Hero image

Foto: Toralv Martin Brekke

Opplev

Veggmåleriet på Grutle

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Det flotte veggmaleriet vart måla av Steffen Hestenes i 1939. Kunstverket finn du nederst i Husabrekka. Her finn du også ein rastebenk.

Taggar / Nøkkelord
veggmåleri
rastebenk
kunst
Opplevingar nær Veggmåleriet på Grutle
Vardane, Søre Sele

Turen til Vardane (123 moh). Løypa er godt merka, og ein har god utsikt frå toppen. Det er litt vått i løypa dersom det har regna. Det er også lagt ut tau til å halda seg i, på de få bratte partia, der fjellet kan vera litt sleipt. På toppen er det flott utsikt over storhavet. Det er og mulig å gå turen som ei rundløype, då løypa blir 4 km, som merka i starten av turen. Foto: Gutta på tur

Gullvegen gardstun

Garden ligg i gullgruvefeltet på Lykling der Noregs største gullgruveindustri utspant seg på slutten av 1800-tallet. Gullvegen Gardstun har sidan oppstarten av utviklinga (2017) blitt ein særs populær besøksgard og reiselivsdestinasjon. Med fokus og fremming av historia på Lykling, pakka inn med gull, gullvaskeleir, fantastisk kystlandskap, tradisjon, husdyr, yrande gardsliv og aktivitetar tilpassa store og små.

Minnesmerke ved Lykling kyrkje

Minnesmerke ved Lykling kyrkje er ein bauta med oversikt over dei som fall under 2.verdskrig, inkludert krigsforliste, på veg til England med "Blia", og dei som døydde i utlandet.

Overnatting nær Veggmåleriet på Grutle
Lykling gjestehamn

Lykling gjestehamn har vanlegvis 10-15 gjesteplassar, men kan lage plass til fleire om naudsynt. Her er det både dusj, toalett og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Bademoglegheiter i hamna. Kafeteria på kaien kvar torsdagskveld fra kl 17.30 heile året. 6 km til butikk, men dagligvarer kan bringes. Det er også eit koseleg selskapslokale for utleige på kaien i hamna. Foto: Nils-Tore Sele, Bømlonytt

Stormhytter på Gullvegen Gardstun

Stormhyttene på Lykling eit overnattingstilbod for deg som ynskjer ei oppleving ulikt alt anna. Plassert i det gamle gullgravarfeltet der Noregs største gullgruveindustri utspant seg på slutten av 1800-talet og rett ved garden Gullvegen Gardstun, med storhavet i vest som nærmaste nabo. Utsikta er 360 grader. Her får du dei vakraste solnedgangar og dei barskaste hauststormane tett på. Her dansar storhavet slik berre storhavet kan. Du kan ligge å sjå på havørna som sirklar over området, eller drøyme deg bort når den magiske stjernehimmelen openbarar seg på fine netter. Fint eller stygt vær, - det er uansett ei sterk oppleving å kome så tett på naturen! Booking: https://www.gullvegengardstun.no/stormhyttene

Langevåg gjestehamn

Velkommen til Langevåg Gjestehavn og Bømlo båtlag gjestehamn. Her kan du vere heile året; òg om vinteren. Gjestehamn ligg like ved ligger daglegvarebutikk, minibank, kafé og leikeplass, også treningssenter, solarium og buldrerom for born. Dieselpumpe med kortautomat. «Grillhus» på kaien. Det går sommerpatrulje i fellesferien som tar hamneavgift, og deler ut informasjon mv. Båser merka med grønt skilt er ledig, raudt oppteke. Godt med straumuttak og fleire plasser for å bunkre vatn. Gratis WiFi.

Langevåg bubilparkering

I bakkant av Langevåg Bygdatun finn du Langevåg bubilparkering. Her har du tilgang til fasilitetar som straum, wc, dusj og vaskemaskin. Du finn daglegvarebutikk, treningstilbod og kafé like ved. Velkommen til eit triveleg opphald!