med bakgrunn i at vegen til Bremnes kyrkje både var lang og farleg, spesielt sidan dei fleste måtte komma sjøvegen. Kyrkja vart bygd av mellom anna Petter Oldereide og Oluf Stautland, og pengane kom frå gåver, bank, herads- og statstilskot. På 1960-talet måtte ein reparera og modernisera kapellet. Det vart samstundes bygd litt på kyrkja og ovnane vart tatt ut, slik at ein fekk plass til nokre fleire benker. "Lykling kyrkje - 90 år". Historisk tilbakeblikk ved Peter Hermansen i Lykling kyrkje 26. januar 2003.

Kategoriar
kyrkje
Taggar / Nøkkelord
kyrkje
Hero image

Lysløype på Langevåg

Ei kjekk lysløype som startar oppe ved idrettsbanen på Langevåg. Så går du gjennom granskog og over myrterreng på gruset vei. Det er plassert ut fleire piknikbord i løypa og du kan også ta ein avstikkar opp til vanntårnet på Langevåg. Der oppe er det flott utsikt rett vest i havet og mot aust har du Bømlafjorden med båttrafikken og ferja som krysser over til Buavåg. Foto: Monika Therese Ellingsen

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
lysløype
havutsikt
rastebenk
vanntårn
Hero image

Melkevik (Hiskjo)

Hiskjo er ei øy på vestsida av Bømlo, like vest for utløpet av Kulleseidkanalen. Friluftsområdet dekker store areal på øya, og er eigna til ei rekkje friluftsformål. Eit populært badeområde på gode sommerdagar vest mot havet, og er ein fin plass for camping med telt. Det er elles to brygger og grill på området, samt eit toalett for dei som treng det. Også ein god plass for å legge ut kajakken og dra på tur.

Kategoriar
Camping
båtfeste
kajakk
badeplass
tur
Taggar / Nøkkelord
kano
grill
camping
telt
krabbar
brygge
bading
sandstrand
Hero image

Minnesmerket på Espevær

Minnesmerke over falne/omkomne under 2.verdskrig, reist i 1946 – 48.

Kategoriar
historisk
Taggar / Nøkkelord
minnesmerke
2.verdskrig
Hero image

Minnesmerket ved Bømlo kyrkje

Minnesmerket ved Bømlo kyrkje.

Kategoriar
historisk
Taggar / Nøkkelord
2. verdskrig
minnesmerke
Hero image

Minnesmerket ved Børøyfjorden

Minnesmerket ved Børøyfjorden er ei minnestøtte over mannskapet på eit engelsk fly som styrta i fjorden tidleg om morgonen 13. august 1941.

Kategoriar
historisk
Taggar / Nøkkelord
minnesmerke
2.verdskrig
Hero image

Minnesmerket ved Bremnes kyrkje

Minnesmerket utanfor Bremnes kyrkje er ein minnestein over falne bremnesingar i krigen 1940-1945. Steinen er reist av Bremnes kyrkjelyd år 1947.

Kategoriar
historisk
Taggar / Nøkkelord
2.verdskrig
minnesmerke
Hero image

Minnesmerke ved Lykling kyrkje

Minnesmerke ved Lykling kyrkje er ein bauta med oversikt over dei som fall under 2.verdskrig, inkludert krigsforliste, på veg til England med "Blia", og dei som døydde i utlandet.

Kategoriar
historisk
Taggar / Nøkkelord
minnesmerke
2.verdskrig
Hero image

Minnesmerke ved Moster gamle kyrkje

Minnesmerke ved Moster gamle kyrkje

Kategoriar
historisk
Taggar / Nøkkelord
minnesmerke
2. verdskrig
Hero image

Minnesmerke ved Moster kyrkje

Minnesmerke ved Moster kyrkje.

