Kulleseidkanalen gjestehamn er ei lun hamn omgitt av vakker natur, berre få minutt frå storhavet, og sentralt plassert midt på Bømlo. Her kan du legga til kai ved ein av våre 40 båtplassar eller komma med bubil og vera på campingområdet vårt. Sjølvsagt er du også velkommen om du kjem i kajakk, på sykkel, til fots eller i bil også :) I Kulleseidkanalen gjestehamn har me ein stor og fin restaurant der du får god tradisjonsmat og lette måltid om du heller ønskjer det. Det er mogleg å leiga lokale til lukka lag, som til dømes bryllup, bursdagar og andre feiringar. Området er oppgradert i 2020 og 2021, så her får du verkeleg slappa av og fylla på i vakre omgjevnadar. Velkommen til Kulleseidkanalen gjestehamn!