Hero image

Opplev

Laurits-klåven

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Motstandsmannen Laurits Andreas Klubben søkte tilflukt i den såkalla Laurits-klåven i Gjøsætermarka då Gestapo brende ned huset hans då dei kom for å arrestere han i april 1945. Klubben hadde mellom anna halde flyktningar skjult under krigen, i flyktningehola på Samnungsøya. Parkering ved vasstasjonen til BVA - stien byrjar 100 meter nord for parkeringa, til venstre i ei lomme i vegkanten.

Opplevingar nær Laurits-klåven
Stongervågen rundt

Denne løypa er 3,5 km og tar omlag 45 minutt frå Stangarvågen, og rundt til Brubrekka. Løypa startar frå Rolfsnesvegen inn til ein skogveg inst i Stangarvågen. Terrenget er lett, med delvis grusa stier. Løypa eignar seg fint for ein familietur, sjølv om delar av turen er myrlendt. Litt over halvvegs ved vatnet blir det litt klatring, men vel over kan du belønna deg sjølv med godt ferskvatn. Stien sluttar/startar like ved brua i Brubrekka.

Bjørndalsfjellet

Parker ved Rolvsnes Skule. Her kan du gå rundløype på merka sti til Bjørndalsfjellet. Du kan også gå 250 meter på bilveien mot Rubbestadneset og ta av på merka sti på venstre side av veien eller du kan gå på merka sti frå austsida av Rolvsnes Skule.

 Kringlo badeplass

Kringlo er eit ferskvatn der ein kan bade på Rolfsnes. Her er fint å ta seg ein dukkert på varme sommardagar.

Ereviksfjellet

Ereviksfjellet er ein flott utsiktstopp på Goddo. Kortaste vegen er frå stien like over Goddebrua. Du kan også gå frå Åno. Det er også ei fin rundløype via Barmane og attende til utgongspunktet. Løypene er godt merka på Goddo.

Overnatting nær Laurits-klåven
Erevik grendatun bubilparkering

Erevik grendatun bubilparkering ligg like ved sjøen ved RV 542, ca 8 km fra kommunesenteret Svortland og ca 10 km fra Brandasund. Maks antall 6 bubilar og hovudsakeleg i vekedagene, då tunet ofte er utleigd til arrangement i helgene (spør kontaktperson). Barnevenleg med leikeplass, ballbinge og badeplass. Fine høve for fisketurer, kajakkpadling og anna vatnsport. I tillegg tilbyr Goddo fine turløyper i flotte naturområder.

Sjøly rorbuferie

Sjøly rorbuferie er eit sørausstvendt og lunt beliggande feriehus/rorbu i maritim stil med høg standard, på endetomt utanfor Urangsvåg. Det er plass til 6 vaksne og 2 born under 16 år i feriehuset. Det er også mogleg å leige velutstyrte båtar godt eigna for fiske

Rorbuer i Urangsvåg

Habbestad Rorbuutleige har to rorbuer som kan leigast kvar for seg eller saman. Rorbuene ligg usjenert på Steganeset ved innløpet til Urangsvågen, har fin terrasse ved inngangspartiet, god parkering og stor platting på kaien. Like ved rorbuene er det ei lita strand, og ein kan leige båt. Bestilling gjer ein via Dancenter, og er i hovudsak vekesleige laurdag-laurdag. I perioden 1. oktober - 1. april kan ein leige over kortare eller lengre periodar. Leige i denne perioden gjer ein direkte med Habbestad Rorbuutleige.

Urangsvåg båthamn

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.