Hero image

Foto: Toralv Martin Brekke

Opplev

Siggjo

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Siggjo er ein av dei mest populære toppturane på Bømlo, og kommunen sitt høgste fjell med sine 474 meter over havet. Fjellet har ein karakteristisk profil, og er synlig fra store deler av Sunnhordland. For mange er det eit viktig seglingsmerke når dei er ute til havs. På klåre dager ser ein heile Sunnhordland frå toppen, og heilt inn til Folgefonna. Og er du der på kvelden, er det rein magi når sola går ned i havet.

Opplevingar nær Siggjo
Åreiddalen

I Åreiddalen finn du kai, badestrand og grasslette, grillstader og toalett, samt fine forhold for fiske og bærplukking. Vil du til topps på Siggjo (474 moh), eit av dei fineste utsiktspunktene og mest kjente seilingsmerkene langs kysten, kan Åreiddalen være et godt utgangspunkt.

Sølvrusteklubben

Sti frå parkeringsplassen frå Siggjarvåg. Stien går forbi Nyastemmo, som tidlegare var sag og mølle. Utsiktspunkt mot Finnåsvatnet frå toppen av Sølvrusteklubben. Stien går tilbake over Laksakaret mellom Finnåsvatnet og Holmedalsvatnet. Foto: Nils Magne Helle

Minnesmerket ved Børøyfjorden

Minnesmerket ved Børøyfjorden er ei minnestøtte over mannskapet på eit engelsk fly som styrta i fjorden tidleg om morgonen 13. august 1941.

Overnatting nær Siggjo
Aasheim rorbuer

Eldbjørg og Paul Jørs ønskjer velkomen til Aasheim Rorbuer. Me tilbyr 4 rorbuer m. alle fasilitetar for at di fritid skal bli vellykket. Her finner du ro i sjela, og eit ypperleg utgangspunkt for såvel fisketurar som avslapping og naturopplevelsar, med 1000 holmar og øyer innan rekkevidde.

Rorbuer på Innvær

På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.

Hengjo - di heilt eiga øy

Velkommen til Hengjo og velkommen til kvilepuls. Her ligg alt til rette for at ein eller to familiar skal kunne nyte dagane i rolige omgjevnader. Du parkerer bilen på fastlandet på Alvsvåg, set deg i båten, og køyrer dei 200 metrane ut til di heilt eiga øy. Her ligg Hengjo å ventar på deg. Huset er eit nybygg, men tek vare på kystkulturen og minnene som heng igjen etter den 100 år gamle nothengja som sto her fram til 2017. Hengjo har 4 faste soverom med plass til 2 personar i kvart rom, i tillegg til sovesofaer på 3 andre rom. Her er lyst, trivelig og åpent, med fleire stover, kjøken, 2 bad og fantastiske solforhold på heile øya. Her er tv og internett, utemøblar, fleire uteplassar, strand og sjø på alle kantar. Inkludert i prisen er båt og kajakkar ein kan bruke for å utforske skjærgarden blant dei 1000 øyane Bømlo Kommune består av. Storhavet ligg 7 minutt unna i båt og gode fiskeforhold å store naturopplevelsar ventar like utenfor stoveglaset. På Hengjo ligg og ein fast fortøyd seglbåt som òg kan disponerast om ein treng fleire soveplassar. I båten er det køyer til 7 personer, 3 doble og 1 enkel, bysse med liten kjøkkenkrok og masse sjarm å nostalgi.

Lykling gjestehamn

Lykling gjestehamn har vanlegvis 10-15 gjesteplassar, men kan lage plass til fleire om naudsynt. Her er det både dusj, toalett og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Bademoglegheiter i hamna. Kafeteria på kaien kvar torsdagskveld fra kl 17.30 heile året. 6 km til butikk, men dagligvarer kan bringes. Det er også eit koseleg selskapslokale for utleige på kaien i hamna. Foto: Nils-Tore Sele, Bømlonytt