Hero image

Turistbedrifter på Bømlo

Hero image

Aasheim rorbuer

Aasheim rorbuer tilbyr overnatting i 4 rorbuer lokalisert innerst i Mækjevik.

Kategoriar
rorbu
Taggar
overnatting
Hero image

A.L. Waage Landhandel (Skjeret Landhandel)

A. L. Waage Landhandel (kjent som Skjeret landhandel) er ein landhandel i Brandasund som har eit svært rikt og variert utval av varer. Viden kjent for heimelaga bollar, og startpunkt for aktivtetane til Brandasund Kultur & Fritid. Dei gamle lokala til landhandelen ligg like ved, og er best kjende som "Nillo på Skjeret". Dette er ein gamal og heilt spesiell landhandel som er ei vandring i kysthistoria og ei reise tilbake i tid her på kaien her i Brandasund. Alt på Skjeret er ope heile året.

Kategoriar
bunkers
leiker
landhandel
daglegvare
sjø & båt
Taggar
bollar
brus
is
bensin
diesel
fiskeutstyr
souvenirar
Hero image

Bømlo Hotell

Treng du over­natting til arbeids­reisa, eller ønskjer eit ferie­opphold på natur­skjønne Bømlo, har du kome til riktig stad. Me tilbyr eit stort utvalg av rom, med kapasitet på opptil fire personar. Alle romma er utstyrt med eige bad. Hos oss får du tilgong til gratis trådlaust internett. Me leige også ut rom for langtidsopphold. Ta kontakt for nærare informasjon. Velkomen til Bømlo Hotell.

Kategoriar
mat
hotell
catering
Taggar
overnatting
konsert
konferanse
hotell
bar
sjenkeløyve
Hero image

Bømlo Kulturhus

Bømlo kulturhus ligg vakkert til like ved Storavatnet og Bliaparken i kommunesenteret på Bømlo. I kulturhuset finn du kulturscene med konsertar og teater, kino, bibliotek, kafe, utstilling, øvingslokaler og møterom. I sommarmånadane finn du turistinformasjonen her, og når du besøker kulturhuset kan du nytte internett, toalettfasilitetar, oppleve kunstutstilling samt lese aviser og låne bøker. Turistvertane kan gje deg tips om andre reisemål i distriktet. Kafeen serverer lunsj og middag i opningstidene og kinoen har faste filmvisningar gjennom sommaren.

Kategoriar
mat
kultur
Taggar
kino
bibliotek
Hero image

Bømlo turistinformasjon

I juli finn du turistinformasjonen i Bømlo kulturhus, her kan du nytte internett, toalettfasilitetar, oppleve kunstutstilling samt lese aviser og låne bøker. Turistvertane kan gje deg tips om andre reisemål i distriktet. Kafeen serverer lunsj og middag i opningstidene og kinoen har faste filmvisningar gjennom sommaren.

Kategoriar
turistinfo
Taggar
Hero image

Brandasund Kultur&Fritid

Kan hjelpa deg til å oppleva det som høver for deg vestalands Brandasund med meir. Ribturar, spektakulære badeturar, Slotterøy fyr, og andre opplevingar i og ved havet.

Kategoriar
aktivitet
tur
Taggar
rib
slotterøy fyr
bading
havgap
kajakk
Hero image

BUA Bømlo

BUA Bømlo, dette er en utstyrssentral hvor en kan låne alt mulig slags fritidsutstyr helt gratis. Denne er åpen både for fastboende og turister. Så her kan en feks låne kajakk og dra på tur ut i holmane. Utstyret kan lånes i en uke

Kategoriar
sport
trening
Taggar
utlån
sportsutstyr
friluftsutstyr
bærekraft
Hero image

Fjordtun

Fjordtun er ei bedrift som leiger ut rorbuer og båtar til turistar som kjem til øyriket Bømlo. Dei tilbyr rorbuer på vestsida av Bømlo (Straumen hyttegrend), og i Innværfjorden.

Kategoriar
rorbu
overnatting
Taggar
fisking
båt
rorbu
Hero image

Gullvegen Gardstun

Garden ligg i gullgruvefeltet på Lykling der Noregs største gullgruveindustri utspant seg på slutten av 1800-tallet. Gullvegen Gardstun har sidan oppstarten av utviklinga (2017) blitt ein særs populær besøksgard og reiselivsdestinasjon. Med fokus og fremming av historia på Lykling, pakka inn med gull, gullvaskeleir, fantastisk kystlandskap, tradisjon, husdyr, yrande gardsliv og aktivitetar tilpassa store og små.

Kategoriar
historisk
mat
turisme
Taggar
gull
gullgraving
dyr
gard
Hero image

Habbestad rorbuutleige

Habbestad Rorbuutleige har to rorbuer som kan leigast kvar for seg eller saman. Rorbuene ligg usjenert på Steganeset ved innløpet til Urangsvågen, har fin terrasse ved inngangspartiet, god parkering og stor platting på kaien. Like ved rorbuene er det ei lita strand, og ein kan leige båt. Bestilling gjer ein via Dancenter, og er i hovudsak vekesleige laurdag-laurdag. I perioden 1. oktober - 1. april kan ein leige over kortare eller lengre periodar. Leige i denne perioden gjer ein direkte med Habbestad Rorbuutleige via deira facebook-side.

Kategoriar
rorbu
Taggar
bading
fisking
båt
overnatting
Hero image

Haugaland Taxi

Haugaland Taxi hentar deg og køyrer deg dit du vil her på Bømlo - det er berre å ringe 08181. På Svortland har ein drosjehaldeplass mellom Jernia og Gullsmio, på torget ovanfor Sparebanken Vest.