Kategoriar
historisk
Taggar / Nøkkelord
minnesmerke
2. verdskrig
Hero image

Mjelkevika og Vikaneset

Tur i kystandskap og på gamal gravferdsveg. Ta av frå rv. 541 på Vika, og følg sidevegen inn mot vest og så mot nord til enden av vegen ved garden Vestre Vika, kor turen startar. Til venstre ser ein skiltet Mjelkevika. Stien er merkt med raud farge. Turen er om lag 5 km tur-retur.

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
sjø
turløype
Hero image

Mørkedalsfjellet (Ådno)

For tur i rundløypa Mørkadalsfjellet, Idrettsbanen - Kalavåg -Mørkadalsfjellet (Ådno) - Løning startar du ved idrettsbanen og lysløypa på Langevåg. Frå Ådno (102,4 moh) har du flott utsyn over bygda og Bømlafjorden. Det er òg ein utsiktskuppel der.

Kategoriar
tur
gapahuk
Taggar / Nøkkelord
varde
utsiktspunkt
Hero image

Moster 2024

I 2024 markerar vi at det er 1000 år sidan Olav Den Heilage innførte Kristenretten på Moster. Med dette feirer vi starten på rettsstaten og demokratiet Noreg. Moster 2024 er eit 1000-årsjubileum for heile landet som har eit ekstra fokus på barn og unge, då det er denne generasjonen som skal forma framtida. Jubileumet vil fokusere på verdiane Noreg er bygd på og lyfte fram den store samtalen om kva Noreg skal vere i framtida, og skal både vere ein folkefest og leggje til rette for debatt om samfunnet vi lever i.

Kategoriar
historisk
Taggar / Nøkkelord
mosteramfi
kristenretten
jubileum
Hero image

Moster Amfi

Moster Amfi er eit kultur-og opplevingssenter på historisk grunn på Moster i Vestland. Her kan du oppleve historia om når kristenretten vart innført i Noreg og besøkje Olav Tryggvason si kyrkje. I tillegg arrangerer me ei rekke kulturopplevingar både på utendørsscena, i amfisalen og i kafeen.

Kategoriar
aktivitet
museum
Kunst
bibliotek
historisk
Taggar / Nøkkelord
vikingmat
steinriket
geopark
historie
kafé
mostraspelet
musikal
kulturopplevingar
utandørsscene
amfi
Hero image

Moster gamle kyrkje

Moster gamle kyrkje er eit av dei enklaste kyrkjebygga i landet, og står på historiske Moster. Den vert ofte omtala som Noregs eldste kyrkje. Snorre fortel at Olav Tryggvason feira messe og grunnla ei kyrkje her i 995. Olav den heilage og biskop Grimkjell heldt ting på Moster i 1024 der kristenretten eller kyrkjeordninga i Noreg blei innført. Les meir om kyrkje i lenkja under.

Kategoriar
kyrkje
historisk
Taggar / Nøkkelord
Moster amfi
Kristenretten
Hero image

Moster kyrkje

Moster kyrkje vart bygga i 1874, og den finn ein på Eikeland, på veg mot Mosterhamn. Kyrkja er aktivt i bruk den dag i dag. Arkitekt for kyrkja var Peder Andreas Blix. Les meir om historia til kyrkja ved å trykke på lenka under.

Kategoriar
kyrkje
Taggar / Nøkkelord
Peder Andreas Blix
Hero image

Moster museum

Tek du turen innom Moster museum, er det som å ta turen inn i gamle dagar. Museet er drive av Moster sogelag, og har ei eineståande samling av gjenstandar som viser lokalhistoria til bygda.

Kategoriar
historisk
museum
Taggar / Nøkkelord
lokalhistorie
Hero image

Mostraspelet - I slik ei natt

Bømlo Teater har gleda av å invitere til Mostraspelet - I slik ei natt i Moster Amfi, 2.- 4. juni kl 18.00. I slik ei natt er skrive av Svein Tindberg og med musikk komponert av Kjetil Bjerkestrand. Me får følgje vikingkongen og legenda Olav Haraldsson, både før, medan og etter han presenterte Kristenretten på Mostratinget i 1024. Tindberg har knytt saman hendingar på Moster med Olav si reise ute i verda. Han har funne ein moderne veg inn i eit slags mysteriespel og ein Olav som faktisk endrar seg frå ein nådelaus viking og drapsmann, til legenda seinare kjent som Heilag Olav. Om lag 80 skodespelarar vil stå på scena i denne storslåtte framsyninga. Klikk deg inn på nettstaden for å kjøpe billettar.

