Hero image

Opplev

Urangsvåg båthamn

Type of attraction icon
Type of attraction icon

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.

Opplevingar nær Urangsvåg båthamn
Djupedalen

Djupedalen er ein offentleg badeplass i Urangsvågen. Her er ei flott og langgrunn strand med krabbar, sjøstjerner og andre skattar for dei minste, og moglegheitar for å hoppe og stupe for dei som er kome litt lengre i badelivet. På land er det eit fint tilrettelagt område der ein kan sitje og sole seg og drikke kaffi, og bord og benker for dei som likar det. Ein kan òg fiske frå land på nordsida av stranda. Nokre parkeringsplassar nede ved stranda, og nokre ved hytteavfalls-kontainerane like ved, og i stranda er det fint å komme seg ut på kajakktur. Fint om ein tenkjer at plassane nede ved stranda kan vere tilgjengelege til dei som er rørslehemma, slik at dei og lettare kan kome seg til stranda for eit bad om dei ønskjer.

Leikeplass ved Hollund barnehage

I Hollund barnehage er det mange kjekke leikeapparat, og ein fin plass å ta med ungar å leike utanom opningstida til barnehagen. Silebanar, reiler, sandkasse, leikebåt og leikehus er nokre av attraksjonane her. Ein fin stopp på vegen er det òg om ein vil leggje ut på tur i Hollundsmarka.

Storavatnet

I kommunesenteret på Bømlo ligg Storavatnet. Her er eit fint parkområdet nede ved kyrkja, ein finn Blia-monumentet, det er ein sti der ein kan gå langs vatnet ned mot austre del av sentrum, og her er ein fin plass å sitje og sole seg på gode dagar. Det er og mogleg å ta med seg ein kajakk å setje på sjøen her, eller ein kano, og padle rundt på vatnet. Det er òg ei flytebrygge ved kulturhuset.

Minnesmerket ved Bremnes kyrkje

Minnesmerket utanfor Bremnes kyrkje er ein minnestein over falne bremnesingar i krigen 1940-1945. Steinen er reist av Bremnes kyrkjelyd år 1947.

Overnatting nær Urangsvåg båthamn
Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.

Rorbuer på vestsida av Bømlo

Innerst i Straumen hyttegrend har Fjordtun fire rorbuer til utleige - Westside lodges. Dei har alle eigen koseleg terrasse på kaikanten. Det er flott utsikt over sjøen, og frå ei stor flytebrygge kan ein både bade og sole seg, og få tilgang til eigen båt.

Rorbuer i Urangsvåg

Habbestad Rorbuutleige har to rorbuer som kan leigast kvar for seg eller saman. Rorbuene ligg usjenert på Steganeset ved innløpet til Urangsvågen, har fin terrasse ved inngangspartiet, god parkering og stor platting på kaien. Like ved rorbuene er det ei lita strand, og ein kan leige båt. Bestilling gjer ein via Dancenter, og er i hovudsak vekesleige laurdag-laurdag. I perioden 1. oktober - 1. april kan ein leige over kortare eller lengre periodar. Leige i denne perioden gjer ein direkte med Habbestad Rorbuutleige.