Informasjonskapslar
Her finn du informasjon om informasjonskapslar.
Kva er ein informasjonskapsel?
Ein informasjonskapsel er ein liten datadel som vert lagra i nettlesaren, for å halde styr på aktivitetane på nettsida, og kjenne att datamaskinar som har besøkt nettstaden tidlegare. Informasjonen er naudsynt for å gje best mogleg brukaroppleving på ein nettstad. Ein informasjonskapsel er ikkje eit program, og inneheld ikkje virus. Du kan lese meir om informasjonskapslar her:
https://www.en.wikipedia.org/wiki/HTTP_cookie
Denne nettstaden sin bruk av informasjonskapslar
Data som vert samla inn, vert brukt til å forbetre nettsida sin funksjonalitet og brukaroppleving, basert på brukarane sine behov og interesser. Data vert ikkje delt med tredjepart. Unntak frå denne regelen kan vere at leverandør av teknisk løysing, eller andre rådgjevarar, treng tilgang til informasjonen for å støtteBømlo Næringsråd i arbeidet med å optimalisere og / eller drifte nettstaden betre. Dei fleste nettlesarar er sett opp til å akseptere informasjonskapslar. Om du ønskjer, kan du setje opp nettlesaren til å avvise informasjonskapslar.
Google Analytics
Bømlo Næringsråd brukar analyseplattforma Google Analytics for å studere brukaroppførsel og trafikktrendar på nettstaden. Data samla inn, er brukt til å optimalisere brukaropplevinga og innhaldet til å betre reflektere brukarane sine behov og interesser. I tråd med Google Privacy Policy sine retningslinjer, vert ikkje informasjon som personleg identifiserer eit individ, samla inn. Innsamla data er lagra på Google sine tenarar. Du kan lese meir om korleis Google samlar inn og sikrar sine data her: http://www.google.com/analytics/learn/privacy.html
Google Analytics informasjonskapslar er ein førsteparts informasjonskapsel. Informasjonskapselen er satt til å bli automatisk sletta etter 24 månader om du ikkje returnerer til nettstaden. Du kan reservere deg mot bruk av Google Analytics sine informasjonskapslar her:https://tools.google.com/dlpage/gaoptout