Hero image

Opplev

Marine Profile

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Marine Profile er eit allsidig profileringsbyrå med fokus på kvalitet og service, som arbeider for å gje våre oppdragsgjevarar den totalløysinga som passer for dei. Me er ein leverandør innan skilt, merking, profilering, bildekor, firmagåver med personleg preg, grafisk design, trykk og nettsider. I tillegg har me alt innan arbeidsklede, verneustyr, fritidstøy, gåveartiklar og verktøy. Kom innom, eller sjekk ut vår nettbutikk - me sender varer over heile landet, og tilbyr meget fleksible løysingar!

Opplevingar nær Marine Profile
Vedvika

Vedvika ligg i Vorlandsvågen, like nord for Langevåg, på søraustsida av Bømlo. Her finn du fin badeplass, flytebrygge, toalett, gapahuk, gode parkeringsforhold og fine turmoglegheiter i området rundt.

Gapahuken ved Vorlandsaga

Kjør sørover på riksvei 541. Kjør inn mot Andal og litt forbi Vedvikvatnet og ta til høgre og kjør mot Vorlandsaga (skilt merka Bremnes Seashore). Parker ved Hattasteinen eller kjør til endes og parker på høgre sida av vegen (ikkje kjør inn på anlegget til Bremnes Seashore). Gå attende på vegen til du får skilt med merka sti til Vorlandsaga. Her har Barnas Turlag Langevåg bygd ny flott gapahuk også. Flott stad. Gå på sti og vegen attende til parkeringsplassen. Foto: Nils Magne Helle

Kvernavatnet, Langevåg

Du kjører på riksveg 541 til søra Bømlo. Ta av mot Andal og du finn stien 50 meter forbi parkeringsplassen ved vegen opp til BVA sitt anlegg på venstre hand eit lite stykke forbi gamle kyrkja. Turen til/frå Kvernavatnet kan du enten gå på ein traktorveg som går frå BVA sitt hus eller du kan gå på den godt merka kyrkjestien via Kvernehuset i Vorlandskogen. Stien anbefalast. Foto: Nils Magne Helle

Leikeplassen ved Langevåg Barnehage

Leikeplassen ved Langevåg barnehage er eit kjekt område med ulike leikeapparat.

Overnatting nær Marine Profile
Langevåg gjestehamn

Velkommen til Langevåg Gjestehavn og Bømlo båtlag gjestehamn. Her kan du vere heile året; òg om vinteren. Gjestehamn ligg like ved ligger daglegvarebutikk, minibank, kafé og leikeplass, også treningssenter, solarium og buldrerom for born. Dieselpumpe med kortautomat. «Grillhus» på kaien. Det går sommerpatrulje i fellesferien som tar hamneavgift, og deler ut informasjon mv. Båser merka med grønt skilt er ledig, raudt oppteke. Godt med straumuttak og fleire plasser for å bunkre vatn. Gratis WiFi.

Langevåg bubilparkering

I bakkant av Langevåg Bygdatun finn du Langevåg bubilparkering. Her har du tilgang til fasilitetar som straum, wc, dusj og vaskemaskin. Du finn daglegvarebutikk, treningstilbod og kafé like ved. Velkommen til eit triveleg opphald!

Biekronå gjestehamn

Biekronå er ei gjestehamn på Espevær med 12 båtplassar. Hamnedjupne er maksimalt 3m. Andre fasilitetar: Daglegvare, diesel, dusj, elektriker, ferskvatn, kabel-TV, kafé, leikeplass, mastkran, motorservice, postkontor, slipp, straum, søppelkontainer, tilrettelagt funksjonsh., toalett, tralle, vaskemaskin. Obs: Det er ikkje ope på vinterstid.

Lykling gjestehamn

Lykling gjestehamn har vanlegvis 10-15 gjesteplassar, men kan lage plass til fleire om naudsynt. Her er det både dusj, toalett og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Bademoglegheiter i hamna. Kafeteria på kaien kvar torsdagskveld fra kl 17.30 heile året. 6 km til butikk, men dagligvarer kan bringes. Det er også eit koseleg selskapslokale for utleige på kaien i hamna. Foto: Nils-Tore Sele, Bømlonytt