Hero image

Opplev

Bømlo Miljøsentral - SIM

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Ein miljøsentral er det same som ein gjenvinningsstasjon. På miljøsentralen kan du levera avfall som du ikkje få plass til i bosdunken, eller som du ikkje har lov til å kasta der. Du må sjølv sortera avfallet ditt på miljøsentralen, men sentralen er organisert slik at sorteringa er enkel. Alt avfall som SIM får inn på miljøsentralane og som kan brukast om att, går til gjenvinning; anten som materialgjenvinning eller energigjenvinning.

Taggar / Nøkkelord
kompostjord
gjenvinning
miljøsentral
Opplevingar nær Bømlo Miljøsentral - SIM
Hjartåsen, ved rasteplass i Hollundsløypa

Kjør til Hollund Barnehage. Parker på parkeringsplassen her, ein kan også parkere ved rødekorshuset og gå inn til barnehagen derfrå. Gå på skogsvei forbi barnehagen og fortsett på merka vei/sti til Store Hjartåsen. Flott grusveg inn til Hjartåsen og her finn du rasteplass med bålpanne osv. Du kan også fortsetja på rundtur på merka rundløype attende til Hollund Barnehage. Rundtur på ca. 3,5 km Foto: Bømlo turlag

Hjartåsen, ved rasteplass i Hollundsløypa

1.02 km

Les meir
Fet

Bømlo Turlag har laga Gapahuk ved Raunevatnet i nærleiken av lysløypa og ved foten av Svortland / Mæland / Gilje marka. Dette er eit svært mykje nytta turområde i sentrum. Lysløypa er universal utforma og er tilgjengeleg for dei aller fleste. Løypa er godt merka og vedlikeholdt av Gutta på tur. Inne i Fet-løypa finn du også ei refleksløype, aktivitetspark for trening og tarzan-løype.

Leikeplass ved Maurtua barnehage

Det flotte område til Maurtua barnehage er perfekt for leik, moro og utforsking. Barnehagen har Svortland barneskule, ungdomsskule, idrettsanlegg og svømmebasseng som næraste nabo. Rett ved sida finn du også inngangen til Fet-løypa.

Bømlo symjehall

Bømlo symjehall er eit topp moderne svømmeanlegg på Svortland. Anlegget rommar eit standard konkurransebasseng (25 meter) med seks banar og stupetårn på ein, tre og fem meter. I tillegg har me opplæringsbasseng, badstue, kiosk og badebutikk.

Overnatting nær Bømlo Miljøsentral - SIM
Rorbuer på Innvær

På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.

Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.

Urangsvåg båthamn

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.

Aasheim rorbuer

Eldbjørg og Paul Jørs ønskjer velkomen til Aasheim Rorbuer. Me tilbyr 4 rorbuer m. alle fasilitetar for at di fritid skal bli vellykket. Her finner du ro i sjela, og eit ypperleg utgangspunkt for såvel fisketurar som avslapping og naturopplevelsar, med 1000 holmar og øyer innan rekkevidde.