Hero image

Opplev

Såpehuset

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Naturlege, handlaga såper fra Bømlo. Besøk oss på Bømlo Storsenter, eller handle på nettbutikken www.saapehuset.no. Alltid levering, eller rett heim i postkassen til 99 kr for store og 79 kr for små pakkar. Har i tillegg DHL Express-levering i heile EU.

Taggar / Nøkkelord
lokalprodusert
handlaga
såpe
Opplevingar nær Såpehuset
Bømlo kino

Bømlo kino ligg i kulturhuset på Bømlo. Her kan du oppleve storfilmane frå komfortable kinoseter. Kinoen er digital og har premierar på linje med resten av landet. Kinokiosken er open ein time før fyrste framsyning, her kan du kjøpe nypoppa popkorn og populært kinosnop.

Bømlo folkebibliotek

Bømlo folkebibliotek er eit bibliotek med 3 filialar og eit hovudbibliotek. Hovudbiblioteket ligg i fantastisk nye, flotte lokaler i Bømlo kulturhus. Filialane våre finn du på Våge skule, Moster skule og Hillestveit skule. Velkomen!

Blia-monumentet

På den finaste staden det går an å plassere ein minnestein står Blia-monumentet. Omkransa av Bremnes kyrkje og Storavatnet, grøne bakkar og fine lauvtrær står monumentet der høgreist og fin med namna på 3 kvinner og 40 menn som var om bord i M/K "Blia" da den la ut frå Øklandsvågen 11. november 1941 på den skjebnesvangre turen over Nordsjøen.

Minnesmerket ved Bremnes kyrkje

Minnesmerket utanfor Bremnes kyrkje er ein minnestein over falne bremnesingar i krigen 1940-1945. Steinen er reist av Bremnes kyrkjelyd år 1947.

Overnatting nær Såpehuset
Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.

Urangsvåg båthamn

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.

Rorbuer på vestsida av Bømlo

Innerst i Straumen hyttegrend har Fjordtun fire rorbuer til utleige - Westside lodges. Dei har alle eigen koseleg terrasse på kaikanten. Det er flott utsikt over sjøen, og frå ei stor flytebrygge kan ein både bade og sole seg, og få tilgang til eigen båt.

Rorbuer i Urangsvåg

Habbestad Rorbuutleige har to rorbuer som kan leigast kvar for seg eller saman. Rorbuene ligg usjenert på Steganeset ved innløpet til Urangsvågen, har fin terrasse ved inngangspartiet, god parkering og stor platting på kaien. Like ved rorbuene er det ei lita strand, og ein kan leige båt. Bestilling gjer ein via Dancenter, og er i hovudsak vekesleige laurdag-laurdag. I perioden 1. oktober - 1. april kan ein leige over kortare eller lengre periodar. Leige i denne perioden gjer ein direkte med Habbestad Rorbuutleige.