Opplev
Viergo
Velkomen til Viergo; catering, bakeri, konditori, vaskeri, renseri og mykje, mykje meir! Kvar dag produserer bakaren vår nysteikte brød og deilige bollar, og konditoren har klart nybakte kaker og andre søtsaker. Her kan du kjøpa påsmurte til lunsj. I den nyoppussa cafeen vår kan du sitta ned i godt lag, eller ta med deg noko godt heim.
- Taggar / Nøkkelord
- brød
- boller
- baguett
- souvenirar
- lunsj
- kaker
- bakverk
- konditor
Kjør til Hollund Barnehage. Parker på parkeringsplassen her, ein kan også parkere ved rødekorshuset og gå inn til barnehagen derfrå. Gå på skogsvei forbi barnehagen og fortsett på merka vei/sti til Store Hjartåsen. Flott grusveg inn til Hjartåsen og her finn du rasteplass med bålpanne osv. Du kan også fortsetja på rundtur på merka rundløype attende til Hollund Barnehage. Rundtur på ca. 3,5 km Foto: Bømlo turlag
Denne løypa er 3,5 km og tar omlag 45 minutt frå Stangarvågen, og rundt til Brubrekka. Løypa startar frå Rolfsnesvegen inn til ein skogveg inst i Stangarvågen. Terrenget er lett, med delvis grusa stier. Løypa eignar seg fint for ein familietur, sjølv om delar av turen er myrlendt. Litt over halvvegs ved vatnet blir det litt klatring, men vel over kan du belønna deg sjølv med godt ferskvatn. Stien sluttar/startar like ved brua i Brubrekka.
Grimsfjellet er den mest populære toppen å bestige fra Svortlands-sida, 146 moh. Det er lagt ut eigen hyttebok på toppen, og kan også ta seg over til nabotoppane, Vardafjell, Undergjota, Ljosundfjellet og Store Mælandsåto. Det er mulig å gå til Grimsfjellet frå både Mæland sida og Svortland skule. Det er verdt å merka seg at sjølve toppen av Grimsfjellet ligg litt lenger sør-aust for utsiktspunktet og skiltinga.
Du kan ta utgangspunkt i nye fylkesvei 542. Mellom Autoservice på Innvær og krysset til Ersland er det ein lagringsplass for ved (vestsida av vegen). Her kan du parkera. Gå på ny skogsveg til Hatlebærvatnet, denne delen av turen går på grusveg og er eigna for barnevogn. De kan gå tilbake same vegen eller fortsetja rundtur på sti via Hatlebærhaugen og Erslandsvegen. Flott rundtur. Gå undergangen over på fortausida av 542 og tilbake til utgangspunktet. Foto: Nils Magne Helle
På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.
Eldbjørg og Paul Jørs ønskjer velkomen til Aasheim Rorbuer. Me tilbyr 4 rorbuer m. alle fasilitetar for at di fritid skal bli vellykket. Her finner du ro i sjela, og eit ypperleg utgangspunkt for såvel fisketurar som avslapping og naturopplevelsar, med 1000 holmar og øyer innan rekkevidde.
I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.
I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.