Opplev
Leikeplass ved Huset
Det flotte SFO-bygget på Foldrøy har namnet "Huset". Her finn du eit inngjerda uteområde med bla. zipline, leikeapparat, sandkasse, UFO-reile, slengtau og klatrevegg. "Huset" ligg rett ved sida av Foldrøy skule.
- Taggar / Nøkkelord
- zipline
- slengtau
- leikeapparat
Kari Berger har keramikkverkstad og galleri på Foldrøy. Der er du hjarteleg velkomen. For å vere sikker på at ho er heime kan du ringe 4521848.
Gravstøtta til Ole Bertin Pettersen ved Foldrøy gamle kyrkjegard. Innskrift på plaketten: «Her hviler en sønn av Romanifolket Ole Bertin Pettersen, f, 6 januar 1917. Uskyldig skutt og drept av tyske soldater under 2 verdenskrig, 11. september 1942. Ole Bertin bodde med sin familie i naustet til Martines Haldorsen på Rubbestadneset, hvor ugjerningen fant sted. Fri som fuglen du var, vingeklippet du ble, men kjærligheten fra Romanifolket lever videre. Hvil i fred. Du vil aldri bli glemt. Plaketten er montert av Landsorganisasjonen for Romanifolket avd. Bergen/Hordaland»
Ved Foldrøyvatnet er det ein populær badeplass med brygge, sandstrand og to stupeplattformer. Det går ein grussti frå parkeringsplassen bort til badeplassen.
På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.
I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.
I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.
Velkommen til Hengjo og velkommen til kvilepuls. Her ligg alt til rette for at ein eller to familiar skal kunne nyte dagane i rolige omgjevnader. Du parkerer bilen på fastlandet på Alvsvåg, set deg i båten, og køyrer dei 200 metrane ut til di heilt eiga øy. Her ligg Hengjo å ventar på deg. Huset er eit nybygg, men tek vare på kystkulturen og minnene som heng igjen etter den 100 år gamle nothengja som sto her fram til 2017. Hengjo har 4 faste soverom med plass til 2 personar i kvart rom, i tillegg til sovesofaer på 3 andre rom. Her er lyst, trivelig og åpent, med fleire stover, kjøken, 2 bad og fantastiske solforhold på heile øya. Her er tv og internett, utemøblar, fleire uteplassar, strand og sjø på alle kantar. Inkludert i prisen er båt og kajakkar ein kan bruke for å utforske skjærgarden blant dei 1000 øyane Bømlo Kommune består av. Storhavet ligg 7 minutt unna i båt og gode fiskeforhold å store naturopplevelsar ventar like utenfor stoveglaset. På Hengjo ligg og ein fast fortøyd seglbåt som òg kan disponerast om ein treng fleire soveplassar. I båten er det køyer til 7 personer, 3 doble og 1 enkel, bysse med liten kjøkkenkrok og masse sjarm å nostalgi.