Hero image

Opplev

DNB

Type of attraction icon
Type of attraction icon

DNB er ein bank som leverer tenester til både privatkundar og bedrifter over heile landet. I Sunnhordland har dei kontor på Stord, men har mange kundar på Bømlo, og er ein god støttespelar til bedrifter som er kundar hos dei.

Opplevingar nær DNB
Austnes (Austnespynten)

Turområdet ligg nordaustvendt mot Bømlafjorden, og ligg i eit variert og kupert terreng. Rundløypa går blant anna via svaberg, lyng og myr. Området har eit rikt planteliv. Ein går langs fleire strender. I nokre av dei kan du ta deg ein dukkert om du vil. Langs løypa passerar du og ein kolerakyrkjegard. På det høgaste punktet i denne rundløypa kan du nyta utsikt til Sunnhordlands-landskapet i mest 360`grader. Parker ved Gruveparken, og gå inn Breivikevegen til endes. Der vil du finne skilt vidare - god tur!

Røyksundkanalen

Røyksund har sitt austre innløp fra Stokksundet og via det smale løpet ved sydspissen av Sørneset. Djupna her er kun 1,6 meter. Elles er det grunt (1-1,5 meter) - men godt merka - gjennom Røyksund.

Minnesmerke ved Moster kyrkje

Minnesmerke ved Moster kyrkje.

Moster gamle kyrkje

Moster gamle kyrkje er eit av dei enklaste kyrkjebygga i landet, og står på historiske Moster. Den vert ofte omtala som Noregs eldste kyrkje. Snorre fortel at Olav Tryggvason feira messe og grunnla ei kyrkje her i 995. Olav den heilage og biskop Grimkjell heldt ting på Moster i 1024 der kristenretten eller kyrkjeordninga i Noreg blei innført. Les meir om kyrkje i lenkja under.

Overnatting nær DNB
Aasheim rorbuer

Eldbjørg og Paul Jørs ønskjer velkomen til Aasheim Rorbuer. Me tilbyr 4 rorbuer m. alle fasilitetar for at di fritid skal bli vellykket. Her finner du ro i sjela, og eit ypperleg utgangspunkt for såvel fisketurar som avslapping og naturopplevelsar, med 1000 holmar og øyer innan rekkevidde.

Rorbuer på Innvær

På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.

Hengjo - di heilt eiga øy

Velkommen til Hengjo og velkommen til kvilepuls. Her ligg alt til rette for at ein eller to familiar skal kunne nyte dagane i rolige omgjevnader. Du parkerer bilen på fastlandet på Alvsvåg, set deg i båten, og køyrer dei 200 metrane ut til di heilt eiga øy. Her ligg Hengjo å ventar på deg. Huset er eit nybygg, men tek vare på kystkulturen og minnene som heng igjen etter den 100 år gamle nothengja som sto her fram til 2017. Hengjo har 4 faste soverom med plass til 2 personar i kvart rom, i tillegg til sovesofaer på 3 andre rom. Her er lyst, trivelig og åpent, med fleire stover, kjøken, 2 bad og fantastiske solforhold på heile øya. Her er tv og internett, utemøblar, fleire uteplassar, strand og sjø på alle kantar. Inkludert i prisen er båt og kajakkar ein kan bruke for å utforske skjærgarden blant dei 1000 øyane Bømlo Kommune består av. Storhavet ligg 7 minutt unna i båt og gode fiskeforhold å store naturopplevelsar ventar like utenfor stoveglaset. På Hengjo ligg og ein fast fortøyd seglbåt som òg kan disponerast om ein treng fleire soveplassar. I båten er det køyer til 7 personer, 3 doble og 1 enkel, bysse med liten kjøkkenkrok og masse sjarm å nostalgi.

Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.