Hero image

Opplev

Svortland bubilparkering

Type of attraction icon
Type of attraction icon

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.

Opplevingar nær Svortland bubilparkering
Bømlo kino

Bømlo kino ligg i kulturhuset på Bømlo. Her kan du oppleve storfilmane frå komfortable kinoseter. Kinoen er digital og har premierar på linje med resten av landet. Kinokiosken er open ein time før fyrste framsyning, her kan du kjøpe nypoppa popkorn og populært kinosnop.

Bømlo folkebibliotek

Bømlo folkebibliotek er eit bibliotek med 3 filialar og eit hovudbibliotek. Hovudbiblioteket ligg i fantastisk nye, flotte lokaler i Bømlo kulturhus. Filialane våre finn du på Våge skule, Moster skule og Hillestveit skule. Velkomen!

Blia-monumentet

På den finaste staden det går an å plassere ein minnestein står Blia-monumentet. Omkransa av Bremnes kyrkje og Storavatnet, grøne bakkar og fine lauvtrær står monumentet der høgreist og fin med namna på 3 kvinner og 40 menn som var om bord i M/K "Blia" da den la ut frå Øklandsvågen 11. november 1941 på den skjebnesvangre turen over Nordsjøen.

Storavatnet

I kommunesenteret på Bømlo ligg Storavatnet. Her er eit fint parkområdet nede ved kyrkja, ein finn Blia-monumentet, det er ein sti der ein kan gå langs vatnet ned mot austre del av sentrum, og her er ein fin plass å sitje og sole seg på gode dagar. Det er og mogleg å ta med seg ein kajakk å setje på sjøen her, eller ein kano, og padle rundt på vatnet. Det er òg ei flytebrygge ved kulturhuset.

Overnatting nær Svortland bubilparkering
Urangsvåg båthamn

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.

Rorbuer på vestsida av Bømlo

Innerst i Straumen hyttegrend har Fjordtun fire rorbuer til utleige - Westside lodges. Dei har alle eigen koseleg terrasse på kaikanten. Det er flott utsikt over sjøen, og frå ei stor flytebrygge kan ein både bade og sole seg, og få tilgang til eigen båt.

Rorbuer i Urangsvåg

Habbestad Rorbuutleige har to rorbuer som kan leigast kvar for seg eller saman. Rorbuene ligg usjenert på Steganeset ved innløpet til Urangsvågen, har fin terrasse ved inngangspartiet, god parkering og stor platting på kaien. Like ved rorbuene er det ei lita strand, og ein kan leige båt. Bestilling gjer ein via Dancenter, og er i hovudsak vekesleige laurdag-laurdag. I perioden 1. oktober - 1. april kan ein leige over kortare eller lengre periodar. Leige i denne perioden gjer ein direkte med Habbestad Rorbuutleige.