Hero image

Foto: Øystein Gjerde

Opplev

Dykking ved Geitung og Brattholmssundet

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Ved Geitung og Brattholmsundet er det fint og dykke. Fin tareskog og sandbotn, dyreliv og kamskjell. Det tek omlag 10 - 15 min med 20 knops fart å komme hit frå Kulleseidkanalen og bua til Bømlo Sportsdykkere.

Taggar / Nøkkelord
blekksprut
kamskjell
tare
sandbotn
Opplevingar nær Dykking ved Geitung og Brattholmssundet
Gullvegen gardstun

Garden ligg i gullgruvefeltet på Lykling der Noregs største gullgruveindustri utspant seg på slutten av 1800-tallet. Gullvegen Gardstun har sidan oppstarten av utviklinga (2017) blitt ein særs populær besøksgard og reiselivsdestinasjon. Med fokus og fremming av historia på Lykling, pakka inn med gull, gullvaskeleir, fantastisk kystlandskap, tradisjon, husdyr, yrande gardsliv og aktivitetar tilpassa store og små.

Veggmåleriet på Grutle

Det flotte veggmaleriet vart måla av Steffen Hestenes i 1939. Kunstverket finn du nederst i Husabrekka. Her finn du også ein rastebenk.

Gullgruveområdet på Lyklinggull

På Lykling fann ein gjetargut den første gullklumpen i 1862. Frå 1882-1910 vart det drive gullgruver i stor stil langsetter kvartsårene i Lyklingeberga, med 4-500 mann tilsett på det meste og omlag 200 kilo som total gullfangst. Opplev det som er att av gruveeventyret på Lykling, og ta gjerne turen i ei av dei flotte turløypene her. Parkering v/skilt på Verkjet, eller ved snuplass.

Vardane, Søre Sele

Turen til Vardane (123 moh). Løypa er godt merka, og ein har god utsikt frå toppen. Det er litt vått i løypa dersom det har regna. Det er også lagt ut tau til å halda seg i, på de få bratte partia, der fjellet kan vera litt sleipt. På toppen er det flott utsikt over storhavet. Det er og mulig å gå turen som ei rundløype, då løypa blir 4 km, som merka i starten av turen. Foto: Gutta på tur

Overnatting nær Dykking ved Geitung og Brattholmssundet
Stormhytter på Gullvegen Gardstun

Stormhyttene på Lykling eit overnattingstilbod for deg som ynskjer ei oppleving ulikt alt anna. Plassert i det gamle gullgravarfeltet der Noregs største gullgruveindustri utspant seg på slutten av 1800-talet og rett ved garden Gullvegen Gardstun, med storhavet i vest som nærmaste nabo. Utsikta er 360 grader. Her får du dei vakraste solnedgangar og dei barskaste hauststormane tett på. Her dansar storhavet slik berre storhavet kan. Du kan ligge å sjå på havørna som sirklar over området, eller drøyme deg bort når den magiske stjernehimmelen openbarar seg på fine netter. Fint eller stygt vær, - det er uansett ei sterk oppleving å kome så tett på naturen! Booking: https://www.gullvegengardstun.no/stormhyttene

Lykling gjestehamn

Lykling gjestehamn har vanlegvis 10-15 gjesteplassar, men kan lage plass til fleire om naudsynt. Her er det både dusj, toalett og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Bademoglegheiter i hamna. Kafeteria på kaien kvar torsdagskveld fra kl 17.30 heile året. 6 km til butikk, men dagligvarer kan bringes. Det er også eit koseleg selskapslokale for utleige på kaien i hamna. Foto: Nils-Tore Sele, Bømlonytt

Hengjo - di heilt eiga øy

Velkommen til Hengjo og velkommen til kvilepuls. Her ligg alt til rette for at ein eller to familiar skal kunne nyte dagane i rolige omgjevnader. Du parkerer bilen på fastlandet på Alvsvåg, set deg i båten, og køyrer dei 200 metrane ut til di heilt eiga øy. Her ligg Hengjo å ventar på deg. Huset er eit nybygg, men tek vare på kystkulturen og minnene som heng igjen etter den 100 år gamle nothengja som sto her fram til 2017. Hengjo har 4 faste soverom med plass til 2 personar i kvart rom, i tillegg til sovesofaer på 3 andre rom. Her er lyst, trivelig og åpent, med fleire stover, kjøken, 2 bad og fantastiske solforhold på heile øya. Her er tv og internett, utemøblar, fleire uteplassar, strand og sjø på alle kantar. Inkludert i prisen er båt og kajakkar ein kan bruke for å utforske skjærgarden blant dei 1000 øyane Bømlo Kommune består av. Storhavet ligg 7 minutt unna i båt og gode fiskeforhold å store naturopplevelsar ventar like utenfor stoveglaset. På Hengjo ligg og ein fast fortøyd seglbåt som òg kan disponerast om ein treng fleire soveplassar. I båten er det køyer til 7 personer, 3 doble og 1 enkel, bysse med liten kjøkkenkrok og masse sjarm å nostalgi.

Langevåg gjestehamn

Velkommen til Langevåg Gjestehavn og Bømlo båtlag gjestehamn. Her kan du vere heile året; òg om vinteren. Gjestehamn ligg like ved ligger daglegvarebutikk, minibank, kafé og leikeplass, også treningssenter, solarium og buldrerom for born. Dieselpumpe med kortautomat. «Grillhus» på kaien. Det går sommerpatrulje i fellesferien som tar hamneavgift, og deler ut informasjon mv. Båser merka med grønt skilt er ledig, raudt oppteke. Godt med straumuttak og fleire plasser for å bunkre vatn. Gratis WiFi.