Djupedalen er ein offentleg badeplass i Urangsvågen. Her er ei flott og langgrunn strand med krabbar, sjøstjerner og andre skattar for dei minste, og moglegheitar for å hoppe og stupe for dei som er komen litt lengre i badelivet. På land er det eit fint tilrettelagt område der ein kan sitje og sole seg og drikke kaffi, og bord og benker for dei som likar det. Noker parkeringsplassar nede ved stranda, og nokre ved hytteavfalls-kontainerane like ved. Fint om ein tenkjer at plassane nede ved stranda kan vere tilgjengelege til dei som er rørslehemma, slik at dei og lettare kan kome seg til stranda for eit bad om dei ønskjer.