Hero image

Opplev

Sikje småbruk

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Sikje Småbruk er ein økologisk driven gard på Bømlo med sal av friske og vidareforedla urter, kjøt, villsau skinn, grindabygg mm, alt etter sesong. Me har og miljøvenlege produkt for deg som ynskjer mindre bruk av plast mm.

Opplevingar nær Sikje småbruk
Kanalvaktarbustaden

I 1856 vart det bygd ein kanalvaktarbustad ved Kulleseidkanalen. Fyrste kanalvaktar var Jacob Wrede Zahl. Kanalvaktarbustaden står framleis på same staden og er i desse dagar i ferd med å verta omgjort til museum.

Kulleseid Telegrafstasjon

Kulleseid Telegrafstasjon vart i 1997 pussa opp av Norsk Telemuseum. I dag er det ei lita utstilling her som fortel historia om telegrafstasjonen. Museet har ikkje faste opningstider, så eit besøk må avtalast på førehand. For å komma seg til Kulleseid kan ein enten bruka bil eller båt. Det raskaste er nok bil, litt avhengig av kor du bur, men båt er absolutt den finaste måten. Berre eit steinkast frå Kulleseid Telegrafstasjon ligg Kulleseidkanalen gjestehamn. Her er det mulig å leggja båten medan ein vitjar telegrafstasjonen.

Kulleseidkanalen

Kulleseidkanalen ligg ved tettstaden Finnås, midt på Bømlo, og er eitt av dei meste kjende landemerka i kommunen. Å reisa gjennom Kulleseidkanalen med båt eller kajakk, er ei oppleving av dei sjeldne. Kanalen vart ferdigstilt i 1856 for å lette båtane si ferd mellom austsida og vestsida av Bømlo, og uutvida og gjort djupare og breiare i perioden 1927-1935. I dag er kanalen ein liten handels- og turiststad, med blant anna daglegvareforretning, bensinstasjon og ei populær gjestehamn med tilhøyrande fasilitetar og restaurant. Årleg har dei òg ein liten festival på området, nemleg Kanaldagane https://kanaldagane.no/. Kulleseidkanalen er ein av fleire kanalar som er fine å reise gjennom når ein er på rundtur på Bømlo til sjøs.

Hovda

Hovda ligg på Våge, eit stykke nord om hovudveien. Gå på merka sti mot Hovda. Her er det berre å orientera seg fram mot toppen. Parkering er best på Våge Skule.

Overnatting nær Sikje småbruk
Hengjo - di heilt eiga øy

Velkommen til Hengjo og velkommen til kvilepuls. Her ligg alt til rette for at ein eller to familiar skal kunne nyte dagane i rolige omgjevnader. Du parkerer bilen på fastlandet på Alvsvåg, set deg i båten, og køyrer dei 200 metrane ut til di heilt eiga øy. Her ligg Hengjo å ventar på deg. Huset er eit nybygg, men tek vare på kystkulturen og minnene som heng igjen etter den 100 år gamle nothengja som sto her fram til 2017. Hengjo har 4 faste soverom med plass til 2 personar i kvart rom, i tillegg til sovesofaer på 3 andre rom. Her er lyst, trivelig og åpent, med fleire stover, kjøken, 2 bad og fantastiske solforhold på heile øya. Her er tv og internett, utemøblar, fleire uteplassar, strand og sjø på alle kantar. Inkludert i prisen er båt og kajakkar ein kan bruke for å utforske skjærgarden blant dei 1000 øyane Bømlo Kommune består av. Storhavet ligg 7 minutt unna i båt og gode fiskeforhold å store naturopplevelsar ventar like utenfor stoveglaset. På Hengjo ligg og ein fast fortøyd seglbåt som òg kan disponerast om ein treng fleire soveplassar. I båten er det køyer til 7 personer, 3 doble og 1 enkel, bysse med liten kjøkkenkrok og masse sjarm å nostalgi.

Lykling gjestehamn

Lykling gjestehamn har vanlegvis 10-15 gjesteplassar, men kan lage plass til fleire om naudsynt. Her er det både dusj, toalett og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Bademoglegheiter i hamna. Kafeteria på kaien kvar torsdagskveld fra kl 17.30 heile året. 6 km til butikk, men dagligvarer kan bringes. Det er også eit koseleg selskapslokale for utleige på kaien i hamna. Foto: Nils-Tore Sele, Bømlonytt

Stormhytter på Gullvegen Gardstun

Stormhyttene på Lykling eit overnattingstilbod for deg som ynskjer ei oppleving ulikt alt anna. Plassert i det gamle gullgravarfeltet der Noregs største gullgruveindustri utspant seg på slutten av 1800-talet og rett ved garden Gullvegen Gardstun, med storhavet i vest som nærmaste nabo. Utsikta er 360 grader. Her får du dei vakraste solnedgangar og dei barskaste hauststormane tett på. Her dansar storhavet slik berre storhavet kan. Du kan ligge å sjå på havørna som sirklar over området, eller drøyme deg bort når den magiske stjernehimmelen openbarar seg på fine netter. Fint eller stygt vær, - det er uansett ei sterk oppleving å kome så tett på naturen! Booking: https://www.gullvegengardstun.no/stormhyttene

Svortland bubilparkering

I kommunesenteret på Bømlo finnes det bubilparkering nede ved Storavatnet. Her kan du padle kajakk på Storavatnet, ta ein sykkeltur til mange fine turområde, gå og ete på ein av dei trivelege kafeane i nærleiken, gå på kulturhuset på kino, bibliotek eller andre forestillingar, og handle på nokre av dei kjekke butikkane like ved.