Hero image

Opplev

Nordsjøruta gjennom Bømlo (EuroVelo)

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Bømlo er del av den europeiske Nordsjøruta for sykkel (EuroVelo-ruta). Kjem ein sørfrå, går turen med ferje frå Buavåg til Langevåg, og strekk seg vidare til Sakseid – Finnåsvegen til Håvik, Gassasundet og så E39 Stord vidare mot Bergen. Det er ein flott sykkeltur gjennom vakker natur, med moglegheit for mat-stopp på enten Langevåg Bygdatun kafé eller Kulleseidkanalen Gjestehavn, eller berre raste på ein av dei mange flotte stadane langs løypa. Nordsjøruta strekk seg gjennom sju land, og rett gjennom Sunnhordland. Det er sjølvsagt fullt mogleg å starte turen på sykkel på Bømlo, og reise på berekraftig sykkelferie ut i Europa òg.

Opplevingar nær Nordsjøruta gjennom Bømlo (EuroVelo)
Vedvika

Vedvika ligg i Vorlandsvågen, like nord for Langevåg, på søraustsida av Bømlo. Her finn du fin badeplass, flytebrygge, toalett, gapahuk, gode parkeringsforhold og fine turmoglegheiter i området rundt.

Leikeplassen ved Langevåg Barnehage

Leikeplassen ved Langevåg barnehage er eit kjekt område med ulike leikeapparat.

Minnesmerket ved Bømlo kyrkje

Minnesmerket ved Bømlo kyrkje.

Fridtun - Anno 1845

Er det eldste bevarte samlingshuset i Noreg. Fridtun ligg like ved gjestehamna i Langevåg. Foto: @vakrebomlo

Overnatting nær Nordsjøruta gjennom Bømlo (EuroVelo)
Langevåg gjestehamn

Velkommen til Langevåg Gjestehavn og Bømlo båtlag gjestehamn. Her kan du vere heile året; òg om vinteren. Gjestehamn ligg like ved ligger daglegvarebutikk, minibank, kafé og leikeplass, også treningssenter, solarium og buldrerom for born. Dieselpumpe med kortautomat. «Grillhus» på kaien. Det går sommerpatrulje i fellesferien som tar hamneavgift, og deler ut informasjon mv. Båser merka med grønt skilt er ledig, raudt oppteke. Godt med straumuttak og fleire plasser for å bunkre vatn. Gratis WiFi.

Langevåg bubilparkering

I bakkant av Langevåg Bygdatun finn du Langevåg bubilparkering. Her har du tilgang til fasilitetar som straum, wc, dusj og vaskemaskin. Du finn daglegvarebutikk, treningstilbod og kafé like ved. Velkommen til eit triveleg opphald!

Biekronå gjestehamn

Biekronå er ei gjestehamn på Espevær med 12 båtplassar. Hamnedjupne er maksimalt 3m. Andre fasilitetar: Daglegvare, diesel, dusj, elektriker, ferskvatn, kabel-TV, kafé, leikeplass, mastkran, motorservice, postkontor, slipp, straum, søppelkontainer, tilrettelagt funksjonsh., toalett, tralle, vaskemaskin. Obs: Det er ikkje ope på vinterstid.

Lykling gjestehamn

Lykling gjestehamn har vanlegvis 10-15 gjesteplassar, men kan lage plass til fleire om naudsynt. Her er det både dusj, toalett og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Bademoglegheiter i hamna. Kafeteria på kaien kvar torsdagskveld fra kl 17.30 heile året. 6 km til butikk, men dagligvarer kan bringes. Det er også eit koseleg selskapslokale for utleige på kaien i hamna. Foto: Nils-Tore Sele, Bømlonytt