Hero image

Opplev

Helle A/S

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Helle A/S er ditt lokale kompetansesenter for vatn, varme og bad! Me gjennomfører med stolthet og gjer deg tryggleik i vatn, og utfører service, rehabilitering, nybygg, varmeanlegg, vannboren varme og oppdrag for industrien. Rørleggjarmeister og dagleg leiar tok meisterbrev i 2009 og har erfaring som rørleggjar på service og anlegg, samt serviceleiar, fagleg leiar og prosjektleiar.

Taggar / Nøkkelord
Opplevingar nær Helle A/S
Leikeplass ved Espira Salamonskogen barnehage

Uteområdet til Espira Salamonskogen barnehage er kjempestort og variert, og dei har sin eigen skog innafor gjerdet!

Leikeplass ved Espira Salamonskogen barnehage

0.37 km

Les meir
Minnesmerket ved Bremnes kyrkje

Minnesmerket utanfor Bremnes kyrkje er ein minnestein over falne bremnesingar i krigen 1940-1945. Steinen er reist av Bremnes kyrkjelyd år 1947.

Bømlo symjehall

Bømlo symjehall er eit topp moderne svømmeanlegg på Svortland. Anlegget rommar eit standard konkurransebasseng (25 meter) med seks banar og stupetårn på ein, tre og fem meter. I tillegg har me opplæringsbasseng, badstue, kiosk og badebutikk.

Storavatnet

I kommunesenteret på Bømlo ligg Storavatnet. Her er eit fint parkområdet nede ved kyrkja, ein finn Blia-monumentet, det er ein sti der ein kan gå langs vatnet ned mot austre del av sentrum, og her er ein fin plass å sitje og sole seg på gode dagar. Det er og mogleg å ta med seg ein kajakk å setje på sjøen her, eller ein kano, og padle rundt på vatnet. Det er òg ei flytebrygge ved kulturhuset.

Overnatting nær Helle A/S
Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.

Urangsvåg båthamn

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.

Rorbuer på vestsida av Bømlo

Innerst i Straumen hyttegrend har Fjordtun fire rorbuer til utleige - Westside lodges. Dei har alle eigen koseleg terrasse på kaikanten. Det er flott utsikt over sjøen, og frå ei stor flytebrygge kan ein både bade og sole seg, og få tilgang til eigen båt.

Rorbuer i Urangsvåg

Habbestad Rorbuutleige har to rorbuer som kan leigast kvar for seg eller saman. Rorbuene ligg usjenert på Steganeset ved innløpet til Urangsvågen, har fin terrasse ved inngangspartiet, god parkering og stor platting på kaien. Like ved rorbuene er det ei lita strand, og ein kan leige båt. Bestilling gjer ein via Dancenter, og er i hovudsak vekesleige laurdag-laurdag. I perioden 1. oktober - 1. april kan ein leige over kortare eller lengre periodar. Leige i denne perioden gjer ein direkte med Habbestad Rorbuutleige.