Hero image

Opplev

multiSAFE

Type of attraction icon
Type of attraction icon

multiSAFE er ei Veritas godkjent bedrift med lang erfaring innan brannslukkingsutstyr til næringslivet. Som privatperson kan du kjøpa brannsikringsutstyr i deira lokaler i Brubrekka (Matre Maskin) kvar torsdag. multiSAFE leverer òg tenester som kontroll og sal av løfteutstyr, sjakler stropper og fallseler. I tillegg held dei kurs i varmt arbeid, fallsikring, personløftar og slukkeøvelser i eigne og kundes lokal. multiSAFE bygger også servicestasjon for overlevingsdrakter og fortsett det gode samarbeidet med VIKING LSA.

Opplevingar nær multiSAFE
Rubbestadneset aktivitetspark

I Rubbestadneset aktivitetspark finn du utandørs treningsapparat og ein «pumptrack» der ein kan nytte sykkel, sparkesykkel, rollerblades eller skateboard.

Stongervågen rundt

Denne løypa er 3,5 km og tar omlag 45 minutt frå Stangarvågen, og rundt til Brubrekka. Løypa startar frå Rolfsnesvegen inn til ein skogveg inst i Stangarvågen. Terrenget er lett, med delvis grusa stier. Løypa eignar seg fint for ein familietur, sjølv om delar av turen er myrlendt. Litt over halvvegs ved vatnet blir det litt klatring, men vel over kan du belønna deg sjølv med godt ferskvatn. Stien sluttar/startar like ved brua i Brubrekka.

Leikeplass ved Espira Rubbestadneset barnehage

Området rundt Espira Rubbestadneset barnehage innbyr til kjekke leikestunder utanfor barnehagens opningstider. Leikeplassen finn du rett i nærleiken av Rubb Stadion.

Leikeplass ved Espira Rubbestadneset barnehage

1.01 km

Les meir
Furuneset badestrand

Furuneset finn du i Innværfjorden, like sør for Rubbestadneset. Dette er primært ein lokal badeplass, men her er også ei lita flytebrygge med nokre få gjesteplasser og god dybde. Fin plass å legge på veg med kajakk eller SUP, og flotte område å oppleve rundt.

Overnatting nær multiSAFE
Rorbuer på Innvær

På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.

Aasheim rorbuer

Eldbjørg og Paul Jørs ønskjer velkomen til Aasheim Rorbuer. Me tilbyr 4 rorbuer m. alle fasilitetar for at di fritid skal bli vellykket. Her finner du ro i sjela, og eit ypperleg utgangspunkt for såvel fisketurar som avslapping og naturopplevelsar, med 1000 holmar og øyer innan rekkevidde.

Urangsvåg båthamn

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.

Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.