Hero image

Opplev

Bilhuset Bømlo

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Hos Bilhuset Bømlo i Hollundsdalen får du alt du treng til bilen din og til bilholdet i løpet av året. Me er ein del av bilverkstad- og bilutstyrskjeda BilXtra, og dekk-kjeden Dekkpartner. Me har også fullverdig bilglass-service med skifte av frontrute på dagen, samt bilutleie og tilhengerutleie. Me har samla alt du treng til bilen under same tak. Stort utval og lett for deg!

Taggar / Nøkkelord
dekkpartner
bilxtra
bilutleige
tilhengar
frontrute
bilutstyr
bildelar
bilverkstad
Opplevingar nær Bilhuset Bømlo
Fet

Bømlo Turlag har laga Gapahuk ved Raunevatnet i nærleiken av lysløypa og ved foten av Svortland / Mæland / Gilje marka. Dette er eit svært mykje nytta turområde i sentrum. Lysløypa er universal utforma og er tilgjengeleg for dei aller fleste. Løypa er godt merka og vedlikeholdt av Gutta på tur. Inne i Fet-løypa finn du også ei refleksløype, aktivitetspark for trening og tarzan-løype.

Bømlo symjehall

Bømlo symjehall er eit topp moderne svømmeanlegg på Svortland. Anlegget rommar eit standard konkurransebasseng (25 meter) med seks banar og stupetårn på ein, tre og fem meter. I tillegg har me opplæringsbasseng, badstue, kiosk og badebutikk.

Leikeplass ved Maurtua barnehage

Det flotte område til Maurtua barnehage er perfekt for leik, moro og utforsking. Barnehagen har Svortland barneskule, ungdomsskule, idrettsanlegg og svømmebasseng som næraste nabo. Rett ved sida finn du også inngangen til Fet-løypa.

Leikeplass ved Espira Salamonskogen barnehage

Uteområdet til Espira Salamonskogen barnehage er kjempestort og variert, og dei har sin eigen skog innafor gjerdet!

Leikeplass ved Espira Salamonskogen barnehage

1.02 km

Les meir
Overnatting nær Bilhuset Bømlo
Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.

Urangsvåg båthamn

I Urangsvåg er det ei kommunal båthamn der besøkjande kan leggje til. 25 minutt å gå til kommunesenteret Svortland, der ein finn alt ein treng av varer og tenester. Per i dag er det ikkje fasilitetar på land ved denne båthamna.

Rorbuer på Innvær

På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.

Aasheim rorbuer

Eldbjørg og Paul Jørs ønskjer velkomen til Aasheim Rorbuer. Me tilbyr 4 rorbuer m. alle fasilitetar for at di fritid skal bli vellykket. Her finner du ro i sjela, og eit ypperleg utgangspunkt for såvel fisketurar som avslapping og naturopplevelsar, med 1000 holmar og øyer innan rekkevidde.