Hero image

Opplev

Bømlakortet

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Bømlakortet er ein foreining som driv gåvekortteneste for forretningar på Bømlo som er medlem av foreininga, og arrangement og samlingar for bedriftene som er medlem. Klikk deg inn på nettstaden til Bømlakortet for ein oversikt over bedrifter som tilbyr tenesta!

Opplevingar nær Bømlakortet
Bømlo symjehall

Bømlo symjehall er eit topp moderne svømmeanlegg på Svortland. Anlegget rommar eit standard konkurransebasseng (25 meter) med seks banar og stupetårn på ein, tre og fem meter. I tillegg har me opplæringsbasseng, badstue, kiosk og badebutikk.

Fet

Bømlo Turlag har laga Gapahuk ved Raunevatnet i nærleiken av lysløypa og ved foten av Svortland / Mæland / Gilje marka. Dette er eit svært mykje nytta turområde i sentrum. Lysløypa er universal utforma og er tilgjengeleg for dei aller fleste. Løypa er godt merka og vedlikeholdt av Gutta på tur. Inne i Fet-løypa finn du også ei refleksløype, aktivitetspark for trening og tarzan-løype.

Leikeplass ved Espira Salamonskogen barnehage

Uteområdet til Espira Salamonskogen barnehage er kjempestort og variert, og dei har sin eigen skog innafor gjerdet!

Leikeplass ved Espira Salamonskogen barnehage

0.41 km

Les meir
Leikeplass ved Maurtua barnehage

Det flotte område til Maurtua barnehage er perfekt for leik, moro og utforsking. Barnehagen har Svortland barneskule, ungdomsskule, idrettsanlegg og svømmebasseng som næraste nabo. Rett ved sida finn du også inngangen til Fet-løypa.

Overnatting nær Bømlakortet
Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.

Urangsvåg båthamn

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.

Rorbuer på Innvær

På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.

Rorbuer på vestsida av Bømlo

Innerst i Straumen hyttegrend har Fjordtun fire rorbuer til utleige - Westside lodges. Dei har alle eigen koseleg terrasse på kaikanten. Det er flott utsikt over sjøen, og frå ei stor flytebrygge kan ein både bade og sole seg, og få tilgang til eigen båt.