Hero image

Opplev

Mekonomen bil & motorservice

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Velkommen til Mekonomen Bilverkstad! Vår verkstad i Hollundsdalen står parat for å hjelpe deg ved større eller mindre reparasjoner, service og generelt vedlikehold. Stikk innom eller ring, så får du hjelpa du treng!

Taggar / Nøkkelord
landbruksmaskinar
tilhengjar
lastebil
bubil
varebil
personbil
Opplevingar nær Mekonomen bil & motorservice
Hjartåsen, ved rasteplass i Hollundsløypa

Kjør til Hollund Barnehage. Parker på parkeringsplassen her, ein kan også parkere ved rødekorshuset og gå inn til barnehagen derfrå. Gå på skogsvei forbi barnehagen og fortsett på merka vei/sti til Store Hjartåsen. Flott grusveg inn til Hjartåsen og her finn du rasteplass med bålpanne osv. Du kan også fortsetja på rundtur på merka rundløype attende til Hollund Barnehage. Rundtur på ca. 3,5 km Foto: Bømlo turlag

Hjartåsen, ved rasteplass i Hollundsløypa

0.81 km

Les meir
Fet

Bømlo Turlag har laga Gapahuk ved Raunevatnet i nærleiken av lysløypa og ved foten av Svortland / Mæland / Gilje marka. Dette er eit svært mykje nytta turområde i sentrum. Lysløypa er universal utforma og er tilgjengeleg for dei aller fleste. Løypa er godt merka og vedlikeholdt av Gutta på tur. Inne i Fet-løypa finn du også ei refleksløype, aktivitetspark for trening og tarzan-løype.

Leikeplass ved Hollund barnehage

I Hollund barnehage er det mange kjekke leikeapparat, og ein fin plass å ta med ungar å leike utanom opningstida til barnehagen. Silebanar, reiler, sandkasse, leikebåt og leikehus er nokre av attraksjonane her. Ein fin stopp på vegen er det òg om ein vil leggje ut på tur i Hollundsmarka.

Bømlo symjehall

Bømlo symjehall er eit topp moderne svømmeanlegg på Svortland. Anlegget rommar eit standard konkurransebasseng (25 meter) med seks banar og stupetårn på ein, tre og fem meter. I tillegg har me opplæringsbasseng, badstue, kiosk og badebutikk.

Overnatting nær Mekonomen bil & motorservice
Urangsvåg båthamn

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.

Rorbuer på Innvær

På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.

Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.

Aasheim rorbuer

Eldbjørg og Paul Jørs ønskjer velkomen til Aasheim Rorbuer. Me tilbyr 4 rorbuer m. alle fasilitetar for at di fritid skal bli vellykket. Her finner du ro i sjela, og eit ypperleg utgangspunkt for såvel fisketurar som avslapping og naturopplevelsar, med 1000 holmar og øyer innan rekkevidde.