Kategoriar
historisk
Taggar / Nøkkelord
uteteater
i slik ei natt
mostraspelet
Hero image

MS Gå På

Langevåg Bygdatun arrangerer skreddarsydde turar på bestilling ombord i fiskeskøyta M/S Gå. Ombord er det serverings- og skjenkeløyve, og turen vert lagt tilrette etter kva ønske de har om mat, drikke og kor turen skal gå. Båten har blitt brukt til alt frå firmaturer, bryllup, åremålsdagar, sightseeing, fisketurar med meir.

Kategoriar
båttur
Taggar / Nøkkelord
aktivitet
fisketur
solnedgang
selskap
øyriket
bryllup
Hero image

Narravik

Narravik er ei fin lita badevik vest for Mosterhamn, med ein stor og slett grasbakke. Her er det gode forhold for bading, både fra strand og svaberg, og for stangfiske. Her finn du også ein spanande liten eventyrskog, grillstad, toalett og gode parkeringsforhold. Du finn fram til Narravik ved å køyre mot Mosterhamn og ta av frå RV 542 mot Notlandsvågen (FV 15).

Kategoriar
badeplass
Taggar / Nøkkelord
wc
svaberg
grasbakke
eventyrskog
grillplass
strand
Hero image

Nautøy

Nautøy ligg midt i trekantsambandet og er ein fin plass for både tur, bading og camping. Det er og ei brygge ein kan legge til med båt.

Kategoriar
badeplass
båtfeste
Camping
Hero image

Nesse båtlag i Tussavikjo

Skal du sjøsetja eller dra opp båten din, kan det gjerast på båtopptrekket på Tussavikjo for ein rimeleg penge. Kom med båttilhengaren din helst på flo sjø. Båtopptrekket er også målgang for Tussaløpet.

Kategoriar
båtlag
Taggar / Nøkkelord
båthamn
båtopptrekk
utsettingsrampe
Hero image

Nillo på Skjeret

Den legendariske Nillo - Pernille Waage (1898-1992) - heldt til i Landhandelen på Skjeret. Ho var kjend for den spesielle butikken sin og Nillo på Skjeret var ein institusjon i lokalsamfunnet. Nillo er borte, men butikken finst framleis og fungerer som eit levande museum. Butikken er open kvar sumar.

Kategoriar
historisk
museum
Taggar / Nøkkelord
diesel
bensin
bunkring
museum
gjærbakst
landhandel
Hero image

Nordsjøruta gjennom Bømlo (EuroVelo)

Bømlo er del av den europeiske Nordsjøruta for sykkel (EuroVelo-ruta). Kjem ein sørfrå, går turen med ferje frå Buavåg til Langevåg, og strekk seg vidare til Sakseid – Finnåsvegen til Håvik, Gassasundet og så E39 Stord vidare mot Bergen. Det er ein flott sykkeltur gjennom vakker natur, med moglegheit for mat-stopp på enten Langevåg Bygdatun kafé eller Kulleseidkanalen Gjestehavn, eller berre raste på ein av dei mange flotte stadane langs løypa. Nordsjøruta strekk seg gjennom sju land, og rett gjennom Sunnhordland. Det er sjølvsagt fullt mogleg å starte turen på sykkel på Bømlo, og reise på berekraftig sykkelferie ut i Europa òg.

