Hero image

Opplev

Juskevika

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Juskevika er ei populær turløype på traktorveg lokalisert på Foldrøy. Siste del av løypa er på sti til inn til Tangane. Parkering og turstart ved gravplassen i Foldrøydalen. Den bortgøymte garden i Juskevika ligg ved det ytterste neset ved innløpet til Innværfjorden. Under krigen vart mange som måtte flykte frå tyskarane innlosjerte her medan dei venta på videre transport ut av landet. Bilete: Gutta på tur

Opplevingar nær Juskevika
Furuneset badestrand

Furuneset finn du i Innværfjorden, like sør for Rubbestadneset. Dette er primært ein lokal badeplass, men her er også ei lita flytebrygge med nokre få gjesteplasser og god dybde. Fin plass å legge på veg med kajakk eller SUP, og flotte område å oppleve rundt.

Badeplass ved Foldrøyvatnet

Ved Foldrøyvatnet er det ein populær badeplass med brygge, sandstrand og to stupeplattformer. Det går ein grussti frå parkeringsplassen bort til badeplassen.

Leikeplass ved Espira Rubbestadneset barnehage

Området rundt Espira Rubbestadneset barnehage innbyr til kjekke leikestunder utanfor barnehagens opningstider. Leikeplassen finn du rett i nærleiken av Rubb Stadion.

Leikeplass ved Espira Rubbestadneset barnehage

1.57 km

Les meir
Overnatting nær Juskevika
Aasheim rorbuer

Eldbjørg og Paul Jørs ønskjer velkomen til Aasheim Rorbuer. Me tilbyr 4 rorbuer m. alle fasilitetar for at di fritid skal bli vellykket. Her finner du ro i sjela, og eit ypperleg utgangspunkt for såvel fisketurar som avslapping og naturopplevelsar, med 1000 holmar og øyer innan rekkevidde.

Rorbuer på Innvær

På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.

Urangsvåg båthamn

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.

Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.