Hero image

Opplev

Tilbords

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Tilbords er Noregs leiande kjøkkenutstyr- og interiørkjede. Her får du porselen, glass, servise, kjøkkenutstyr og interiørprodukter frå kjende merkevarer. Me set vår ære i å gi deg som kunde god service og produktkunnskap, inspirasjon, råd og vegleiing. Me frydar oss over å pakke opp siste nytt og her skal du finne dei siste trendane. Samtidig vil du alltid finne igjen dei tradisjonelle produkta du treng til huset. Difor er det lett å finne gåver hos oss, til deg sjølv og til dei du er glad i. Hos oss får du alltid gåvene fint pakka inn! Bruk også gjerne klikk & hent, også her kan du velge å få gåva ferdig innpakka og klar til du kjem og hentar! Skal du gifta deg? Kom innom butikken vår og me hjelper gjerne med å sette opp ønskeliste til bryllupet! Tilbords er ein del av Vikse AS. Vikse AS er ei over 30 år gamal bedrift og i dag består butikken av tre avdelingar: Gåve/interiør, leiketøy og bok/papiravdeling.

Taggar / Nøkkelord
vikse
klikkoghent
kjøkenutstyr
bryllaup
Interiør
Opplevingar nær Tilbords
Bømlo symjehall

Bømlo symjehall er eit topp moderne svømmeanlegg på Svortland. Anlegget rommar eit standard konkurransebasseng (25 meter) med seks banar og stupetårn på ein, tre og fem meter. I tillegg har me opplæringsbasseng, badstue, kiosk og badebutikk.

Leikeplass ved Hollund barnehage

I Hollund barnehage er det mange kjekke leikeapparat, og ein fin plass å ta med ungar å leike utanom opningstida til barnehagen. Silebanar, reiler, sandkasse, leikebåt og leikehus er nokre av attraksjonane her. Ein fin stopp på vegen er det òg om ein vil leggje ut på tur i Hollundsmarka.

Leikeplass ved Espira Salamonskogen barnehage

Uteområdet til Espira Salamonskogen barnehage er kjempestort og variert, og dei har sin eigen skog innafor gjerdet!

Leikeplass ved Espira Salamonskogen barnehage

0.49 km

Les meir
Fet

Bømlo Turlag har laga Gapahuk ved Raunevatnet i nærleiken av lysløypa og ved foten av Svortland / Mæland / Gilje marka. Dette er eit svært mykje nytta turområde i sentrum. Lysløypa er universal utforma og er tilgjengeleg for dei aller fleste. Løypa er godt merka og vedlikeholdt av Gutta på tur. Inne i Fet-løypa finn du også ei refleksløype, aktivitetspark for trening og tarzan-løype.

Overnatting nær Tilbords
Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.

Urangsvåg båthamn

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.

Rorbuer på vestsida av Bømlo

Innerst i Straumen hyttegrend har Fjordtun fire rorbuer til utleige - Westside lodges. Dei har alle eigen koseleg terrasse på kaikanten. Det er flott utsikt over sjøen, og frå ei stor flytebrygge kan ein både bade og sole seg, og få tilgang til eigen båt.

Rorbuer i Urangsvåg

Habbestad Rorbuutleige har to rorbuer som kan leigast kvar for seg eller saman. Rorbuene ligg usjenert på Steganeset ved innløpet til Urangsvågen, har fin terrasse ved inngangspartiet, god parkering og stor platting på kaien. Like ved rorbuene er det ei lita strand, og ein kan leige båt. Bestilling gjer ein via Dancenter, og er i hovudsak vekesleige laurdag-laurdag. I perioden 1. oktober - 1. april kan ein leige over kortare eller lengre periodar. Leige i denne perioden gjer ein direkte med Habbestad Rorbuutleige.