Hero image

Opplev

Bømlo Mesterrør

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Rørleggerbedrift som tilbyr rørleggertjenester til private og bedrifter. Vi er medlem av VVS Eksperten og påtar oss det meste innen rørleggerfaget, og spesialiserer oss på desse rørleggertjenestene: 1) Bygging og reparasjon av varmeanlegg i nybygg eller ved rehabilitering av eldre bygg, 2) Nybygging og rehabilitering av sanitæranlegg, 3) Rørleggertjenester i forbindelse med nybygg eller modernisering av hus, hytter, industribygg og andre næringsbygg, 4) Montering og service på varmepumper, 5) Fjerning av oljefyr, 6) Oppussing og modernisering eller helrenovering av badet. Fra mindre utskiftninger av f. eks toalett eller dusjløsning, til helrenovering av baderom, vaskerom og andre våtrom. Vi utfører alle typer rørleggertjenester, og er også totalleverandør av komplette bad og våtrom. La oss hjelpe deg med installasjon av varmepumper, gulvvarme, vanlige utstyrsmontering og serviceoppdrag. Vi kommer gjerne hjem til deg på befaring.

Opplevingar nær Bømlo Mesterrør
Bømlo Golfsenter

Bømlo Golfsenter er eit fritidstilbod for deg som er golfinteressert. I lokalet vårt på Alvsvåg er det sett opp ein golfsimulator levert frå Trackman.

Bomlo leirduebane

!FOR TIDA ER DET KUN OPEN FOR MEDLEMMAR I BØMLO JFL! Banen er open for alle, nybyrjarar, jegere og erfarne skyttere. Målet er at alle skal kunne treffe noko, og ha ein fin opplevelse. Du treng ikkje skytetrening eller jegerprøven før du kjem, det er skytetrening banen er laga for. I normal åpningstid har me gratis utlånsvåpen du kan låne, samt me gir gratis grunninstruksjon, og hjelper deg så godt me kan for at du skal treffe. Ellers så tilbyr me utlån av banen til firma, organisasjoner eller arrangementer. Då stiller me med instruktører, samt kan lage eit opplegg som passer for akkurat dåke. Ta kontakt for priser.

Store Mælandssåta

Store Mælandsåto kan skilta med en flott gapahuk kalla "Karlsbu". Her er det laga traktorveg fra Mæland heilt til topps. Toppen kan lett sjåast med mobil antenna på toppen og god utsikt i alle kantar. Det er lagt ut hyttebok i "Karlsbu". Her er det utrulig flott utsikt når véret er både fint og stormar som verst. Parker ved "snekkerverstad" på Gilje (før Vaktmestertjeneste, gå 100 meter vestover hovudvegen til første sving. Der tek du første veg til høgre. Gå inn grinda på ein liten traktorveg. Kan også gå frå Svortland Skule. Foto: Nils Magne Helle

Leikeplass ved Maurtua barnehage

Det flotte område til Maurtua barnehage er perfekt for leik, moro og utforsking. Barnehagen har Svortland barneskule, ungdomsskule, idrettsanlegg og svømmebasseng som næraste nabo. Rett ved sida finn du også inngangen til Fet-løypa.

Overnatting nær Bømlo Mesterrør
Hengjo - di heilt eiga øy

Velkommen til Hengjo og velkommen til kvilepuls. Her ligg alt til rette for at ein eller to familiar skal kunne nyte dagane i rolige omgjevnader. Du parkerer bilen på fastlandet på Alvsvåg, set deg i båten, og køyrer dei 200 metrane ut til di heilt eiga øy. Her ligg Hengjo å ventar på deg. Huset er eit nybygg, men tek vare på kystkulturen og minnene som heng igjen etter den 100 år gamle nothengja som sto her fram til 2017. Hengjo har 4 faste soverom med plass til 2 personar i kvart rom, i tillegg til sovesofaer på 3 andre rom. Her er lyst, trivelig og åpent, med fleire stover, kjøken, 2 bad og fantastiske solforhold på heile øya. Her er tv og internett, utemøblar, fleire uteplassar, strand og sjø på alle kantar. Inkludert i prisen er båt og kajakkar ein kan bruke for å utforske skjærgarden blant dei 1000 øyane Bømlo Kommune består av. Storhavet ligg 7 minutt unna i båt og gode fiskeforhold å store naturopplevelsar ventar like utenfor stoveglaset. På Hengjo ligg og ein fast fortøyd seglbåt som òg kan disponerast om ein treng fleire soveplassar. I båten er det køyer til 7 personer, 3 doble og 1 enkel, bysse med liten kjøkkenkrok og masse sjarm å nostalgi.

Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.

Urangsvåg båthamn

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.

Rorbuer på Innvær

På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.