Hero image

Foto: Nils Magne Helle

Opplev

Austnes (Austnespynten)

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Turområdet ligg nordaustvendt mot Bømlafjorden, og ligg i eit variert og kupert terreng. Rundløypa går blant anna via svaberg, lyng og myr. Området har eit rikt planteliv. Ein går langs fleire strender. I nokre av dei kan du ta deg ein dukkert om du vil. Langs løypa passerar du og ein kolerakyrkjegard. På det høgaste punktet i denne rundløypa kan du nyta utsikt til Sunnhordlands-landskapet i mest 360`grader. Parker ved Gruveparken, og gå inn Breivikevegen til endes. Der vil du finne skilt vidare - god tur!

Opplevingar nær Austnes (Austnespynten)
Moster gamle kyrkje

Moster gamle kyrkje er eit av dei enklaste kyrkjebygga i landet, og står på historiske Moster. Den vert ofte omtala som Noregs eldste kyrkje. Snorre fortel at Olav Tryggvason feira messe og grunnla ei kyrkje her i 995. Olav den heilage og biskop Grimkjell heldt ting på Moster i 1024 der kristenretten eller kyrkjeordninga i Noreg blei innført. Les meir om kyrkje i lenkja under.

Minnesmerke ved Moster gamle kyrkje

Minnesmerke ved Moster gamle kyrkje

Leikeplass ved Espira Moster barnehage

Espira Moster ligger idyllisk til med sjø og skog like i nærleiken.

Overnatting nær Austnes (Austnespynten)
Aasheim rorbuer

Eldbjørg og Paul Jørs ønskjer velkomen til Aasheim Rorbuer. Me tilbyr 4 rorbuer m. alle fasilitetar for at di fritid skal bli vellykket. Her finner du ro i sjela, og eit ypperleg utgangspunkt for såvel fisketurar som avslapping og naturopplevelsar, med 1000 holmar og øyer innan rekkevidde.

Lykling gjestehamn

Lykling gjestehamn har vanlegvis 10-15 gjesteplassar, men kan lage plass til fleire om naudsynt. Her er det både dusj, toalett og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Bademoglegheiter i hamna. Kafeteria på kaien kvar torsdagskveld fra kl 17.30 heile året. 6 km til butikk, men dagligvarer kan bringes. Det er også eit koseleg selskapslokale for utleige på kaien i hamna. Foto: Nils-Tore Sele, Bømlonytt

Stormhytter på Gullvegen Gardstun

Stormhyttene på Lykling eit overnattingstilbod for deg som ynskjer ei oppleving ulikt alt anna. Plassert i det gamle gullgravarfeltet der Noregs største gullgruveindustri utspant seg på slutten av 1800-talet og rett ved garden Gullvegen Gardstun, med storhavet i vest som nærmaste nabo. Utsikta er 360 grader. Her får du dei vakraste solnedgangar og dei barskaste hauststormane tett på. Her dansar storhavet slik berre storhavet kan. Du kan ligge å sjå på havørna som sirklar over området, eller drøyme deg bort når den magiske stjernehimmelen openbarar seg på fine netter. Fint eller stygt vær, - det er uansett ei sterk oppleving å kome så tett på naturen! Booking: https://www.gullvegengardstun.no/stormhyttene

Rorbuer på Innvær

På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.