Kategoriar
tur
Sykkel
Taggar / Nøkkelord
sykkel
Hero image

Ølsmaking

Bømmeløen Bryggerhus held til heilt sør på Bømlo i Langevåg. Me er eit lite mikrobryggeri som starta opp produksjon av hand bryggarøl på seinsommaren 2016, og fekk i oktober samme år kommunalt løyve for ølutsal. Her kan du ta med vener, familie eller kolleegaer og komme på ølsmaking. Ølsmaking må tingast seinast tre veker i forkant, grunna søknad om ambulerande sjenkeløyve. Velkommen skal de vere!

Kategoriar
aktivitet
Taggar / Nøkkelord
Ølsmaking
Hero image

Overnatting på Slåtterøy fyr

Ønskjer du ein overnattingsplass uten om det vanlege? På Slåtterøy fyr har du høve til å leige fyrbustaden. Huset har 14 sengeplassar: to soverom i fyrste høgda, kvart med fire senger. I andre høgda er det eit soverom med tre senger, stove med dobbel sovesofa og ein soveplass på gangen. Besøk "Venner av Slåtterøy" på Facebook for meir informasjon, eller ta direkte kontakt med Torleif Meling (+47 918 65 873) for tinging. Foto: Jon Olav Rolfsnes

Taggar / Nøkkelord
øyferie
havutsikt
fyrbustad
Hero image

Petanque-banar

På skuleplassen ved Foldrøy skule så finn du to petanque-banar. Dei var nye i 2021, bygd som fyrste steg av Foldrøy Aktivitetspark. Hugs å ta med eige utstyr. PS: Foldrøy har eigen petanque-klubb der alle er velkomne. Meld deg inn i Facebook-gruppa for meir informasjon: Foldrøy Petanqueklubb

Kategoriar
aktivitet
Taggar / Nøkkelord
boccia
leikeplass
petanque
Hero image

Plassaholmen

Nordaust i Barmane finn du idylliske Plassaholmen, med flott kai, flytebrygger, lune viker og små grusstrender omkransa av bjørk og pil.

Kategoriar
badeplass
båtfeste
kajakk
Taggar / Nøkkelord
grillhytte
strandkrabbar
rastebenk
lunt
flytebrygge
strand
Hero image

Risvika

Risvika er ei bukt på Lykling. Ytterst i Risvika er det ein flott bakke til å slå opp telt, og gode moglegheiter for å bade.

Kategoriar
Camping
badeplass
Hero image

Rogoysundet

Rogøysundet er ein flott plass for padling. Ett flott og variert landskap. Det er også ein god plass for dorging.

Kategoriar
kajakk
Hero image

Røyksundkanalen

Røyksund har sitt austre innløp fra Stokksundet og via det smale løpet ved sydspissen av Sørneset. Djupna her er kun 1,6 meter. Elles er det grunt (1-1,5 meter) - men godt merka - gjennom Røyksund.

Kategoriar
kanalane
kajakk
Taggar / Nøkkelord
kanal
kajakk
båtliv
Hero image

Rubbestadneset aktivitetspark

I Rubbestadneset aktivitetspark finn du utandørs treningsapparat og ein «pumptrack» der ein kan nytte sykkel, sparkesykkel, rollerblades eller skateboard.

Kategoriar
aktivitet
Taggar / Nøkkelord
treningsapparat
sykkelløype
aktivitetspark
Hero image

Rubbestadneset Frisbee

Frisbeegolf-banen med 9 korger er nå på plass og parken er åpen for alle som har lyst til å forsøke seg

Kategoriar
aktivitet
Taggar / Nøkkelord
sport
frisbee
Hero image

Rundtur fra Løvegapet til Dyrnes Fyr

Frå Vikasletta/Løvegapet kan du gå rundløype som startar ved parkeringa ved Løvegapet via Dyrnes fyr til Skipavika og deretter langs rv 541 attende til parkeringa. Turen går gjennom hei, lyngmark og myrar. Det er lett terreng fram til Slettevika, men deretter går stien oppover eit høgdedrag og ned ei bratt skråning til Sætre. Stien er merkt fram til Sætrehilleren og vidare ut til Dyrnes Fyr. Deretter går turen langs vassdrag og lett terreng til Lenutetjørna, vidare til Skipavik. Tilbake til parkeringen langs rv 541 (Bømlavegen). God tur!

