Hero image

Foto: Toralv Martin Brekke

Opplev

Bremnes kyrkje

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Bremnes kyrkje vart innvigt i 1869 og er teikna av arkitekt Nordan. I middelalderen sto det ei stavkyrkje på Bremnes, men den vart riven i 1689, då ei ny tømmerkyrkje, kalla Gåsland kyrkje, vart bygd. Denne kyrkja vart seinare erstatta av den noverande kyrkja, som er oppført i lafta plank, med utvendig liggande panel. Koret er i bindingsverk. Bremnes kyrkje er treskipa, med seks par smale stolpar som deler midtskip og sideskip. På kvar side av koret i aust er det sakristi, og i vest er det tårn over eit bredt våpenhus. Vindauga er store og spissgavlete. Kyrkja vart rehabilitert i samband med 100-årsjubileet, då blant anna koret vart forlenga og sakristi og tårnfot utvida. Innvendig er kyrkjerommet lyst, med tønnekvelva tak i midtskipet og flatt tak i sideskipa. I korets vindauge er det glasmåleri av G. Rognaldsen frå 1930-talet. Under ombygginga på 1960-talet vart galleriet forlenga austover, benkene fornya og ein korboge fjerna. Preikestolen frå 1860-talet er åttekanta og vert bore av ein åttekanta midtstolpe. Altertavla, som antakelig er måla av J. L. Losting, viser Jesu dåp etter forbilde av Tidemand og Nattverden etter Leonardo da Vincis måleri. I toppstykket kan ein sjå Krossfestinga, Oppstandinga og Himmelferda. Alterbildet er flankert av tre slanke joniske søyler som ber eit massivt toppstykke. Døypefonten, som er teikna av arkitekt Ole Halvorsen, er firkanta og laga av tre, og over heng ei lita, sølvbelagt due. Kjelder: Hoff, Anne Marta og Hans-Emil Lidén: Norges Kirker, Hordaland II, Oslo 2000

Taggar / Nøkkelord
kyrkje
Opplevingar nær Bremnes kyrkje
Blia-monumentet

På den finaste staden det går an å plassere ein minnestein står Blia-monumentet. Omkransa av Bremnes kyrkje og Storavatnet, grøne bakkar og fine lauvtrær står monumentet der høgreist og fin med namna på 3 kvinner og 40 menn som var om bord i M/K "Blia" da den la ut frå Øklandsvågen 11. november 1941 på den skjebnesvangre turen over Nordsjøen.

Storavatnet

I kommunesenteret på Bømlo ligg Storavatnet. Her er eit fint parkområdet nede ved kyrkja, ein finn Blia-monumentet, det er ein sti der ein kan gå langs vatnet ned mot austre del av sentrum, og her er ein fin plass å sitje og sole seg på gode dagar. Det er og mogleg å ta med seg ein kajakk å setje på sjøen her, eller ein kano, og padle rundt på vatnet. Det er òg ei flytebrygge ved kulturhuset.

Bømlo folkebibliotek

Bømlo folkebibliotek er eit bibliotek med 3 filialar og eit hovudbibliotek. Hovudbiblioteket ligg i fantastisk nye, flotte lokaler i Bømlo kulturhus. Filialane våre finn du på Våge skule, Moster skule og Hillestveit skule. Velkomen!

Overnatting nær Bremnes kyrkje
Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.

Urangsvåg båthamn

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.

Rorbuer på vestsida av Bømlo

Innerst i Straumen hyttegrend har Fjordtun fire rorbuer til utleige - Westside lodges. Dei har alle eigen koseleg terrasse på kaikanten. Det er flott utsikt over sjøen, og frå ei stor flytebrygge kan ein både bade og sole seg, og få tilgang til eigen båt.

Hengjo - di heilt eiga øy

Velkommen til Hengjo og velkommen til kvilepuls. Her ligg alt til rette for at ein eller to familiar skal kunne nyte dagane i rolige omgjevnader. Du parkerer bilen på fastlandet på Alvsvåg, set deg i båten, og køyrer dei 200 metrane ut til di heilt eiga øy. Her ligg Hengjo å ventar på deg. Huset er eit nybygg, men tek vare på kystkulturen og minnene som heng igjen etter den 100 år gamle nothengja som sto her fram til 2017. Hengjo har 4 faste soverom med plass til 2 personar i kvart rom, i tillegg til sovesofaer på 3 andre rom. Her er lyst, trivelig og åpent, med fleire stover, kjøken, 2 bad og fantastiske solforhold på heile øya. Her er tv og internett, utemøblar, fleire uteplassar, strand og sjø på alle kantar. Inkludert i prisen er båt og kajakkar ein kan bruke for å utforske skjærgarden blant dei 1000 øyane Bømlo Kommune består av. Storhavet ligg 7 minutt unna i båt og gode fiskeforhold å store naturopplevelsar ventar like utenfor stoveglaset. På Hengjo ligg og ein fast fortøyd seglbåt som òg kan disponerast om ein treng fleire soveplassar. I båten er det køyer til 7 personer, 3 doble og 1 enkel, bysse med liten kjøkkenkrok og masse sjarm å nostalgi.