Opplev
Stoffbua
Stoffbua har det største utvalet i Sunnhordland av garn, hobbyvarer, stoff, m.m. Me har lang lang erfaring i bunadssaum og våre skreddarar syr bunaden spesielt for deg. Butikken og systova held til i kjøpesenteret HSD på Bremnes på Bømlo.
- Taggar / Nøkkelord
- saum
- hobbymaling
- hobby
- bunad
- garn
I Hollund barnehage er det mange kjekke leikeapparat, og ein fin plass å ta med ungar å leike utanom opningstida til barnehagen. Silebanar, reiler, sandkasse, leikebåt og leikehus er nokre av attraksjonane her. Ein fin stopp på vegen er det òg om ein vil leggje ut på tur i Hollundsmarka.
Bømlo symjehall er eit topp moderne svømmeanlegg på Svortland. Anlegget rommar eit standard konkurransebasseng (25 meter) med seks banar og stupetårn på ein, tre og fem meter. I tillegg har me opplæringsbasseng, badstue, kiosk og badebutikk.
Uteområdet til Espira Salamonskogen barnehage er kjempestort og variert, og dei har sin eigen skog innafor gjerdet!
Bømlo Turlag har laga Gapahuk ved Raunevatnet i nærleiken av lysløypa og ved foten av Svortland / Mæland / Gilje marka. Dette er eit svært mykje nytta turområde i sentrum. Lysløypa er universal utforma og er tilgjengeleg for dei aller fleste. Løypa er godt merka og vedlikeholdt av Gutta på tur. Inne i Fet-løypa finn du også ei refleksløype, aktivitetspark for trening og tarzan-løype.
I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.
I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.
Innerst i Straumen hyttegrend har Fjordtun fire rorbuer til utleige - Westside lodges. Dei har alle eigen koseleg terrasse på kaikanten. Det er flott utsikt over sjøen, og frå ei stor flytebrygge kan ein både bade og sole seg, og få tilgang til eigen båt.
På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.