Habbestad rorbuutleige

Opplev

Habbestad rorbuutleige

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Habbestad Rorbuutleige har to rorbuer som kan leigast kvar for seg eller saman. Rorbuene ligg usjenert på Steganeset ved innløpet til Urangsvågen, har fin terrasse ved inngangspartiet, god parkering og stor platting på kaien. Like ved rorbuene er det ei lita strand, og ein kan leige båt. Bestilling gjer ein via Dancenter, og er i hovudsak vekesleige laurdag-laurdag. I perioden 1. oktober - 1. april kan ein leige over kortare eller lengre periodar. Leige i denne perioden gjer ein direkte med Habbestad Rorbuutleige via deira facebook-side.

Kategoriar
overnatting
Taggar
bading
fisking
båt
rorbu
Opplevingar nær Habbestad rorbuutleige

På vestsida av Goddevegen finn ein Steganeset båthamn. Har ein båt liggjande i denne hamna, er det kort veg ut på havet for å fiske. For å få tilgang til båtplass og fasilitetar her, må ein søkje Urangsvåg båtlag.

Lang Goddevegen på veg ut mot Brandasund, finn ein Steganesvatnet. Her er det fint å bade om sommaren, og skeise om vinteren. Bading er best når vatnet er blitt litt varmt, og skeising når det er trygg is på vatnet. Nærmaste offentlege parkeringsplass er ved Kinnestraumen bru.

Ved Litlabruno på Goddevegen, er ein fin fiskeplass frå land, der ein kan få torsk, lyr, pale, sjøaure og makrell. Mogleg å parkere ved Kinnestraumen bru, som er litt lengre nord. Hugs å ta godt vare på kaien, skyll vekk eventuelle fiskerestar, og rydd opp etter deg før du går.

Djupedalen er ein offentleg badeplass i Urangsvågen. Her er ei flott og langgrunn strand med krabbar, sjøstjerner og andre skattar for dei minste, og moglegheitar for å hoppe og stupe for dei som er kome litt lengre i badelivet. På land er det eit fint tilrettelagt område der ein kan sitje og sole seg og drikke kaffi, og bord og benker for dei som likar det. Ein kan òg fiske frå land på nordsida av stranda. Nokre parkeringsplassar nede ved stranda, og nokre ved hytteavfalls-kontainerane like ved, og i stranda er det fint å komme seg ut på kajakktur. Fint om ein tenkjer at plassane nede ved stranda kan vere tilgjengelege til dei som er rørslehemma, slik at dei og lettare kan kome seg til stranda for eit bad om dei ønskjer.

Turistbedrifter nær Habbestad rorbuutleige

På Bømlo kan du oppleva storslått natur. Vill og rå sjø, milevidt blenkjande hav, fjell, kanalar, gamle handelstadar. www.bomlo.kommune.no Bømlo har et yrande kulturliv. Her har me mykje å by på. Turistinformasjonen i Bømlo kommune er samlokalisert med kundetorget, som er innbyggjarane sitt første møte med kommunale etatar. Her vil du bli møtt av turistvertane, som og er kundevertar. Me ynskjer å hjelpa deg med å oppleva Bømlo på best muleg måte.

Me held til i Bømlo kulturhus, midt på Svortland, og her serverer me vellaga, og sjølvsagt heimelaga, mat. Me vil basere oss på gode norske og lokale mattradisjonar og gjerne med bruk av lokalproduserte og kortreiste råvarer. Samtidig ynskjer me å ta i bruk nye produksjonsmetoder og bli inspirert av nye råvarer og rettar, slik ein har gjort langs kysten til alle tider, berre tenk på poteta som blei så viktig for folk i heile landet – Bømlo var ein av stadane i landet som byrja å dyrka potet, med presten Hertzberg i spissen. I dei ulike sesongar vil me servere mat produsert på Bømlo, som pinnekjøt frå Rubbestad eller fisk og skalldyr frå da rika havet rundt øya.

Med kultursal, kinosal, kulturskule, bibliotek og café vil kulturhuset vera ein inspirerande møtestad for alle bømlingar.

Overnatting nær Habbestad rorbuutleige

Habbestad Rorbuutleige har to rorbuer som kan leigast kvar for seg eller saman. Rorbuene ligg usjenert på Steganeset ved innløpet til Urangsvågen, har fin terrasse ved inngangspartiet, god parkering og stor platting på kaien. Like ved rorbuene er det ei lita strand, og ein kan leige båt. Bestilling gjer ein via Dancenter, og er i hovudsak vekesleige laurdag-laurdag. I perioden 1. oktober - 1. april kan ein leige over kortare eller lengre periodar. Leige i denne perioden gjer ein direkte med Habbestad Rorbuutleige: https://www.facebook.com/habbestadrorbuutleigesteganeset

Sjøly rorbuferie er eit sørausstvendt og lunt beliggande feriehus/rorbu i maritim stil med høg standard, på endetomt utanfor Urangsvåg. Det er plass til 6 vaksne og 2 born under 16 år i feriehuset. Det er også mogleg å leige velutstyrte båtar godt eigna for fiske.

Innerst i Straumen hyttegrend har Fjordtun fire rorbuer til utleige - Westside lodges. Dei har alle eigen koseleg terrasse på kaikanten. Det er flott utsikt over sjøen, og frå ei stor flytebrygge kan ein både bade og sole seg, og få tilgang til eigen båt.

Erevik grendatun bubilparkering ligg like ved sjøen ved RV 542, ca 8 km fra kommunesenteret Svortland og ca 10 km fra Brandasund. Maks antall 6 bubilar og hovudsakeleg i vekedagene, då tunet ofte er utleigd til arrangement i helgene (spør kontaktperson). Barnevenleg med leikeplass, ballbinge og badeplass. Fine høve for fisketurer, kajakkpadling og annan vatnsport. I tillegg tilbyr Goddo fine turløyper i flotte naturområder.