Overnatting på Slåtterøy fyr

Opplev

Overnatting på Slåtterøy fyr

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Ønskjer du ein overnattingsplass uten om det vanlege? På Slåtterøy fyr har du høve til å leige fyrbustaden. Huset har 14 sengeplassar: to soverom i fyrste høgda, kvart med fire senger. I andre høgda er det eit soverom med tre senger, stove med dobbel sovesofa og ein soveplass på gangen. Besøk "Venner av Slåtterøy" på Facebook for meir informasjon, eller ta direkte kontakt med Torleif Meling (+47 918 65 873) for tinging. Foto: Jon Olav Rolfsnes

Kategoriar
hytte
Taggar
bømlo
Opplevingar nær Overnatting på Slåtterøy fyr

Heilt nord på Bømlo finn ein Brandasund. Når ein har kjørt over siste bru, kjem ein liten rasteplass, og her kan ein parkere og gå opp til Brandasundssåta. På uvêrsdagar kan ein sjå stormen som herjar på havet, om sommaren vakre solnedganger, og på godversdagar kan ein sjå heilt til Austevoll og Os. Brandasundssåta vart brukt som oberservasjonspunkt både under 1. og 2. verdskrig. Her er sauehald på vegen, så ha hunden i band, og følg merka sti som går vekk frå huset og det private området ved såta.

Rullesteinsstrand med "trollpikk". "Brandastaken"

Opplev fleire av attraksjonane i området i og rundt Brandasund hos Brandasund kultur & fritid. Dei arrangerer rib-turar, spektakulære badeturar, turar til og rundt Slotterøy fyr, opp til Austevoll og Bekkjarvik gjestgiveri, eller til Fitjar og ELØ og såpekokeriet der, samt andre opplevingar i og ved havet. Dei har ei eiga brygge til å leggje ut kajakkar på, og leiger også ut kajakkar som er eigna til fiske.

Turistbedrifter nær Overnatting på Slåtterøy fyr

E. Johnsen & Sønner dagligvarehandel og gjestehamn ligg idyllisk til på Brandasund. Daglegvarer, gåveartiklar, diesel og bensin. Dusj og vaskemaskin til båtturistane. Kafé i sommarsesongen.

Kan hjelpa deg til å oppleva det som høver for deg vestalands Brandasund med meir. Ribturar, spektakulære badeturar, Slotterøy fyr, og andre opplevingar i og ved havet.

Både Skjeret landhandel og Nillo på Skjeret er ope heile året. Sistnemnte er ein gamal og heilt spesiell landhandel som nesten er eit slags museum.

Habbestad Rorbuutleige har to rorbuer som kan leigast kvar for seg eller saman. Rorbuene ligg usjenert på Steganeset ved innløpet til Urangsvågen, har fin terrasse ved inngangspartiet, god parkering og stor platting på kaien. Like ved rorbuene er det ei lita strand, og ein kan leige båt. Bestilling gjer ein via Dancenter, og er i hovudsak vekesleige laurdag-laurdag. I perioden 1. oktober - 1. april kan ein leige over kortare eller lengre periodar. Leige i denne perioden gjer ein direkte med Habbestad Rorbuutleige via deira facebook-side.

Overnatting nær Overnatting på Slåtterøy fyr

Brandasund er ein idyllisk gamal stad heilt ute i havgapet. Gjestehamna har 30 plassar med ei hamnedjupne mellom 5-15m. I Brandasund er det daglegvarer, dusj, toalett, vaskemaskin, tørketrommel, bunkring, knust is, straum. I sommersesongen er det open kafé (Fabrikkloftet). Her kan ein anbefale ein gåtur opp til Brandasundssåta for å skue sola gå ned i havet.

Ved Skjeret landhandel er det plass 10 båtar og 4-5 bubilar med straum. Gamlebutikken eksisterer framleis og er eit slags museum som alltid er ope, elles er det butikk og fiskemottak. Det er utleige av båter, kajakker og padlebrett. Det er også eit lite sanitæranlegg med dusj, wc og vaskemaskin. Vannfylling, men ikkje tømming.

Skjeret landhandel båthamn og bubilparkering

2.36 km

Les meir

Visste du at Bømlo kommune har ei hytte på Hisøy med seks sengeplassar (+to madrasser) og kano, som du kan leige? Kr 300,- pr. døgn (minst to døgn), 600,- pr. helg , 1500,- pr. veke. Ein kjempeflott plass for både vaksne og born, som du må i båt for å komma til. Ta kontakt med Bømlo turistinformasjon for tinging og nøklar.