Hero image

Opplev

XL-bygg Kr. Steinsbø

Type of attraction icon
Type of attraction icon

XL-BYGG Kr. Steinsbø er din lokale faghandel innen trelast og byggevarer! Me har òg ein kjøkenavdeling der me sel Drømmekjøkken og Sigdal. Hos oss får du også gratis lån av hengar ved kjøp av varer, samt at det er moglegheit for heimkøyring av varer. Me tilbyr "klappet og klart", der du kan fortelje oss om prosjektet og me kjem på ein uforpliktande befaring. Samen finn me riktig pris og løysning. Du får så ein personleg prosjektleiar som sørge for ein effektiv prosess i samarbeid med proffe handtverkarar. Så blir jobben gjort som avtalt og du får faktura frå XL-BYGG. Enklare blir det ikkje.

Opplevingar nær XL-bygg Kr. Steinsbø
Hjartåsen, ved rasteplass i Hollundsløypa

Kjør til Hollund Barnehage. Parker på parkeringsplassen her, ein kan også parkere ved rødekorshuset og gå inn til barnehagen derfrå. Gå på skogsvei forbi barnehagen og fortsett på merka vei/sti til Store Hjartåsen. Flott grusveg inn til Hjartåsen og her finn du rasteplass med bålpanne osv. Du kan også fortsetja på rundtur på merka rundløype attende til Hollund Barnehage. Rundtur på ca. 3,5 km Foto: Bømlo turlag

Hjartåsen, ved rasteplass i Hollundsløypa

0.76 km

Les meir
Leikeplass ved Hollund barnehage

I Hollund barnehage er det mange kjekke leikeapparat, og ein fin plass å ta med ungar å leike utanom opningstida til barnehagen. Silebanar, reiler, sandkasse, leikebåt og leikehus er nokre av attraksjonane her. Ein fin stopp på vegen er det òg om ein vil leggje ut på tur i Hollundsmarka.

Fet

Bømlo Turlag har laga Gapahuk ved Raunevatnet i nærleiken av lysløypa og ved foten av Svortland / Mæland / Gilje marka. Dette er eit svært mykje nytta turområde i sentrum. Lysløypa er universal utforma og er tilgjengeleg for dei aller fleste. Løypa er godt merka og vedlikeholdt av Gutta på tur. Inne i Fet-løypa finn du også ei refleksløype, aktivitetspark for trening og tarzan-løype.

Bømlo symjehall

Bømlo symjehall er eit topp moderne svømmeanlegg på Svortland. Anlegget rommar eit standard konkurransebasseng (25 meter) med seks banar og stupetårn på ein, tre og fem meter. I tillegg har me opplæringsbasseng, badstue, kiosk og badebutikk.

Overnatting nær XL-bygg Kr. Steinsbø
Urangsvåg båthamn

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.

Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.

Rorbuer på Innvær

På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.

Aasheim rorbuer

Eldbjørg og Paul Jørs ønskjer velkomen til Aasheim Rorbuer. Me tilbyr 4 rorbuer m. alle fasilitetar for at di fritid skal bli vellykket. Her finner du ro i sjela, og eit ypperleg utgangspunkt for såvel fisketurar som avslapping og naturopplevelsar, med 1000 holmar og øyer innan rekkevidde.