Hero image

Opplev

Hatlebærvatnet

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Du kan ta utgangspunkt i nye fylkesvei 542. Mellom Autoservice på Innvær og krysset til Ersland er det ein lagringsplass for ved (vestsida av vegen). Her kan du parkera. Gå på ny skogsveg til Hatlebærvatnet, denne delen av turen går på grusveg og er eigna for barnevogn. De kan gå tilbake same vegen eller fortsetja rundtur på sti via Hatlebærhaugen og Erslandsvegen. Flott rundtur. Gå undergangen over på fortausida av 542 og tilbake til utgangspunktet. Foto: Nils Magne Helle

Opplevingar nær Hatlebærvatnet
Ekornåsen

Kjør på gamle veien mellom Ekornsætre mot Foldrøy. Parker like aust for krysset på Ekornsætre. Liten utkjørsel på sørsida av veien (eventuelt ny parkplass rett oppanfor hovudvegen). Gå på grusvei heilt opp mot nye veien (542) og fortsett på skogsvei rundt Ekornåsen og vidare på sti opp mot toppen. Du kan gjerne fortsetja frå toppen på sti vest- og nordover og attende til bilen/parkeringsplassen Flott rundtur rundt Ekornåsen.

Grimsfjellet

Grimsfjellet er den mest populære toppen å bestige fra Svortlands-sida, 146 moh. Det er lagt ut eigen hyttebok på toppen, og kan også ta seg over til nabotoppane, Vardafjell, Undergjota, Ljosundfjellet og Store Mælandsåto. Det er mulig å gå til Grimsfjellet frå både Mæland sida og Svortland skule. Det er verdt å merka seg at sjølve toppen av Grimsfjellet ligg litt lenger sør-aust for utsiktspunktet og skiltinga.

Store Mælandssåta

Store Mælandsåto kan skilta med en flott gapahuk kalla "Karlsbu". Her er det laga traktorveg fra Mæland heilt til topps. Toppen kan lett sjåast med mobil antenna på toppen og god utsikt i alle kantar. Det er lagt ut hyttebok i "Karlsbu". Her er det utrulig flott utsikt når véret er både fint og stormar som verst. Parker ved "snekkerverstad" på Gilje (før Vaktmestertjeneste, gå 100 meter vestover hovudvegen til første sving. Der tek du første veg til høgre. Gå inn grinda på ein liten traktorveg. Kan også gå frå Svortland Skule. Foto: Nils Magne Helle

Overnatting nær Hatlebærvatnet
Aasheim rorbuer

Eldbjørg og Paul Jørs ønskjer velkomen til Aasheim Rorbuer. Me tilbyr 4 rorbuer m. alle fasilitetar for at di fritid skal bli vellykket. Her finner du ro i sjela, og eit ypperleg utgangspunkt for såvel fisketurar som avslapping og naturopplevelsar, med 1000 holmar og øyer innan rekkevidde.

Rorbuer på Innvær

På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.

Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.

Urangsvåg båthamn

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.