Kategoriar
tur
Hero image

Sakseidbeitelen

Flott utsiktspunkt midt på Bømlo som er eit mykje brukt turmål av lokalbefolkningen. Fin og god løype, litt bratt nokre stader, så har du med ein toåring må du kanskje bære den ned igjen. Du finn løypa ved å køyre på riksveg 541 til Sakseid T-en. Parker gjerne hos Monter, Finnås og gå opp på skogsveg på motsatt sida av veien. Merka sti til topps.

Kategoriar
tur
Hero image

Sentralidrettsanlegget på Bremnes

Sentralidrettsanlegget på Bremnes er eit fint anlegg for både fotball og friidrett. Rema 1000-cup-en vert gjennomført her kvart år, med meir enn tusen unge fotballspelarar i sving.

Kategoriar
aktivitet
Taggar / Nøkkelord
fotball
friidrett
Hero image

Siggjarvåg båtlag

I Siggjarvågen er det ei naturleg lun hamn der båtane er godt beskytta frå vêr og vind. Ta kontakt med Siggjarvåg båtlag ved leiar Rune Gardner for meir informasjon om kapasitet og prisar for båtplass.

Kategoriar
båtlag
Taggar / Nøkkelord
båthamn
båtplass
Hero image

Siggjo

Siggjo er ein av dei mest populære toppturane på Bømlo, og kommunen sitt høgste fjell med sine 474 meter over havet. Fjellet har ein karakteristisk profil, og er synlig fra store deler av Sunnhordland. For mange er det eit viktig seglingsmerke når dei er ute til havs. På klåre dager ser ein heile Sunnhordland frå toppen, og heilt inn til Folgefonna. Og er du der på kvelden, er det rein magi når sola går ned i havet.

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
vulkan
topptur
fjelltur
Hero image

Sjøleik og sightseeing på sjø

Opplev fleire av attraksjonane i området i og rundt Brandasund hos Brandasund kultur & fritid. Dei arrangerer rib-turar, spektakulære badeturar, turar til og rundt Slotterøy fyr, opp til Austevoll og Bekkjarvik gjestgiveri, eller til Fitjar og ELØ og såpekokeriet der, samt andre opplevingar i og ved havet. Dei har ei eiga brygge til å leggje ut kajakkar på, og leiger også ut kajakkar som er eigna til fiske. Sjekk ut inspirasjonsfilm på nettstaden deira i lenka under!

Kategoriar
kajakk
båttur
aktivitet
Taggar / Nøkkelord
slotterøy fyr
teambuilding
familiemoro
guttetur
jentetur
kajakkleige
rib
Hero image

Skippervik Frisbee

Skippervik Frisbeegolfklubbs 18 holsbane finn du på idylliske Vika, sør på Bømlo. Foto: Bømlonytt

Kategoriar
aktivitet
Taggar / Nøkkelord
frisbee
utsikt
Hero image

Skotåsen

Start frå parkeringsplass ved gamle gravplassen (same som tur til Juskevika) i Foldrøy. Gå opp midt i bakken mot Foldrøy og ta til høgre på merka løype. Ny flott grusveg heilt fram til Skotåsen. Kan også starta frå parkeringsplassen ved avkjørsel "nye 542" til Foldrøy. Gå langs fortau og ta av på grussti opp til Skotåsen. Begge trasèer kan ein ha med barnevogn, siste bakken er dog veldig bratt. Sittebenk på toppen. Flott familietur.

