Hero image

Opplev

Asbjørns Rammeverksted

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Asbjørns Rammeverksted vart etablert på Bømlo i 2013, men innehavaren har drive innan faget sidan 1991. Her er kunden i fokus, og på nettstaden kan ein planlegge innramminga heimanfrå, ved hjelp av ein brukarvennleg og effektiv mobil visningspakke. Ein er sjølvsagt og velkommen til å stikke innom rammeverkstaden på Moster. Asbjørns Rammeverksted gjer innramming enklare for kunden!

Opplevingar nær Asbjørns Rammeverksted
Gapahuken på Barmen (Totlandsskogen)

Totlandskogen er å rekna som den siste urørte skog og utmark på Moster. Turstien startar og sluttar ved velteplass for tømmer ved Totlandstjørna. Turen inn til den nye Gapahuken på Barmen går på oppgradert skogsveg heilt fram til Barmen. Der finn du bålpanne, rastebenk og flotte svaberg. Du kan sjølvsagt gå vidare og for å utforska området i Totlandskogen. Området ligg i idylliske omgivnadar langs Bømlafjorden i aust og sør, Børøyfjorden i vest og garden Totland i nord. Løypa består av i alt fire delløyper. Dei fører deg langs fjord og svaberg inn til to innelukka pollar, Trøytarosen og Tjørnanespollen. Ynskjer du å nyta den finaste utsikten i løypa, kan du søkja inn i skogen og opp til løypa sitt høgaste punkt, Varhaugen.

Grindheimsneset

Jektanesvegen og vegen til Espelandssjøen er sentrale inngangsportar til Grindheimsmarka. Vegane blei laga som skogsvegar tidleg på 1990-talet. Etter kvart har områda langs vegane blitt utbygde med naust og hytter, slik at vegane har gitt betre tilgong til områda. I dag er Grindheimsmarka eit svært populært turområde med eit utal stiar på kryss og tvers. Her er løyper for ein kvar smak, frå ein liten tur over Djupadalen til lengre turar til Grindheimsneset og Skarholmen. På utsiktspunktet over Grindheimsvågen ser ein Bømlafjorden, Børøyfjorden og Sletta, og frå Båvågshammaren mot Børøyfjorden og Siggjo. Grindheimsmarka har og ein variert flora og eit rikt fugleliv. Du finn mange fine stadar der du kan setja deg ned og nyta fuglesongen eller stilla. Kva med eit bad i ein av dei mange lune småvikane, kunne det frista?

Leikeplass ved Espira Moster barnehage

Espira Moster ligger idyllisk til med sjø og skog like i nærleiken.

Minnesmerke ved Moster gamle kyrkje

Minnesmerke ved Moster gamle kyrkje

Overnatting nær Asbjørns Rammeverksted
Lykling gjestehamn

Lykling gjestehamn har vanlegvis 10-15 gjesteplassar, men kan lage plass til fleire om naudsynt. Her er det både dusj, toalett og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Bademoglegheiter i hamna. Kafeteria på kaien kvar torsdagskveld fra kl 17.30 heile året. 6 km til butikk, men dagligvarer kan bringes. Det er også eit koseleg selskapslokale for utleige på kaien i hamna. Foto: Nils-Tore Sele, Bømlonytt

Stormhytter på Gullvegen Gardstun

Stormhyttene på Lykling eit overnattingstilbod for deg som ynskjer ei oppleving ulikt alt anna. Plassert i det gamle gullgravarfeltet der Noregs største gullgruveindustri utspant seg på slutten av 1800-talet og rett ved garden Gullvegen Gardstun, med storhavet i vest som nærmaste nabo. Utsikta er 360 grader. Her får du dei vakraste solnedgangar og dei barskaste hauststormane tett på. Her dansar storhavet slik berre storhavet kan. Du kan ligge å sjå på havørna som sirklar over området, eller drøyme deg bort når den magiske stjernehimmelen openbarar seg på fine netter. Fint eller stygt vær, - det er uansett ei sterk oppleving å kome så tett på naturen! Booking: https://www.gullvegengardstun.no/stormhyttene

Aasheim rorbuer

Eldbjørg og Paul Jørs ønskjer velkomen til Aasheim Rorbuer. Me tilbyr 4 rorbuer m. alle fasilitetar for at di fritid skal bli vellykket. Her finner du ro i sjela, og eit ypperleg utgangspunkt for såvel fisketurar som avslapping og naturopplevelsar, med 1000 holmar og øyer innan rekkevidde.

Hengjo - di heilt eiga øy

Velkommen til Hengjo og velkommen til kvilepuls. Her ligg alt til rette for at ein eller to familiar skal kunne nyte dagane i rolige omgjevnader. Du parkerer bilen på fastlandet på Alvsvåg, set deg i båten, og køyrer dei 200 metrane ut til di heilt eiga øy. Her ligg Hengjo å ventar på deg. Huset er eit nybygg, men tek vare på kystkulturen og minnene som heng igjen etter den 100 år gamle nothengja som sto her fram til 2017. Hengjo har 4 faste soverom med plass til 2 personar i kvart rom, i tillegg til sovesofaer på 3 andre rom. Her er lyst, trivelig og åpent, med fleire stover, kjøken, 2 bad og fantastiske solforhold på heile øya. Her er tv og internett, utemøblar, fleire uteplassar, strand og sjø på alle kantar. Inkludert i prisen er båt og kajakkar ein kan bruke for å utforske skjærgarden blant dei 1000 øyane Bømlo Kommune består av. Storhavet ligg 7 minutt unna i båt og gode fiskeforhold å store naturopplevelsar ventar like utenfor stoveglaset. På Hengjo ligg og ein fast fortøyd seglbåt som òg kan disponerast om ein treng fleire soveplassar. I båten er det køyer til 7 personer, 3 doble og 1 enkel, bysse med liten kjøkkenkrok og masse sjarm å nostalgi.