Hero image

Opplev

Narravik

Narravik er ei fin lita badevik vest for Mosterhamn, med ein stor og slett grasbakke. Her er det gode forhold for bading, både fra strand og svaberg, og for stangfiske. Her finn du også ein spanande liten eventyrskog, grillstad, toalett og gode parkeringsforhold. Du finn fram til Narravik ved å køyre mot Mosterhamn og ta av frå RV 542 mot Notlandsvågen (FV 15).

Opplevingar nær Narravik
Mørkedalsfjellet (Ådno)

For tur i rundløypa Mørkadalsfjellet, Idrettsbanen - Kalavåg -Mørkadalsfjellet (Ådno) - Løning startar du ved idrettsbanen og lysløypa på Langevåg. Frå Ådno (102,4 moh) har du flott utsyn over bygda og Bømlafjorden. Det er òg ein utsiktskuppel der.

Baadehuset

Baadehuset, eit handelshus frå 1850-talet i Espevær, reist i ei historisk viktig tid langs kysten då vårsildfisket sørgde for store inntekter til landet. Administrasjonssentrum for fiskeriet i sørvest. Huset framstår originalt og er utstyrt med tidsrette møblar og utstyr. Skulestove – fiskeloft - bustadrom – peisestove, møbler og utstyr frå Espevær. Formidling av historia via videoframvising. Fast opningstid i sommarsesongen og sal av kaffi, te, is, brus, kort m.m. Andre opningstider iht. avtale. «Baades kjøkken» kan leigast som festlokale. For å koma til Baadehuset må ein ta kabelferja frå Garvika over Norda Sundet. Ferja er sertifisert for 4 vaksne og kostar 20 kr. Alle norske myntar kan brukast.

UFO-ringen på Espevær

Det er skrive side opp og side ned om UFO-ringen på Espevær - ringen på bakken som ingen enno har funne ei fornuftig forklaring på. Området der ringen vart oppdaga for over 40 år sidan, blir flittig besøkt, og dei aller fleste blir imponert og prøver seg med si eiga forklaring på fenomenet. Korkje forskarar eller folk frå forsvaret som har vore på staden har kunne seie kva ringen kunne komme av, så dermed lever teorien vidare om at det må ha vore ein UFO som landa der i 1975. Uansett - besøkjer du vakre Espevær så må du ta turen ut til området, som det er fint oppmerka turløyper til.

Lysløype på Langevåg

Ei kjekk lysløype som startar oppe ved idrettsbanen på Langevåg. Så går du gjennom granskog og over myrterreng på gruset vei. Det er plassert ut fleire piknikbord i løypa og du kan også ta ein avstikkar opp til vanntårnet på Langevåg. Der oppe er det flott utsikt rett vest i havet og mot aust har du Bømlafjorden med båttrafikken og ferja som krysser over til Buavåg. Foto: Monika Therese Ellingsen

Overnatting nær Narravik
Biekronå gjestehamn

Biekronå er ei gjestehamn på Espevær med 12 båtplassar. Hamnedjupne er maksimalt 3m. Andre fasilitetar: Daglegvare, diesel, dusj, elektriker, ferskvatn, kabel-TV, kafé, leikeplass, mastkran, motorservice, postkontor, slipp, straum, søppelkontainer, tilrettelagt funksjonsh., toalett, tralle, vaskemaskin. Obs: Det er ikkje ope på vinterstid.

Langevåg bubilparkering

I bakkant av Langevåg Bygdatun finn du Langevåg bubilparkering. Her har du tilgang til fasilitetar som straum, wc, dusj og vaskemaskin. Du finn daglegvarebutikk, treningstilbod og kafé like ved. Velkommen til eit triveleg opphald!

Langevåg gjestehamn

Velkommen til Langevåg Gjestehavn og Bømlo båtlag gjestehamn. Her kan du vere heile året; òg om vinteren. Gjestehamn ligg like ved ligger daglegvarebutikk, minibank, kafé og leikeplass, også treningssenter, solarium og buldrerom for born. Dieselpumpe med kortautomat. «Grillhus» på kaien. Det går sommerpatrulje i fellesferien som tar hamneavgift, og deler ut informasjon mv. Båser merka med grønt skilt er ledig, raudt oppteke. Godt med straumuttak og fleire plasser for å bunkre vatn. Gratis WiFi.

Lykling gjestehamn

Lykling gjestehamn har vanlegvis 10-15 gjesteplassar, men kan lage plass til fleire om naudsynt. Her er det både dusj, toalett og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Bademoglegheiter i hamna. Kafeteria på kaien kvar torsdagskveld fra kl 17.30 heile året. 6 km til butikk, men dagligvarer kan bringes. Det er også eit koseleg selskapslokale for utleige på kaien i hamna. Foto: Nils-Tore Sele, Bømlonytt