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
grusveg
akebakke
rastebenk
Hero image

Slåtterøy fyr

Heilt nord i Bømlo ligg Slåtterøy fyr. Der har det vist veg inn i Selbjørnsfjorden og vidare langs leden inn mot Bergen sidan 1859. Slåtterøy fyr ligg også strategisk til i forhold til den gamle handelsstaden Brandasund på Gisøya, naboøya i sør. Særleg under sildeperioden på 1800–talet var dette ein viktig plass for fiskarar som kom for å hausta av havet ute på Sørafeltet. Treng du båtskyss ut til Slåtterøy Fyr? Ta kontakt med Brandasund Kultur og Fritid, ved Jostein Waage (+47 975 66 056) Tekst: Per Roger Lauritzen Foto: Jon Olav Rolfsnes

Kategoriar
historisk
båtfeste
Taggar / Nøkkelord
sjøluft
havgap
overnatting
fyrtårn
Hero image

Sokkamyra

Sokkamyro på Langevåg er ikkje eit steinbrot, men ein verkstadbuplass for steinalderfolka som bearbeidde grønstein frå Hespriholmen. I Sokkamyra kan mange svar på korleis steinalderfolket levde, enno ligge uoppdaga.

Kategoriar
historisk
Taggar / Nøkkelord
steinriket bømlo
Hero image

Sølvrusteklubben

Sti frå parkeringsplassen frå Siggjarvåg. Stien går forbi Nyastemmo, som tidlegare var sag og mølle. Utsiktspunkt mot Finnåsvatnet frå toppen av Sølvrusteklubben. Stien går tilbake over Laksakaret mellom Finnåsvatnet og Holmedalsvatnet. Foto: Nils Magne Helle

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
rastebenk
vatn
badeplass
Hero image

Steganeset båthamn

På vestsida av Goddevegen finn ein Steganeset båthamn. Har ein båt liggjande i denne hamna, er det kort veg ut på havet for å fiske. For å få tilgang til båtplass og fasilitetar her, må ein søkje Urangsvåg båtlag. Ein kan leige båtheis i hamna.

Kategoriar
båtlag
Taggar / Nøkkelord
båtplass
båtheis
båthamn
Hero image

Steganesvatnet

Lang Goddevegen på veg ut mot Brandasund, finn ein Steganesvatnet. Her er det fint å bade om sommaren, og skeise om vinteren. Bading er best når vatnet er blitt litt varmt, og skeising når det er trygg is på vatnet. Nærmaste offentlege parkeringsplass er ved Kinnestraumen bru.

Kategoriar
badeplass
Hero image

Stongervågen rundt

Denne løypa er 3,5 km og tar omlag 45 minutt frå Stangarvågen, og rundt til Brubrekka. Løypa startar frå Rolfsnesvegen inn til ein skogveg inst i Stangarvågen. Terrenget er lett, med delvis grusa stier. Løypa eignar seg fint for ein familietur, sjølv om delar av turen er myrlendt. Litt over halvvegs ved vatnet blir det litt klatring, men vel over kan du belønna deg sjølv med godt ferskvatn. Stien sluttar/startar like ved brua i Brubrekka.

Kategoriar
tur
gapahuk
Taggar / Nøkkelord
gapahuk
bålpanne
vatn
rundløype
Hero image

Storaneset (Langaneset)

Totlandskogen er å rekna som den siste urørte skog og utmark på Moster. Området ligg i idylliske omgivnadar langs Bømlafjorden i aust og sør, Børøyfjorden i vest og garden Totland i nord (startkoordinat: 59.691523 - 5.343498). Løypa består av i alt fire delløyper. Dei fører deg langs fjord og svaberg inn til to innelukka pollar, Trøytarosen og Tjørnanespollen og vidara sørvestover på merka sti til Storaneset. Ynskjer du å nyta den finaste utsikten i området, kan du søkja inn i skogen og ta ein avstikkar til det høgaste punktet i området, Varhaugen. Herifrå kan du sjå Kvinnheradsfjella i aust via Sveiolandet til Sletta i sør (havstykke utanfor Haugesund). Mot vest ser du Børøy, Straumøy og Barane, og Langevåg lengst sør. Børøyfjorden er noko for seg sjølv, med sine mange holmar og pollar. Siggjo (Bømlo sitt høgaste fjell) er som eit bakteppe mot nord.

