Hero image

Opplev

Siggjarvåg båtlag

Type of attraction icon
Type of attraction icon

I Siggjarvågen er det ei naturleg lun hamn der båtane er godt beskytta frå vêr og vind. Ta kontakt med Siggjarvåg båtlag ved leiar Rune Gardner for meir informasjon om kapasitet og prisar for båtplass.

Opplevingar nær Siggjarvåg båtlag
Sølvrusteklubben

Sti frå parkeringsplassen frå Siggjarvåg. Stien går forbi Nyastemmo, som tidlegare var sag og mølle. Utsiktspunkt mot Finnåsvatnet frå toppen av Sølvrusteklubben. Stien går tilbake over Laksakaret mellom Finnåsvatnet og Holmedalsvatnet. Foto: Nils Magne Helle

Siggjo

Siggjo er ein av dei mest populære toppturane på Bømlo, og kommunen sitt høgste fjell med sine 474 meter over havet. Fjellet har ein karakteristisk profil, og er synlig fra store deler av Sunnhordland. For mange er det eit viktig seglingsmerke når dei er ute til havs. På klåre dager ser ein heile Sunnhordland frå toppen, og heilt inn til Folgefonna. Og er du der på kvelden, er det rein magi når sola går ned i havet.

Baståsen

Denne løypa blir også kalla John's Track. Løypa er ei ringløype som går frå parkeringsplassen i Folderøydalen, opp til Baståsen, nesten til Sætre og tilbake til Folderøy og følgjer hovudvegen tilbake til Folderøydalen. Løypa går delvis langs gamle gongstiar, men og langs nyare traktorvegar. Du kan starte frå saga i Mækjebakken, ved Ekornsætre, Sætre, Foldrøy eller Oldereid. Det vart lenge bygd robåtar i Baståsen, og desse vart dregne med hest til sjøen ved Mækjebakken. Det blei og sagt at kona på plassen gjekk frå Baståsen til Åreiddalen med mat til husbonden kvar dag då han arbeidde på saga der. Løypa er godt merka og vedlikeholdt av "Gutta på tur".

Tennisbane

I Skogalivegen på Foldrøy finn du ein tennisbane som er open for alle mellom klokka 09.00-21.00.

Overnatting nær Siggjarvåg båtlag
Aasheim rorbuer

Eldbjørg og Paul Jørs ønskjer velkomen til Aasheim Rorbuer. Me tilbyr 4 rorbuer m. alle fasilitetar for at di fritid skal bli vellykket. Her finner du ro i sjela, og eit ypperleg utgangspunkt for såvel fisketurar som avslapping og naturopplevelsar, med 1000 holmar og øyer innan rekkevidde.

Rorbuer på Innvær

På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.

Hengjo - di heilt eiga øy

Velkommen til Hengjo og velkommen til kvilepuls. Her ligg alt til rette for at ein eller to familiar skal kunne nyte dagane i rolige omgjevnader. Du parkerer bilen på fastlandet på Alvsvåg, set deg i båten, og køyrer dei 200 metrane ut til di heilt eiga øy. Her ligg Hengjo å ventar på deg. Huset er eit nybygg, men tek vare på kystkulturen og minnene som heng igjen etter den 100 år gamle nothengja som sto her fram til 2017. Hengjo har 4 faste soverom med plass til 2 personar i kvart rom, i tillegg til sovesofaer på 3 andre rom. Her er lyst, trivelig og åpent, med fleire stover, kjøken, 2 bad og fantastiske solforhold på heile øya. Her er tv og internett, utemøblar, fleire uteplassar, strand og sjø på alle kantar. Inkludert i prisen er båt og kajakkar ein kan bruke for å utforske skjærgarden blant dei 1000 øyane Bømlo Kommune består av. Storhavet ligg 7 minutt unna i båt og gode fiskeforhold å store naturopplevelsar ventar like utenfor stoveglaset. På Hengjo ligg og ein fast fortøyd seglbåt som òg kan disponerast om ein treng fleire soveplassar. I båten er det køyer til 7 personer, 3 doble og 1 enkel, bysse med liten kjøkkenkrok og masse sjarm å nostalgi.

Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.