Skippervik bubilparkering

Opplev

Skippervik bubilparkering

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Skippervik bubilparkering har 16 plassar. Paret som driv staden er sjølv bubilentusiastar, og plassen dei har laga til på Vika er basert på sjølvbetening for gjestene. Skippervik Bobilparkering ligg nær sjø, og like ved hovudvegen, kring fem minuttars køyretid frå Langevåg. I ei bu ved sida av plassen er det laga til rom til å sitja innomhus i sosialt lag om regnet eller myggen skulle vera plagsam.

Kategoriar
bubil
Taggar
bømlo
Opplevingar nær Skippervik bubilparkering

Skippervik Frisbeegolfklubbs 18 holsbane finn du på idylliske Vika, sør på Bømlo. Foto: Bømlonytt

Frå riksveg 541, Vika, fylgjer ein skilt merka "Berge". Det går bilveg fram til Bergehuset på Berge, ein strekning på ca. 0,5 km. Frå Bergehuset går merka sti opp på fjellet. Flott utsiktspunkt på toppen av Bergesfjellet. Skilt merka "Bergesfjellet" syner lettaste vegen. Tek du turen ein klar haustdag, kan du skua utover havet i vest, Sveio over Bømlafjorden i aust, kanskje sjå Steinsfjellet (Haugesund) i sør og Siggjo i nord.

Du kjører på riksveg 541 til søra Bømlo. Ta av mot Andal og du finn stien 50 meter forbi parkeringsplassen ved vegen opp til BVA sitt anlegg på venstre hand eit lite stykke forbi gamle kyrkja. Turen til/frå Kvernavatnet kan du enten gå på ein traktorveg som går frå BVA sitt hus eller du kan gå på den godt merka kyrkjestien via Kvernehuset i Vorlandskogen. Stien anbefalast. Foto: Nils Magne Helle

Vedvika ligg i Vorlandsvågen, like nord for Langevåg, på søraustsida av Bømlo. Her finn du fin badeplass, flytebrygge, toalett, gapahuk, gode parkeringsforhold og fine turmoglegheiter i området rundt. Foto: Toralv Martin Brekke

Turistbedrifter nær Skippervik bubilparkering

Bømlo Taxi tilbyr taxitjenester på Bømlo og omegn. Me tilbyr persontransport, bussruter, skulekjøring, samt pakkekjøring, og disponer rullestolbil.

Langevåg Bygdatun AS er kultur og idrettsbygget i bygda. Her er det kafe, butikk, bank, lege og helsestasjon, tannlege, fysioterapeut, bedriftshelsetjeneste. Bak Bygdatunet finner du området med store steinalderfunn i Sokkamyra. På framsida over veien ligger Langevåg Gjestehavn. Det er toalett og dusjfasiliteter på Bygdatunet.

Velkommen ombord i MS Venemøy, ein charterbåt med passasjerkapasitet på 38 personar. I charterturer eignar den seg best frå 15-25 passasjerar. Venemøy er 15 meter lang, og har tre salongar der to av dei har god utsikt. Båten har i tillegg god dekksplass som gjev moglegheit for å nyte den vakre naturen frå dekk. Vi kan tilby turer frå øy til øy med Venemøy. I vakre Sunnhordland har vi fjordar, samlingar av holmar, attraksjonar og alt i alt ei nydelig og kanskje litt gløymd kystperle. Dette gjev oss eit hav av moglegheiter til å skapa gode og unike opplevingar saman med dykk. For oss er ingen tur for liten, og heller ingen for stor. Ta gjerne kontakt, og kom med dine forslag og ynskjer for turar. Vi på Venemøy skal prøve å skape ei fin oppleving som gjev dykk nye minner det er verdt å ta vare på. Vi gler oss til turar og opplevingar saman i vakre Sunnhordland.

Hummarparken på Espevær er den største i sitt slag i Noreg. Eit unikt byggverk i tre og blikk med dei ulike takhøgdene og utbygga. Ein katedral for "havets kardinal" (hummaren). Hummarparken vart bygd i 1887 av Chr. Bjelland, Stavanger. Han har eit grunnareal på 950 km2. Taket er på 1500 km2. Ta turen inn i parken på flåten!

Overnatting nær Skippervik bubilparkering

Bømlo Båtlag ligger i tilknytning til Langevåg Gjestehavn og har mellom 5-10 gjesteplassar. Her er det vinterope. Bømlo Båtlag ligg like ved ligger Spar butikk, minibank, frisør, kafé og leikeplass, også treningssenter, solarium og buldrerom for born. Dieselpumpe med kortautomat. «Grillhus» på kaien. Det går sommerpatrulje i fellesferien som tar hamneavgift og leverer ut gratis rundstykker, infohefte og avis. Båser merka med grønt skilt er ledig, raudt oppteke. Godt med straumuttak og fleire plasser for å bunkre vatn. Gratis WiFi.

Biekronå er ei gjestehamn på Espevær med 12 båtplassar. Hamnedjupne er maksimalt 3m. Andre fasilitetar: Daglegvare, diesel, dusj, elektriker, ferskvatn, kabel-TV, kafé, leikeplass, mastkran, motorservice,postkontor, slipp, straum, søppelkontainer, tilrettelagt funksjonsh., toalett, tralle, vaskemaskin. Obs: Det er ikkje ope på vinterstid.

Lykling gjestehamn har vanlegvis 10-15 gjesteplassar, men kan lage plass til fleire om naudsynt. Her er det både dusj, toalett og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Bademoglegheiter i hamna. Kafeteria på kaien kvar torsdagskveld fra kl 17.30 heile året. 6 km til butikk, men dagligvarer kan bringes. Det er også eit koseleg selskapslokale for utleige på kaien i hamna. Foto: Nils-Tore Sele, Bømlonytt