Hero image

Opplev

Bergesfjellet

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Frå riksveg 541, Vika, fylgjer ein skilt merka "Berge". Det går bilveg fram til Bergehuset på Berge, ein strekning på ca. 0,5 km. Frå Bergehuset går merka sti opp på fjellet. Flott utsiktspunkt på toppen av Bergesfjellet. Skilt merka "Bergesfjellet" syner lettaste vegen. Tek du turen ein klar haustdag, kan du skua utover havet i vest, Sveio over Bømlafjorden i aust, kanskje sjå Steinsfjellet (Haugesund) i sør og Siggjo i nord.

Opplevingar nær Bergesfjellet
Skippervik Frisbee

Skippervik Frisbeegolfklubbs 18 holsbane finn du på idylliske Vika, sør på Bømlo. Foto: Bømlonytt

Kvernavatnet, Langevåg

Du kjører på riksveg 541 til søra Bømlo. Ta av mot Andal og du finn stien 50 meter forbi parkeringsplassen ved vegen opp til BVA sitt anlegg på venstre hand eit lite stykke forbi gamle kyrkja. Turen til/frå Kvernavatnet kan du enten gå på ein traktorveg som går frå BVA sitt hus eller du kan gå på den godt merka kyrkjestien via Kvernehuset i Vorlandskogen. Stien anbefalast. Foto: Nils Magne Helle

Vedvika

Vedvika ligg i Vorlandsvågen, like nord for Langevåg, på søraustsida av Bømlo. Her finn du fin badeplass, flytebrygge, toalett, gapahuk, gode parkeringsforhold og fine turmoglegheiter i området rundt.

Overnatting nær Bergesfjellet
Langevåg gjestehamn

Velkommen til Langevåg Gjestehavn og Bømlo båtlag gjestehamn. Her kan du vere heile året; òg om vinteren. Gjestehamn ligg like ved ligger daglegvarebutikk, minibank, kafé og leikeplass, også treningssenter, solarium og buldrerom for born. Dieselpumpe med kortautomat. «Grillhus» på kaien. Det går sommerpatrulje i fellesferien som tar hamneavgift, og deler ut informasjon mv. Båser merka med grønt skilt er ledig, raudt oppteke. Godt med straumuttak og fleire plasser for å bunkre vatn. Gratis WiFi.

Langevåg bubilparkering

I bakkant av Langevåg Bygdatun finn du Langevåg bubilparkering. Her har du tilgang til fasilitetar som straum, wc, dusj og vaskemaskin. Du finn daglegvarebutikk, treningstilbod og kafé like ved. Velkommen til eit triveleg opphald!

Biekronå gjestehamn

Biekronå er ei gjestehamn på Espevær med 12 båtplassar. Hamnedjupne er maksimalt 3m. Andre fasilitetar: Daglegvare, diesel, dusj, elektriker, ferskvatn, kabel-TV, kafé, leikeplass, mastkran, motorservice, postkontor, slipp, straum, søppelkontainer, tilrettelagt funksjonsh., toalett, tralle, vaskemaskin. Obs: Det er ikkje ope på vinterstid.

Lykling gjestehamn

Lykling gjestehamn har vanlegvis 10-15 gjesteplassar, men kan lage plass til fleire om naudsynt. Her er det både dusj, toalett og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Bademoglegheiter i hamna. Kafeteria på kaien kvar torsdagskveld fra kl 17.30 heile året. 6 km til butikk, men dagligvarer kan bringes. Det er også eit koseleg selskapslokale for utleige på kaien i hamna. Foto: Nils-Tore Sele, Bømlonytt