Hero image

Foto: Toralv Martin Brekke

Opplev

Drageidet - Bismarsundet

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Bismarsundet går mellom Goddo og Goddeholmen (Goddehesten). I 1877 stod Bismarsundskanalen ferdig. Den er 215 m lang og ca 2 m djup. På sørsida av Bismarsundet ligg ein fin badeplass. Det er ikkje strand, men ein kan hoppa uti. Ein vaksen vil kunne stå på skjelsandbotn. Rykte seier at det kan vere flyndrer å sjå. På nordsida inn til høgre er også ein flott badeplass med Svaberg.

Opplevingar nær Drageidet - Bismarsundet
Klatring på Klovafjell

På Klovafjell er det mogleg å drive med fjellklatring for dei med eige utstyr og kompetanse. Det er fast og fint fjell og lange ruter med ulik vanskelighetsgrad. Det er mogleg å henge opp topptau, men då må ein rappellere fyrst. Det er også mogleg å gå opp til toppen på sti fra nord eller vest. Fra toppen er det fantastisk panorama mot vest. Klovafjell er toppen med den kvite kuppelen som er ein av Meterologisk Institutt sine vêrradarer. Tips: sjå solnedgongen herfrå.

Bømlo Skulemuseum

Bømlo Skulemuseum vart oppretta i 1999. Katla skule på Skinnhueneset vart bygd i 1900 og var i bruk fram til 1973. Det er den einaste skulen på Bømlo, som bortsett fra nødvendig vedlikehold, er uendra. Her kan ein få omvising kvar søndag i juli.

Barmane

På vestsida av Goddo finner du den lille fjorden Barmane. Innerst i Barmane finner du et idyllisk friluftslivs- og turområde med flytebrygger og rasteplasser i strandsonen. Her er fint å overnatte, både i båten eller i telt på land, her er fint å gå tur i området rundt, bade, og ikkje minst fiske frå land.

Overnatting nær Drageidet - Bismarsundet
Erevik grendatun bubilparkering

Erevik grendatun bubilparkering ligg like ved sjøen ved RV 542, ca 8 km fra kommunesenteret Svortland og ca 10 km fra Brandasund. Maks antall 6 bubilar og hovudsakeleg i vekedagene, då tunet ofte er utleigd til arrangement i helgene (spør kontaktperson). Barnevenleg med leikeplass, ballbinge og badeplass. Fine høve for fisketurer, kajakkpadling og anna vatnsport. I tillegg tilbyr Goddo fine turløyper i flotte naturområder.

Sjøly rorbuferie

Sjøly rorbuferie er eit sørausstvendt og lunt beliggande feriehus/rorbu i maritim stil med høg standard, på endetomt utanfor Urangsvåg. Det er plass til 6 vaksne og 2 born under 16 år i feriehuset. Det er også mogleg å leige velutstyrte båtar godt eigna for fiske

Rorbuer i Urangsvåg

Habbestad Rorbuutleige har to rorbuer som kan leigast kvar for seg eller saman. Rorbuene ligg usjenert på Steganeset ved innløpet til Urangsvågen, har fin terrasse ved inngangspartiet, god parkering og stor platting på kaien. Like ved rorbuene er det ei lita strand, og ein kan leige båt. Bestilling gjer ein via Dancenter, og er i hovudsak vekesleige laurdag-laurdag. I perioden 1. oktober - 1. april kan ein leige over kortare eller lengre periodar. Leige i denne perioden gjer ein direkte med Habbestad Rorbuutleige.

Rorbuer på vestsida av Bømlo

Innerst i Straumen hyttegrend har Fjordtun fire rorbuer til utleige - Westside lodges. Dei har alle eigen koseleg terrasse på kaikanten. Det er flott utsikt over sjøen, og frå ei stor flytebrygge kan ein både bade og sole seg, og få tilgang til eigen båt.