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
utsiktspunkt
myr
skog
turløype
Hero image

Storavatnet

I kommunesenteret på Bømlo ligg Storavatnet. Her er eit fint parkområdet nede ved kyrkja, ein finn Blia-monumentet, det er ein sti der ein kan gå langs vatnet ned mot austre del av sentrum, og her er ein fin plass å sitje og sole seg på gode dagar. Det er og mogleg å ta med seg ein kajakk å setje på sjøen her, eller ein kano, og padle rundt på vatnet. Det er òg ei flytebrygge ved kulturhuset.

Kategoriar
historisk
kajakk
Taggar / Nøkkelord
vatn
park
blia
Hero image

Store Mælandssåta

Store Mælandsåto kan skilta med en flott gapahuk kalla "Karlsbu". Her er det laga traktorveg fra Mæland heilt til topps. Toppen kan lett sjåast med mobil antenna på toppen og god utsikt i alle kantar. Det er lagt ut hyttebok i "Karlsbu". Her er det utrulig flott utsikt når véret er både fint og stormar som verst. Parker ved "snekkerverstad" på Gilje (før Vaktmestertjeneste, gå 100 meter vestover hovudvegen til første sving. Der tek du første veg til høgre. Gå inn grinda på ein liten traktorveg. Kan også gå frå Svortland Skule. Foto: Nils Magne Helle

Kategoriar
tur
gapahuk
Taggar / Nøkkelord
7-fjells turen
utsiktspunkt
traktorveg
rundtur
gapahuk
Hero image

Stormhytter på Gullvegen Gardstun

Stormhyttene på Lykling eit overnattingstilbod for deg som ynskjer ei oppleving ulikt alt anna. Plassert i det gamle gullgravarfeltet der Noregs største gullgruveindustri utspant seg på slutten av 1800-talet og rett ved garden Gullvegen Gardstun, med storhavet i vest som nærmaste nabo. Utsikta er 360 grader. Her får du dei vakraste solnedgangar og dei barskaste hauststormane tett på. Her dansar storhavet slik berre storhavet kan. Du kan ligge å sjå på havørna som sirklar over området, eller drøyme deg bort når den magiske stjernehimmelen openbarar seg på fine netter. Fint eller stygt vær, - det er uansett ei sterk oppleving å kome så tett på naturen! Booking: https://www.gullvegengardstun.no/stormhyttene

Taggar / Nøkkelord
havutsikt
vakkert
storm
solnedgang
Hero image

Tennisbane

I Skogalivegen på Foldrøy finn du ein tennisbane som er open for alle mellom klokka 09.00-21.00.

Kategoriar
aktivitet
Taggar / Nøkkelord
tennisbane
Hero image

Tollhagen mat og kunst

Tollhagen mat og kunst ligg rett ved sida av Moster Amfi. Matserveringa og kunstutstililng er kun ope ved gitte høve, som for eksempel ved framføring av Mostraspelet eller musikalar i amfiet. Følg med på Facebook-sida deira for å sjå opningstider.

Kategoriar
Kunst
Taggar / Nøkkelord
kunst
Kunst
Hero image

UFO-ringen på Espevær

Det er skrive side opp og side ned om UFO-ringen på Espevær - ringen på bakken som ingen enno har funne ei fornuftig forklaring på. Området der ringen vart oppdaga for over 40 år sidan, blir flittig besøkt, og dei aller fleste blir imponert og prøver seg med si eiga forklaring på fenomenet. Korkje forskarar eller folk frå forsvaret som har vore på staden har kunne seie kva ringen kunne komme av, så dermed lever teorien vidare om at det må ha vore ein UFO som landa der i 1975. Uansett - besøkjer du vakre Espevær så må du ta turen ut til området, som det er fint oppmerka turløyper til.

