Opplev
Flyktningehola på Samnungsøy
Hola på Samnungsøya, der motstandsmannen Laurits Klubben gøymde 4 ettersøkte menn i mai 1943. Legg til ved steinbryggja og ta turen opp til hola. Her finn du òg ein plakett med namn på flyktningane.
- Taggar / Nøkkelord
- gøymestad
- 2.verdskrig
Langgrunn strand inst i vågen. Der kan dei yngste fanga krabbar, reker og småfisk. På stranda er det fint å koma inn med kajakk. Litt lenger ute er det fine svaberg. Hald midt i sundet når du går inn i vågen. Det er ei grunne på kvar side. Det er sett opp fortøyningsboltar. Hald strand og svaberg reine og ta med boset heim, så er alle nøgde.
Rogøysundet er ein flott plass for padling. Ett flott og variert landskap. Det er også ein god plass for dorging.
Nesse gardslag sin gapahuk er plassert i nærmiljøanlegget på Nese. Her er det mogleg å sitja og ta seg ein drøs. Det er også ei bålpanne utanføre. Skal ein gå i Neseløypo kan ein gjerne parkera langs vegen ved nærmiljøanlegget. Hugs at hund skal vera i band når ein går i Neseløypo. Og bos tek ein med seg heim.
Innerst i Straumen hyttegrend har Fjordtun fire rorbuer til utleige - Westside lodges. Dei har alle eigen koseleg terrasse på kaikanten. Det er flott utsikt over sjøen, og frå ei stor flytebrygge kan ein både bade og sole seg, og få tilgang til eigen båt.
Sjøly rorbuferie er eit sørausstvendt og lunt beliggande feriehus/rorbu i maritim stil med høg standard, på endetomt utanfor Urangsvåg. Det er plass til 6 vaksne og 2 born under 16 år i feriehuset. Det er også mogleg å leige velutstyrte båtar godt eigna for fiske
I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.
I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.