Hero image

Opplev

Sport1

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Hos Sport 1 Bømlo på HSD-senteret finn du eit godt utval i treningsklede- og utstyr.

Opplevingar nær Sport1
Kolera-gravplass på Sønstabø

Ein av dei gamle kolera-gravplassane på Bømlo ligg på Sønstabø. Den blei innrettet slik instruksen fra myndighetene tilsa - på fritt og høgtliggande mark. Rundt gravplassen er det ein fin steingard med eit rognetre som lener seg inntil muren. Treet har vokst opp i livda av steingarden, og så tett inntil den, at busken har fått stå i fred for beitedyr. Etter at treet vaks seg høgare enn steingarden så blei da jamt slutt på livda, men det forblåste treet har klart å tilpassa seg all slags vêr. No står det staute treet der mest som eit minnesmerke over dei som omkom under den store koleraepidemien i 1849.

Vikinggrava ved Brømsund

På veg ut til Brømsund kan ein ta ein svipptur innom 40 gamle vikinggraver.

Kattholmen

Området rundt Katholmen er variert og fint til padling. Kattholmen ligg ytst i Melingsvågen og har siglingsmerke. Det er eit fint "basseng" på holmen som går an å bada i. Katt i denne samanheng er eit nautisk uttrykk som betyr trang passasje (sund).

Benkjaneset

Den litle bautasteinen på Benkjaneset er ein kjend "selfie-stad" med utsikt til fyret på Aksteinsholmen og vidare vestover mot Måksteinen. Benkjaneset ligg nordvest for Bukkavikjo. Begge stader er del av Neseløypo. Mange likar å gå tur i denne løypa. Har du med deg hund på tur, skal han vera i band alltid. Området er innmark og det går sauer der året rundt. Hundeposer og anna bos tek turgåarane med seg heim. Parkering ved ballbingen på Nese.

Overnatting nær Sport1
Hengjo - di heilt eiga øy

Velkommen til Hengjo og velkommen til kvilepuls. Her ligg alt til rette for at ein eller to familiar skal kunne nyte dagane i rolige omgjevnader. Du parkerer bilen på fastlandet på Alvsvåg, set deg i båten, og køyrer dei 200 metrane ut til di heilt eiga øy. Her ligg Hengjo å ventar på deg. Huset er eit nybygg, men tek vare på kystkulturen og minnene som heng igjen etter den 100 år gamle nothengja som sto her fram til 2017. Hengjo har 4 faste soverom med plass til 2 personar i kvart rom, i tillegg til sovesofaer på 3 andre rom. Her er lyst, trivelig og åpent, med fleire stover, kjøken, 2 bad og fantastiske solforhold på heile øya. Her er tv og internett, utemøblar, fleire uteplassar, strand og sjø på alle kantar. Inkludert i prisen er båt og kajakkar ein kan bruke for å utforske skjærgarden blant dei 1000 øyane Bømlo Kommune består av. Storhavet ligg 7 minutt unna i båt og gode fiskeforhold å store naturopplevelsar ventar like utenfor stoveglaset. På Hengjo ligg og ein fast fortøyd seglbåt som òg kan disponerast om ein treng fleire soveplassar. I båten er det køyer til 7 personer, 3 doble og 1 enkel, bysse med liten kjøkkenkrok og masse sjarm å nostalgi.

Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.

Rorbuer på vestsida av Bømlo

Innerst i Straumen hyttegrend har Fjordtun fire rorbuer til utleige - Westside lodges. Dei har alle eigen koseleg terrasse på kaikanten. Det er flott utsikt over sjøen, og frå ei stor flytebrygge kan ein både bade og sole seg, og få tilgang til eigen båt.

Urangsvåg båthamn

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.