Hero image

Opplev

Rorbuer i Urangsvåg

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Habbestad Rorbuutleige har to rorbuer som kan leigast kvar for seg eller saman. Rorbuene ligg usjenert på Steganeset ved innløpet til Urangsvågen, har fin terrasse ved inngangspartiet, god parkering og stor platting på kaien. Like ved rorbuene er det ei lita strand, og ein kan leige båt. Bestilling gjer ein via Dancenter, og er i hovudsak vekesleige laurdag-laurdag. I perioden 1. oktober - 1. april kan ein leige over kortare eller lengre periodar. Leige i denne perioden gjer ein direkte med Habbestad Rorbuutleige.

Opplevingar nær Rorbuer i Urangsvåg
Steganesvatnet

Lang Goddevegen på veg ut mot Brandasund, finn ein Steganesvatnet. Her er det fint å bade om sommaren, og skeise om vinteren. Bading er best når vatnet er blitt litt varmt, og skeising når det er trygg is på vatnet. Nærmaste offentlege parkeringsplass er ved Kinnestraumen bru.

Fiskeplass ved «Litlabruno» på Goddo

Ved Litlabruno på Goddevegen, er ein fin fiskeplass frå land, der ein kan få torsk, lyr, pale, sjøaure og makrell. Mogleg å parkere ved Kinnestraumen bru, som er litt lengre nord. Hugs å ta godt vare på kaien, skyll vekk eventuelle fiskerestar, og rydd opp etter deg før du går.

Djupedalen

Djupedalen er ein offentleg badeplass i Urangsvågen. Her er ei flott og langgrunn strand med krabbar, sjøstjerner og andre skattar for dei minste, og moglegheitar for å hoppe og stupe for dei som er kome litt lengre i badelivet. På land er det eit fint tilrettelagt område der ein kan sitje og sole seg og drikke kaffi, og bord og benker for dei som likar det. Ein kan òg fiske frå land på nordsida av stranda. Nokre parkeringsplassar nede ved stranda, og nokre ved hytteavfalls-kontainerane like ved, og i stranda er det fint å komme seg ut på kajakktur. Fint om ein tenkjer at plassane nede ved stranda kan vere tilgjengelege til dei som er rørslehemma, slik at dei og lettare kan kome seg til stranda for eit bad om dei ønskjer.

Plassaholmen

Nordaust i Barmane finn du idylliske Plassaholmen, med flott kai, flytebrygger, lune viker og små grusstrender omkransa av bjørk og pil.

Overnatting nær Rorbuer i Urangsvåg
Sjøly rorbuferie

Sjøly rorbuferie er eit sørausstvendt og lunt beliggande feriehus/rorbu i maritim stil med høg standard, på endetomt utanfor Urangsvåg. Det er plass til 6 vaksne og 2 born under 16 år i feriehuset. Det er også mogleg å leige velutstyrte båtar godt eigna for fiske

Rorbuer på vestsida av Bømlo

Innerst i Straumen hyttegrend har Fjordtun fire rorbuer til utleige - Westside lodges. Dei har alle eigen koseleg terrasse på kaikanten. Det er flott utsikt over sjøen, og frå ei stor flytebrygge kan ein både bade og sole seg, og få tilgang til eigen båt.

Erevik grendatun bubilparkering

Erevik grendatun bubilparkering ligg like ved sjøen ved RV 542, ca 8 km fra kommunesenteret Svortland og ca 10 km fra Brandasund. Maks antall 6 bubilar og hovudsakeleg i vekedagene, då tunet ofte er utleigd til arrangement i helgene (spør kontaktperson). Barnevenleg med leikeplass, ballbinge og badeplass. Fine høve for fisketurer, kajakkpadling og anna vatnsport. I tillegg tilbyr Goddo fine turløyper i flotte naturområder.