Kategoriar
historisk
tur
Taggar / Nøkkelord
ufo
uforing
Hero image

Ulvesøy

Friluftsområdet består av fleire øyer og holmar, der Store Ulvøya er den dominerande. Dette er eit eldorado for båtfolket, med mange fine viker, svaberg og urskog av gran og furu. I Vestre Vågen finn du flytebrygge og grillhus.

Kategoriar
badeplass
båtfeste
gapahuk
Taggar / Nøkkelord
svaberg
Fiskeplass
rastebenkar
rastebenkar
grillhus
strand
flytebrygge
Hero image

Urangsvåg båthamn

Innerst i Urangsvågen har Urangsvåg båtlag ei båthamn. For å få tilgang til båtplass og fasilitetar her, må ein søkje Urangsvåg båtlag.

Kategoriar
båtlag
Taggar / Nøkkelord
båthamn
båtplass
Hero image

Utslåttøy "Slottet"

Utslåttøy er ei øy ute i havgapet, der sjøen vaskar øya kvit om vinteren. Ein må ha båt for å komme til, og det er eit båtfeste på sørsida av øya, kort veg frå kaien på Skinnhuenest. Her kan ein gå opp til ein liten lagune på øya, og her er gode forhold for grilling og camping. Hugs myggspray frå mai - oktober!

Kategoriar
tur
Camping
badeplass
Taggar / Nøkkelord
grilling
telt
Hero image

Vardane, Søre Sele

Turen til Vardane (123 moh). Løypa er godt merka, og ein har god utsikt frå toppen. Det er litt vått i løypa dersom det har regna. Det er også lagt ut tau til å halda seg i, på de få bratte partia, der fjellet kan vera litt sleipt. På toppen er det flott utsikt over storhavet. Det er og mulig å gå turen som ei rundløype, då løypa blir 4 km, som merka i starten av turen. Foto: Gutta på tur

Kategoriar
tur
Taggar / Nøkkelord
rundløype
havutsikt
Hero image

Vedvika

Vedvika ligg i Vorlandsvågen, like nord for Langevåg, på søraustsida av Bømlo. Her finn du fin badeplass, flytebrygge, toalett, gapahuk, gode parkeringsforhold og fine turmoglegheiter i området rundt.

Kategoriar
badeplass
båtfeste
kajakk
gapahuk
Taggar / Nøkkelord
strand
gapahuk
wc
flytebrygge
Hero image

Veggmåleriet på Grutle

Det flotte veggmaleriet vart måla av Steffen Hestenes i 1939. Kunstverket finn du nederst i Husabrekka. Her finn du også ein rastebenk.

Kategoriar
historisk
Kunst
Taggar / Nøkkelord
veggmåleri
rastebenk
kunst
Hero image

Veggmåleriet på Langevåg

I sentrum av Langevåg har bygdafolket måla eit flott veggmåleri midt i sentrum. Veggmåleriet er laga på dugnad, som del av eit stadutviklingsprosjekt, der bygdafolket gjennom samskaping identifserer og gjennomfører prosjekt som bidrar til å gjere staden til ein levande, attraktiv og god plass å bu og besøkje.

Kategoriar
Kunst
Taggar / Nøkkelord
veggmåleri
Hero image

Vikinggrava ved Brømsund

På veg ut til Brømsund kan ein ta ein svipptur innom 40 gamle vikinggraver.

Kategoriar
historisk
Taggar / Nøkkelord
vikinggrav
vikingtida
Hero image

Vitanaustet

Kjent naust på Rolfsnes. Er ein fin plakat på naustet der ein kan lesa seg opp om sjølve "Vitanaustet".

Kategoriar
historisk
Taggar / Nøkkelord
naust
rolfsnes
Hero image

Wichmann-smia

I den gamle smia er mange av dei legendariske Wichmannmotorane samla, inkludert den første '2-hesten' Haldor Haldorsen laga i 1902. Smia er operativ og med alt utstyr som var i bruk fram til på 1970-talet. For omvisning gå til nettstaden under, der finn du kontakt info.

Kategoriar
historisk
museum
Taggar / Nøkkelord
motor
wichmann
smia