Hero image

Opplev

TESS Partnershop

Type of attraction icon
Type of attraction icon

TESS er ein heilnorsk og landsomfattande leverandør av produkt og tenestar. Kjerneprodukta er slangar og slangearmatur til alle føremål, med tilhøyrande tenester. På partnarshop-en på Rubbestadneset sel dei alt frå arbeidsklede til verktøy.

Taggar / Nøkkelord
Handel og service
Maritim
Havbruk
Anna næring
Opplevingar nær TESS Partnershop
Rubbestadneset Frisbee

Frisbeegolf-banen med 9 korger er nå på plass og parken er åpen for alle som har lyst til å forsøke seg

Leikeplass ved Espira Rubbestadneset barnehage

Området rundt Espira Rubbestadneset barnehage innbyr til kjekke leikestunder utanfor barnehagens opningstider. Leikeplassen finn du rett i nærleiken av Rubb Stadion.

Leikeplass ved Espira Rubbestadneset barnehage

0.38 km

Les meir
Rubbestadneset aktivitetspark

I Rubbestadneset aktivitetspark finn du utandørs treningsapparat og ein «pumptrack» der ein kan nytte sykkel, sparkesykkel, rollerblades eller skateboard.

Furuneset badestrand

Furuneset finn du i Innværfjorden, like sør for Rubbestadneset. Dette er primært ein lokal badeplass, men her er også ei lita flytebrygge med nokre få gjesteplasser og god dybde. Fin plass å legge på veg med kajakk eller SUP, og flotte område å oppleve rundt.

Overnatting nær TESS Partnershop
Rorbuer på Innvær

På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.

Aasheim rorbuer

Eldbjørg og Paul Jørs ønskjer velkomen til Aasheim Rorbuer. Me tilbyr 4 rorbuer m. alle fasilitetar for at di fritid skal bli vellykket. Her finner du ro i sjela, og eit ypperleg utgangspunkt for såvel fisketurar som avslapping og naturopplevelsar, med 1000 holmar og øyer innan rekkevidde.

Urangsvåg båthamn

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.

Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.