Opplev
Auto Service AS
Auto Service AS på Innvær består av ein moderne Esso bensinstasjon og butikk, og ein AutoMester bil-, karosseri- og lakkeringsverkstad. Bensinstasjonen har ope frå tidleg morgon til kveld, tilbyr varmmat og det ein bilist kan trenge. Du kan handle blant anna bilrekvisita, daglegvarer, fiskeutstyr og propangass. Prøv lykken på eit par rikstotoløp mens du smakar vårt utval thaimat og vårt utvalg frå 100% Veimat. Automester verkstaden er sertifisert for dei fleste bilmerker. Her finn du også bilvask og ladestasjon for El-bil.
- Taggar / Nøkkelord
- ladestasjon
- bilverkstad
- vegmat
- bilutleige
Du kan ta utgangspunkt i nye fylkesvei 542. Mellom Autoservice på Innvær og krysset til Ersland er det ein lagringsplass for ved (vestsida av vegen). Her kan du parkera. Gå på ny skogsveg til Hatlebærvatnet, denne delen av turen går på grusveg og er eigna for barnevogn. De kan gå tilbake same vegen eller fortsetja rundtur på sti via Hatlebærhaugen og Erslandsvegen. Flott rundtur. Gå undergangen over på fortausida av 542 og tilbake til utgangspunktet. Foto: Nils Magne Helle
Kjør til Hollund Barnehage. Parker på parkeringsplassen her, ein kan også parkere ved rødekorshuset og gå inn til barnehagen derfrå. Gå på skogsvei forbi barnehagen og fortsett på merka vei/sti til Store Hjartåsen. Flott grusveg inn til Hjartåsen og her finn du rasteplass med bålpanne osv. Du kan også fortsetja på rundtur på merka rundløype attende til Hollund Barnehage. Rundtur på ca. 3,5 km Foto: Bømlo turlag
Denne løypa er 3,5 km og tar omlag 45 minutt frå Stangarvågen, og rundt til Brubrekka. Løypa startar frå Rolfsnesvegen inn til ein skogveg inst i Stangarvågen. Terrenget er lett, med delvis grusa stier. Løypa eignar seg fint for ein familietur, sjølv om delar av turen er myrlendt. Litt over halvvegs ved vatnet blir det litt klatring, men vel over kan du belønna deg sjølv med godt ferskvatn. Stien sluttar/startar like ved brua i Brubrekka.
Grimsfjellet er den mest populære toppen å bestige fra Svortlands-sida, 146 moh. Det er lagt ut eigen hyttebok på toppen, og kan også ta seg over til nabotoppane, Vardafjell, Undergjota, Ljosundfjellet og Store Mælandsåto. Det er mulig å gå til Grimsfjellet frå både Mæland sida og Svortland skule. Det er verdt å merka seg at sjølve toppen av Grimsfjellet ligg litt lenger sør-aust for utsiktspunktet og skiltinga.
På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.
I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.
I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.
Velkommen til Hengjo og velkommen til kvilepuls. Her ligg alt til rette for at ein eller to familiar skal kunne nyte dagane i rolige omgjevnader. Du parkerer bilen på fastlandet på Alvsvåg, set deg i båten, og køyrer dei 200 metrane ut til di heilt eiga øy. Her ligg Hengjo å ventar på deg. Huset er eit nybygg, men tek vare på kystkulturen og minnene som heng igjen etter den 100 år gamle nothengja som sto her fram til 2017. Hengjo har 4 faste soverom med plass til 2 personar i kvart rom, i tillegg til sovesofaer på 3 andre rom. Her er lyst, trivelig og åpent, med fleire stover, kjøken, 2 bad og fantastiske solforhold på heile øya. Her er tv og internett, utemøblar, fleire uteplassar, strand og sjø på alle kantar. Inkludert i prisen er båt og kajakkar ein kan bruke for å utforske skjærgarden blant dei 1000 øyane Bømlo Kommune består av. Storhavet ligg 7 minutt unna i båt og gode fiskeforhold å store naturopplevelsar ventar like utenfor stoveglaset. På Hengjo ligg og ein fast fortøyd seglbåt som òg kan disponerast om ein treng fleire soveplassar. I båten er det køyer til 7 personer, 3 doble og 1 enkel, bysse med liten kjøkkenkrok og masse sjarm å nostalgi.