Kategoriar
taxi
Taggar
drosjebil
minibuss
Hero image

Hengjo Eigedom

Hengjo Eigedom leiger ut ei sjøhytte på Alvsvåg, med 4 faste soverom med plass til 2 personar i kvart rom, i tillegg til sovesofaer på 3 andre rom. Her er lyst, trivelig og åpent, med fleire stover, kjøken, 2 bad og fantastiske solforhold på heile øya. Her er tv og internett, utemøblar, fleire uteplassar, strand og sjø på alle kantar. Inkludert i prisen er båt og kajakkar, og her er ein fast fortøyd seglbåt som òg kan disponerast om ein treng fleire soveplassar. I båten er det køyer til 7 personer, 3 doble og 1 enkel, bysse med liten kjøkkenkrok.

Kategoriar
Taggar
øy
kajakk
båt
fisking
bading
paradis
bordtennis
overnatting
Hero image

Kulleseidkanalen Gjestehamn

Kulleseidkanalen gjestehamn er ei lun hamn omgitt av vakker natur, berre få minutt frå storhavet, og sentralt plassert midt på Bømlo. Her kan du legga til kai ved ein av våre 40 båtplassar eller komma med bubil og vera på campingområdet vårt. Sjølvsagt er du også velkommen om du kjem i kajakk, på sykkel, til fots eller i bil også :) I Kulleseidkanalen gjestehamn har me ein stor og fin restaurant der du får god tradisjonsmat og lette måltid om du heller ønskjer det. Det er mogleg å leiga lokale til lukka lag, som til dømes bryllup, bursdagar og andre feiringar. Området er oppgradert i 2020 og 2021, så her får du verkeleg slappa av og fylla på i vakre omgjevnadar. Velkommen til Kulleseidkanalen gjestehamn!

Kategoriar
mat
Taggar
kanal
båt
strand
telt
camping
bubil
båthamn
Hero image

Langevåg Bygdatun

Langevåg Bygdatun AS er kultur og idrettsbygget i bygda. Her er det kafe, butikk, bank, lege og helsestasjon, tannlege, fysioterapeut, bedriftshelsetjeneste. Bak Bygdatunet finner du området med store steinalderfunn i Sokkamyra. På framsida over veien ligger Langevåg Gjestehavn, der bygdatunet leverer bunkers. Det er toalett og dusjfasiliteter på Bygdatunet for gjestene i hamna, og på bubilparkeringa.

Kategoriar
bunkers
Taggar
langevåg
kafe
kino
butikk
bank
toalett
dusj
steinalderfunn
båthamn
bubil
historisk
mat
Hero image

Moster Amfi

Moster Amfi er eit kultur-og opplevingssenter på historisk grunn på Moster i Vestland. Her kan du oppleve historia om når kristenretten vart innført i Noreg og besøkje Olav Tryggvason si kyrkje. I tillegg arrangerer me ei rekke kulturopplevingar både på utendørsscena, i amfisalen og i kafeen.

Kategoriar
mat
Taggar
musikal
amfi
moster
geopark
kafe
Hero image

MS Gå På

Me skreddarsyr turar på bestilling for våre kundar. M/S Gå På har serverings- og skjenkeløyve og me tilrettelegg turen etter dåkas ønskje om kva dåke vil ete og drikke og kvar turen skal gå. Båten har blitt brukt til alt frå firmaturer, bryllaup, åremålsdagar, sightseeing, fiske turer o.l.

Kategoriar
langevåg bygdatun
båttur
tur
aktivitet
Taggar
båttur
Hero image

Rysjedals serviceutleige - MS Venemøy

Vi kan tilby turer frå øy til øy med Venemøy, ein 15 m lang charterbåt med passasjerkapasitet på 38 passasjerar. I charterturer eignar den seg best frå 15-25. Venemøy har sjenkeløyve og tre salongar, der to av dei har god utsikt. Båten har i tillegg god dekksplass som gjev moglegheit for å nyte den vakre naturen frå dekk. I vakre Sunnhordland har vi fjordar, samlingar av holmar, attraksjonar og alt i alt ei nydelig og kanskje litt gløymd kystperle. Dette gjev oss eit hav av moglegheiter til å skapa gode og unike opplevingar saman med dykk. For oss er ingen tur for liten, og heller ingen for stor. Ta gjerne kontakt, og kom med dine forslag og ynskjer for turar. Vi på Venemøy skal prøve å skape ei fin oppleving som gjev dykk nye minner det er verdt å ta vare på. Vi gler oss til turar og opplevingar saman i vakre Sunnhordland.

Kategoriar
aktivitet
tur
båttur
Taggar
båttur
hav
charterbåt
øyrike
opplevingar
solnedgong
sjenkeløyve
Hero image

Sjøly rorbuferie

Sjøly rorbuferie tilbyr overnatting i eit sørausstvendt og lunt beliggande feriehus/rorbu i maritim stil med høg standard, på endetomt utanfor Urangsvåg.

Kategoriar
rorbu
Taggar
sjøliv
fiske
overnatting
Hero image

Stiftelsen Baadehuset

Stiftelsen Baadehuset står bak drifta av Baadehuset på Espevær. Huset er både eit minnesmerke og eit museum og «Baades kjøkken» blir brukt som festlokale. Skulestove – fiskeloft - bustadrom – peisestove, møbler og utstyr frå Espevær.

Kategoriar
historisk
museum
kultur
Taggar
sild
skule
sommarkafe
espevær
handel
Merk: Opplev Bømlo brukar informasjonskapslar for å tilby naudsynt nettsidefunksjonalitet, betre brukaropplevinga og analysere trafikken. Ved å bruke nettstaden vår, aksepterer du vår Privacy Policy og lagring av informasjonskapslar.