Kulleseidkanalen gjestehamn, camping og bubil

Opplev

Kulleseidkanalen gjestehamn, camping og bubil

Type of attraction icon
Type of attraction icon
WorkcationOvernatting levert av  Kulleseidkanalen gjestehamn

Kulleseidkanalen gjestehamn er ei lun hamn omgitt av vakker natur, berre få minutt frå storhavet, og sentralt plassert midt på Bømlo. Her kan du legga til kai ved ein av våre 40 båtplassar eller komma med bubil og vera på campingområdet vårt. Sjølvsagt er du også velkommen om du kjem i kajakk, på sykkel, til fots eller i bil også :) I Kulleseidkanalen gjestehamn har me ein stor og fin restaurant der du får god tradisjonsmat og lette måltid om du heller ønskjer det. Det er mogleg å leiga lokale til lukka lag, som til dømes bryllup, bursdagar og andre feiringar. Området er oppgradert i 2020 og 2021, så her får du verkeleg slappa av og fylla på i vakre omgjevnadar. Velkommen til Kulleseidkanalen gjestehamn!

Besøk

kulleseidkanalen-gjestehamn.no

Kulleseidkanalen gjestehamn er ei lun hamn omgitt av vakker natur, berre få minutt frå storhavet, og sentralt plassert midt på Bømlo. Her kan du legga til kai ved ein av våre 40 båtplassar eller komma med bubil og vera på campingområdet vårt. Sjølvsagt er du også velkommen om du kjem i kajakk, på sykkel, til fots eller i bil også. I Kulleseidkanalen gjestehamn har me ein stor og fin restaurant der du får god tradisjonsmat og lette måltid om du heller ønskjer det. Området er oppgradert i 2020 og 2021, så her får du verkeleg slappa av og fylla på i vakre omgjevnadar. Velkommen til Kulleseidkanalen gjestehamn! Foto: Geir Einarsen.

Kategoriar
båthamn
bubil
Taggar
bømlo
Opplevingar nær Kulleseidkanalen gjestehamn, camping og bubil

Kulleseidkanalen ligg ved tettstaden Finnås, midt på Bømlo, og er eitt av dei meste kjende landemerka i kommunen. Å reisa gjennom Kulleseidkanalen med båt eller kajakk, er ei oppleving av dei sjeldne. Kanalen vart ferdigstilt i 1856 for å lette båtane si ferd mellom austsida og vestsida av Bømlo, og uutvida og gjort djupare og breiare i perioden 1927-1935. I dag er kanalen ein liten handels- og turiststad, med blant anna daglegvareforretning, bensinstasjon og ei populær gjestehamn med tilhøyrande fasilitetar og restaurant. Årleg har dei òg ein liten festival på området, nemleg Kanaldagane https://kanaldagane.no/. Kulleseidkanalen er ein av fleire kanalar som er fine å reise gjennom når ein er på rundtur på Bømlo til sjøs. Foto: Torolv Martin Brekke.

Kulleseid Telegrafstasjon vart i 1997 pussa opp av Norsk Telemuseum. I dag er det ei lita utstilling her som fortel historia om telegrafstasjonen. Museet har ikkje faste opningstider, så eit besøk må avtalast på førehand. For å komma seg til Kulleseid kan ein enten bruka bil eller båt. Det raskaste er nok bil, litt avhengig av kor du bur, men båt er absolutt den finaste måten. Berre eit steinkast frå Kulleseid Telegrafstasjon ligg Kulleseidkanalen gjestehamn. Her er det mulig å leggja båten medan ein vitjar telegrafstasjonen.

I 1856 vart det bygd ein kanalvaktarbustad ved Kulleseidkanalen. Fyrste kanalvaktar var Jacob Wrede Zahl. Kanalvaktarbustaden står framleis på same staden og er i desse dagar i ferd med å verta omgjort til museum.

Hos Hjelland Galleri og Rammeverkstad på Sakseid, held ekteparet og kunstnarane Johanna og Johannes Hjelland hus. Her finn ein eit utval av deira eigen kunst. Johanna sine bilete er akryl på lerret, med motiv av til dømes blomar, byar, ugler og englar. Johannes sine bilete er ei blanding av ulike trykkteknikkar og collage, gjerne kombinert med dikt. I tillegg til galleriet driv dei rammeverkstad, der ein kan få ramma inn bileter (rammer, passepartout og glas).

Turistbedrifter nær Kulleseidkanalen gjestehamn, camping og bubil

Kulleseidkanalen gjestehamn er ei lun hamn omgitt av vakker natur, berre få minutt frå storhavet, og sentralt plassert midt på Bømlo. Her kan du legga til kai ved ein av våre 40 båtplassar eller komma med bubil og vera på campingområdet vårt. Sjølvsagt er du også velkommen om du kjem i kajakk, på sykkel, til fots eller i bil også :) I Kulleseidkanalen gjestehamn har me ein stor og fin restaurant der du får god tradisjonsmat og lette måltid om du heller ønskjer det. Det er mogleg å leiga lokale til lukka lag, som til dømes bryllup, bursdagar og andre feiringar. Området er oppgradert i 2020 og 2021, så her får du verkeleg slappa av og fylla på i vakre omgjevnadar. Velkommen til Kulleseidkanalen gjestehamn!

Finnås Marina sel båtutstyr, alt fra motordeler til fiskeutstyr, is og brus. Dei sel også Blyfri 95 og Diesel.

Hos Hjelland Galleri og Rammeverkstad på Sakseid, held ekteparet og kunstnarane Johanna og Johannes Hjelland hus. Her finn ein eit utval av deira eigen kunst. Johanna sine bilete er akryl på lerret, med motiv av til dømes blomar, byar, ugler og englar. Johannes sine bilete er ei blanding av ulike trykkteknikkar og collage, gjerne kombinert med dikt. I tillegg til galleriet driv dei rammeverkstad, der ein kan få ramma inn bileter (rammer, passepartout og glas).

Garden ligg i gullgruvefeltet på Lykling der Noregs største gullgruveindustri utspant seg på slutten av 1800-tallet. Gullvegen Gardstun har sidan oppstarten av utviklinga (2017) blitt ein særs populær besøksgard og reiselivsdestinasjon. Med fokus og fremming av historia på Lykling, pakka inn med gull, gullvaskeleir, fantastisk kystlandskap, tradisjon, husdyr, yrande gardsliv og aktivitetar tilpassa store og små.

Overnatting nær Kulleseidkanalen gjestehamn, camping og bubil

Lykling gjestehamn har vanlegvis 10-15 gjesteplassar, men kan lage plass til fleire om naudsynt. Her er det både dusj, toalett og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Bademoglegheiter i hamna. Kafeteria på kaien kvar torsdagskveld fra kl 17.30 heile året. 6 km til butikk, men dagligvarer kan bringes. Det er også eit koseleg selskapslokale for utleige på kaien i hamna. Foto: Nils-Tore Sele, Bømlonytt

Campingplass ved Innvær. Plass til bubil og 2 hytter til utleige

På Bryggekanten på Innvær har Fjordtun to store, moderne feriehus, eller rettare sagt hytter som er bygga i tradisjonell rorbustil. Desse rorbuene ligg lunt til ved den idylliske Innværfjorden på østsida av øykommunen Bømlo.