Hero image

Opplev

Åreiddalen

Type of attraction icon
Type of attraction icon

I Åreiddalen finn du kai, badestrand og grasslette, grillstader og toalett, samt fine forhold for fiske og bærplukking. Vil du til topps på Siggjo (474 moh), eit av dei fineste utsiktspunktene og mest kjente seilingsmerkene langs kysten, kan Åreiddalen være et godt utgangspunkt.

Opplevingar nær Åreiddalen
Sakseidbeitelen

Flott utsiktspunkt midt på Bømlo som er eit mykje brukt turmål av lokalbefolkningen. Fin og god løype, litt bratt nokre stader, så har du med ein toåring må du kanskje bære den ned igjen. Du finn løypa ved å køyre på riksveg 541 til Sakseid T-en. Parker gjerne hos Monter, Finnås og gå opp på skogsveg på motsatt sida av veien. Merka sti til topps.

Siggjo

Siggjo er ein av dei mest populære toppturane på Bømlo, og kommunen sitt høgste fjell med sine 474 meter over havet. Fjellet har ein karakteristisk profil, og er synlig fra store deler av Sunnhordland. For mange er det eit viktig seglingsmerke når dei er ute til havs. På klåre dager ser ein heile Sunnhordland frå toppen, og heilt inn til Folgefonna. Og er du der på kvelden, er det rein magi når sola går ned i havet.

Hjelland Galleri og Rammeverkstad

Hos Hjelland Galleri og Rammeverkstad på Sakseid, held ekteparet og kunstnarane Johanna og Johannes Hjelland hus. Her finn ein mange bileter som utgjer eit utval av deira eigenproduserte kunst. Johanna sine bilete er akryl på lerret, med motiv av til dømes blomar, byar, ugler og englar. Johannes sine bilete er ei blanding av ulike trykkteknikkar og collage, gjerne kombinert med dikt. I tillegg til galleriet driv dei rammeverkstad, der ein kan få ramma inn bileter (rammer, passepartout og glas). Her kan ein også få ein drøs og info om lokal kulturhistorie. Kontaktinformasjon og opningstider finn ein ved å gå inn på facebook-lenka under.

Overnatting nær Åreiddalen
Aasheim rorbuer

Eldbjørg og Paul Jørs ønskjer velkomen til Aasheim Rorbuer. Me tilbyr 4 rorbuer m. alle fasilitetar for at di fritid skal bli vellykket. Her finner du ro i sjela, og eit ypperleg utgangspunkt for såvel fisketurar som avslapping og naturopplevelsar, med 1000 holmar og øyer innan rekkevidde.

Hengjo - di heilt eiga øy

Velkommen til Hengjo og velkommen til kvilepuls. Her ligg alt til rette for at ein eller to familiar skal kunne nyte dagane i rolige omgjevnader. Du parkerer bilen på fastlandet på Alvsvåg, set deg i båten, og køyrer dei 200 metrane ut til di heilt eiga øy. Her ligg Hengjo å ventar på deg. Huset er eit nybygg, men tek vare på kystkulturen og minnene som heng igjen etter den 100 år gamle nothengja som sto her fram til 2017. Hengjo har 4 faste soverom med plass til 2 personar i kvart rom, i tillegg til sovesofaer på 3 andre rom. Her er lyst, trivelig og åpent, med fleire stover, kjøken, 2 bad og fantastiske solforhold på heile øya. Her er tv og internett, utemøblar, fleire uteplassar, strand og sjø på alle kantar. Inkludert i prisen er båt og kajakkar ein kan bruke for å utforske skjærgarden blant dei 1000 øyane Bømlo Kommune består av. Storhavet ligg 7 minutt unna i båt og gode fiskeforhold å store naturopplevelsar ventar like utenfor stoveglaset. På Hengjo ligg og ein fast fortøyd seglbåt som òg kan disponerast om ein treng fleire soveplassar. I båten er det køyer til 7 personer, 3 doble og 1 enkel, bysse med liten kjøkkenkrok og masse sjarm å nostalgi.

Rorbuer på Innvær

På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.

Lykling gjestehamn

Lykling gjestehamn har vanlegvis 10-15 gjesteplassar, men kan lage plass til fleire om naudsynt. Her er det både dusj, toalett og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Bademoglegheiter i hamna. Kafeteria på kaien kvar torsdagskveld fra kl 17.30 heile året. 6 km til butikk, men dagligvarer kan bringes. Det er også eit koseleg selskapslokale for utleige på kaien i hamna. Foto: Nils-Tore Sele, Bømlonytt