Opplev
Kurebu dagsturhytte på Goddo
Dagsturhytta Kurebu som lokalt heiter "Kurebuo" ligg i fint turterreng på Goddo. Det er fleire innfallsportar for å nå hytta. Hytta har ein liten vedovn, bibliotek med nynorske barnebøker og sittebenker inne- og utanfor. Her er det fint å ete matpakken og ta ein god pust i bakken. Det er ikkje lov å overnatte på hytta. Forlat hytta slik du ønskjer å finne den, rein og fin. Turbeskriving til hytta: Start gjerne ved Goddebrua (Kinnestraumen bru) og gå på merka løype til Kurebu. Stien er god og mykje nytta. Turen er i underkant av 1,5 km. Beregn ca. 30 minutt på turen. Andre startstader er å gå via Barmane, fra Kruneneset eller Ånderå. Om du vil forlenge turen, er det fint å gå rundt Araskårvatnet som ligg like ved dagsturhytta.
- Taggar / Nøkkelord
- nistetur
- wc
- barnebibliotek
- vedovn
- dagsturhytte
Ereviksfjellet er ein flott utsiktstopp på Goddo. Kortaste vegen er frå stien like over Goddebrua. Du kan også gå frå Åno. Det er også ei fin rundløype via Barmane og attende til utgongspunktet. Løypene er godt merka på Goddo.
Nordaust i Barmane finn du idylliske Plassaholmen, med flott kai, flytebrygger, lune viker og små grusstrender omkransa av bjørk og pil.
På vestsida av Goddo finner du den lille fjorden Barmane. Innerst i Barmane finner du et idyllisk friluftslivs- og turområde med flytebrygger og rasteplasser i strandsonen. Her er fint å overnatte, både i båten eller i telt på land, her er fint å gå tur i området rundt, bade, og ikkje minst fiske frå land.
Erevik grendatun bubilparkering ligg like ved sjøen ved RV 542, ca 8 km fra kommunesenteret Svortland og ca 10 km fra Brandasund. Maks antall 6 bubilar og hovudsakeleg i vekedagene, då tunet ofte er utleigd til arrangement i helgene (spør kontaktperson). Barnevenleg med leikeplass, ballbinge og badeplass. Fine høve for fisketurer, kajakkpadling og anna vatnsport. I tillegg tilbyr Goddo fine turløyper i flotte naturområder.
Sjøly rorbuferie er eit sørausstvendt og lunt beliggande feriehus/rorbu i maritim stil med høg standard, på endetomt utanfor Urangsvåg. Det er plass til 6 vaksne og 2 born under 16 år i feriehuset. Det er også mogleg å leige velutstyrte båtar godt eigna for fiske
Innerst i Straumen hyttegrend har Fjordtun fire rorbuer til utleige - Westside lodges. Dei har alle eigen koseleg terrasse på kaikanten. Det er flott utsikt over sjøen, og frå ei stor flytebrygge kan ein både bade og sole seg, og få tilgang til eigen båt.
I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.