Opplev
HSD - Handelssenteret ditt
HSD – Handelssenteret ditt, Bømlo sin møtestad. Eit moderne og flott kjøpesenter. Lett tilkomst med parkering og alle butikkar på eit plan. På HSD-senteret har du eit breidt utval butikkar med godt utval innan daglegvare, blomar, leiker, bøker, apotek, briller, sko og klede, garn og hobbyartiklar, fritids/sportstøy, interiør og hushaldningsartiklar m.m Kafe som kan freiste med god og heimelaga tradisjonsrik mat i tillegg til kjappe måltid, god heimelaga bakst og kaker. Gratis parkering og ladestasjonar for EL-bil og spylervæskestasjon. Gratis utlån av rullestol. Utleige av selskapslokale (for meir informasjon ta kontakt med kafeen Kafe`dn i By`dn – HSD-salongen)
- Taggar / Nøkkelord
Uteområdet til Espira Salamonskogen barnehage er kjempestort og variert, og dei har sin eigen skog innafor gjerdet!
Bømlo symjehall er eit topp moderne svømmeanlegg på Svortland. Anlegget rommar eit standard konkurransebasseng (25 meter) med seks banar og stupetårn på ein, tre og fem meter. I tillegg har me opplæringsbasseng, badstue, kiosk og badebutikk.
I Hollund barnehage er det mange kjekke leikeapparat, og ein fin plass å ta med ungar å leike utanom opningstida til barnehagen. Silebanar, reiler, sandkasse, leikebåt og leikehus er nokre av attraksjonane her. Ein fin stopp på vegen er det òg om ein vil leggje ut på tur i Hollundsmarka.
Minnesmerket utanfor Bremnes kyrkje er ein minnestein over falne bremnesingar i krigen 1940-1945. Steinen er reist av Bremnes kyrkjelyd år 1947.
I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.
I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.
Innerst i Straumen hyttegrend har Fjordtun fire rorbuer til utleige - Westside lodges. Dei har alle eigen koseleg terrasse på kaikanten. Det er flott utsikt over sjøen, og frå ei stor flytebrygge kan ein både bade og sole seg, og få tilgang til eigen båt.
På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.