Hero image

Opplev

Erevik grendatun bubilparkering

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Erevik grendatun bubilparkering ligg like ved sjøen ved RV 542, ca 8 km fra kommunesenteret Svortland og ca 10 km fra Brandasund. Maks antall 6 bubilar og hovudsakeleg i vekedagene, då tunet ofte er utleigd til arrangement i helgene (spør kontaktperson). Barnevenleg med leikeplass, ballbinge og badeplass. Fine høve for fisketurer, kajakkpadling og anna vatnsport. I tillegg tilbyr Goddo fine turløyper i flotte naturområder.

Opplevingar nær Erevik grendatun bubilparkering
Ereviksfjellet

Ereviksfjellet er ein flott utsiktstopp på Goddo. Kortaste vegen er frå stien like over Goddebrua. Du kan også gå frå Åno. Det er også ei fin rundløype via Barmane og attende til utgongspunktet. Løypene er godt merka på Goddo.

Kurebu dagsturhytte på Goddo

Dagsturhytta Kurebu som lokalt heiter "Kurebuo" ligg i fint turterreng på Goddo. Det er fleire innfallsportar for å nå hytta. Hytta har ein liten vedovn, bibliotek med nynorske barnebøker og sittebenker inne- og utanfor. Her er det fint å ete matpakken og ta ein god pust i bakken. Det er ikkje lov å overnatte på hytta. Forlat hytta slik du ønskjer å finne den, rein og fin. Turbeskriving til hytta: Start gjerne ved Goddebrua (Kinnestraumen bru) og gå på merka løype til Kurebu. Stien er god og mykje nytta. Turen er i underkant av 1,5 km. Beregn ca. 30 minutt på turen. Andre startstader er å gå via Barmane, fra Kruneneset eller Ånderå. Om du vil forlenge turen, er det fint å gå rundt Araskårvatnet som ligg like ved dagsturhytta.

Fiskeplass ved «Litlabruno» på Goddo

Ved Litlabruno på Goddevegen, er ein fin fiskeplass frå land, der ein kan få torsk, lyr, pale, sjøaure og makrell. Mogleg å parkere ved Kinnestraumen bru, som er litt lengre nord. Hugs å ta godt vare på kaien, skyll vekk eventuelle fiskerestar, og rydd opp etter deg før du går.

Plassaholmen

Nordaust i Barmane finn du idylliske Plassaholmen, med flott kai, flytebrygger, lune viker og små grusstrender omkransa av bjørk og pil.

Overnatting nær Erevik grendatun bubilparkering
Sjøly rorbuferie

Sjøly rorbuferie er eit sørausstvendt og lunt beliggande feriehus/rorbu i maritim stil med høg standard, på endetomt utanfor Urangsvåg. Det er plass til 6 vaksne og 2 born under 16 år i feriehuset. Det er også mogleg å leige velutstyrte båtar godt eigna for fiske

Rorbuer i Urangsvåg

Habbestad Rorbuutleige har to rorbuer som kan leigast kvar for seg eller saman. Rorbuene ligg usjenert på Steganeset ved innløpet til Urangsvågen, har fin terrasse ved inngangspartiet, god parkering og stor platting på kaien. Like ved rorbuene er det ei lita strand, og ein kan leige båt. Bestilling gjer ein via Dancenter, og er i hovudsak vekesleige laurdag-laurdag. I perioden 1. oktober - 1. april kan ein leige over kortare eller lengre periodar. Leige i denne perioden gjer ein direkte med Habbestad Rorbuutleige.

Rorbuer på vestsida av Bømlo

Innerst i Straumen hyttegrend har Fjordtun fire rorbuer til utleige - Westside lodges. Dei har alle eigen koseleg terrasse på kaikanten. Det er flott utsikt over sjøen, og frå ei stor flytebrygge kan ein både bade og sole seg, og få tilgang til eigen båt.